Minneord
Per Egil Hegge (1940–2023)
Per Egil Hegge då han presenterte biografien sin om kong Harald i 2006.
Foto: Morten Holm / NTB
Hjå Per Egil møtte eg to personlegdomar fletta inn i kvarandre. På den eine sida ein mann av verda, ein internasjonal reporter, som hadde gjort så mange journalistiske bragder og vunne heidersprisar for ei rekke av dei. På den andre sida kunne eg støyta på bygdeguten frå Inderøy, som sa det på sitt vis i gravferda til kunstnaren og sambygdingen Nils Aas: «Du ska våttå kor du kjæm ifrå, åsså om du itj ska vårrå der aill din dag.»
Per Egil var stolt av heimstaden, rik som bygda var på historie og kulturarv, og han forklara meg at ein skulle leita lenge for å finna ein fagrare plass.
Han voks opp i ein heim som var djupt prega av folkeopplysing og lokal kultur. I familien var det målsak, fråhaldssak og frilyndt kristendom som rådde grunnen. Både far og mor var lærarar, og dei avløyste kvarandre i å stilla opp for Venstre i heradsstyret. Far var klokkar attåt i Sakshaug kyrkje. Mor skreiv eit par barnebøker med borna som testpublikum, og far gav ut lokalhistoriske skrifter. Det var til stor sorg for dei då nynorsken måtte gje tapt i Inderøy og andre bygder i Trøndelag. Sund folkehøgskule var det vidgjetne kultursenteret på staden, der kjende namn frå diktarkunst og åndsliv kom på vitjing. Frå tidleg alder var son til læraren blant tilhøyrarane i salen.
Per Egil spela fiolin og var ein ihuga skihoppar, med større framgang i skibakken enn med fela. Heime sat han attmed radioen og saug inn både musikken og nyhende frå verda der ute. Han heldt fast ved nynorsk som hovudmål fram til artium på Steinkjer landsgymnas. «Nynorsk var hjartespråket hans, og det tok han attende med spalta si i Dag og Tid», seier systera Sigrun.
I Aftenposten var det bokmålet som gjaldt. Han vart ein påpasseleg vaktar av det korrekte riksmålet både med si mykje omtykte språkspalte og med sine eigne slagferdige tekstar.
Om lag femti år har gått sidan eg vart kjend med Per Egil. Det meste av den tida arbeidde vi saman i avisa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.