Pisa-gjespet

Den fyrste Pisa-granskinga skaka Skule-Noreg. No ligg vi dårlegare an.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner er uroleg for kjønnsgapet i lesing. Innvandrarborna snakkar han mindre om. Her frå framlegginga av Pisa på Jordal skole i Oslo.
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner er uroleg for kjønnsgapet i lesing. Innvandrarborna snakkar han mindre om. Her frå framlegginga av Pisa på Jordal skole i Oslo.
Publisert

Før den fyrste Pisa-granskinga av norske femtenåringar som kom i 2001, var det nokså brei semje om at Noreg hadde verdas beste skule. Det hadde vi ikkje. Vi var dårlege i rekning og middelmåtige i naturfag og lesing. Det førte til ei stor sjølvransaking, kunnskapslyft og mykje meir pengar til norsk skule. 18 år seinare har vi fått ei ny gransking. Baard Meidell Johannesen har tidlegare arbeid med kunnskapsfeltet for NHO. Han har òg vore tilsett i det som då var Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

– Korleis gjekk det denne gongen?

– Heilt flatt. Inga endring. Ja, det har gått opp og ned gjennom åra, og det var ein tendens ei tid til at det gjekk litt betre. Men i det store og heile er det jamt.

– Men fleire har fått fritak?

– Ja, det er det einaste feltet med ein klar auke. Dei aller svakaste vert stadig fleire. Det skjuler truleg ein tydeleg og reelle læringsnedgang i kullet. Dei har fjerna dei 7,9 prosent svakaste frå granskinga. Dei har altså ikkje vorte testa. I den fyrste granskinga var fritaksprosenten på 2,7. Vi er no mellom dei landa i OECD som har det høgste fritaket.

– Kva med dei med innvandringsbakgrunn, det er vel der den store endringa har kome?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement