JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

– Eit moralsk korrupt system

– Migrasjonssystemet i Europa er ein katastrofe, og det er på mange vis eit moralsk korrupt system, seier Kristin Clemet, leiar i Civita.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: CF-WESENBERG

Foto: CF-WESENBERG

7182
20240705
7182
20240705

ottar@dagogtid.no

I ein kronikk i Aftenposten måndag 1. juli skreiv ho at det europeiske asylsystemet har gått sund. Delvis støttar ho den nederlandske sosiologen og professoren Ruud Koopmans. I fjor kom boka hans Det europæiske asyllotteri på dansk. Der omtalar han migrasjonssystemet som det mest dødbringande i verda og meiner at det er ein humanitær og moralsk skandale. Han viser til at det ikkje er dei flyktningane som treng det mest, som får asyl eller opphald i Europa. Derimot er det ofte unge, friske menn frå relativt sett betrestilte familiar, som kjøper seg reise til Europa hjå kriminelle menneskesmuglarar.

– Det er ikkje moralsk høgverdig å la fleire titusen døy på ferda til Europa. Mange når fram, og det går bra for somme, men andre har ikkje lovleg opphald og lever nærast i fornedring. Det er eit system som lurer menneske opp i stry, og då må me sjå etter eit anna system, seier Clemet.

Ho nemner tre kategoriar: arbeidsinnvandrarar, flyktningar og familieinnvandrarar.

– I Noreg har me arbeidsinnvandring frå EØS-området, men for dei som kjem utanfrå, er det i utgangspunktet umogleg å koma inn om du ikkje kvalifiserer til asyl. Det finst berre ei bitte lita opning for arbeidsinnvandring for folk utanfor EØS, og spørsmålet er om systemet kan byggjast om slik at det kan fungera betre og det kan verta lettare å koma inn som arbeidsinnvandrar.

Clemet har delteke i den norske innvandringsdebatten i 30 år, og opp gjennom åra har ho skrive mykje om temaet. No vedgår ho å ha vore for optimistisk om korleis integreringa og inkluderinga skulle gå – både økonomisk og kulturelt.

– Problema som er knytte til innvandring, kjem litt i rykk og napp – på uventa vis – avhengig av situasjonen i verda. Når ei «rute» vert opna, kjem det stadig fleire migrantar. Det vert fort litt lappeteppepolitikk, der ein prøver å stramma inn når det skjer noko, men det er svært vanskeleg når kvart land prøver å handtera dette åleine. Det krevst samordning. Mange har gjeve uttrykk for det på ulikt vis, men samstundes vert det fort ein sensitiv eller betent politisk debatt som potensielt kan infiltrerast av framandfiendtlege haldningar eller stemplast som verdiposering, som eg sjølv har drive med.

I det eine valet etter det andre i Europa har dei høgreekstreme partia stor framgang, og Clemet slår fast at me ikkje må lata dei framandfiendtlege leggja premissane for innvandringsdebatten.

– Korleis skal me unngå det?

– Ved at folk som ikkje kan mistenkjast for å ha den typen haldningar, melder seg på. Professor Grete Brochmann, med sosialdemokatisk bakgrunn, har leia to utval om migrasjon og integrering, og ho har vore svært viktig for debatten. Ingen peikar henne ut som ytterleggåande eller hevdar at ho har framandfiendtlege haldningar. Også tidlegare direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) Frode Forfang har vore viktig.

– Nyleg gjekk Unge Høgre inn for å seia nei til å ta imot kvoteflyktningar. Er du einig?

– Nei, men eg synest at Unge Høgre tok opp ei viktig problemstilling, og at poenget er lite så lenge landa kan seia ja til 0 eller 50 overføringsflyktningar. Det finst land som tek ingen, og Danmark som tek imot om lag 200, som det stort sett er semje om frå venstre til høgre. Me veit at det ikkje går så bra for dei som flyktar, eller for samfunna våre, slik som mange håpa og trudde. Og det er Sverige eit tydeleg døme på. Mange var stolte under den syriske flyktningbølgja då den svenske statsministeren Fredrik Reinfeldt sa at «me må opna hjarta våre», og då Angela Merkel sa at «me greier dette». Mykje tyder på at dei ikkje hadde heilt rett.

– Stemmer det at emigrasjonsforskaren Koolmans meiner at Europa må stengja grensene og gjennomføra asylbehandlinga i mottak utanfor Europas grenser?

– Koolmans går meir etter den australske ordninga, der migrantbåtar ikkje får leggja til land og asylprosessen må skje andre stader. Det liknar litt på Rwanda-ordninga, men det er ikkje noka god løysing at du først skal koma deg til England eller til Danmark, for så å verta send til Rwanda. Australia hindrar, så vidt eg veit, at du først kjem til landet, for så å verta send ein annan stad.

Clemet meiner at me her i landet må ta migrasjonsdebatten meir på alvor, ikkje berre skyta på kvarandre med moralske merkelappar.

– Eg trur det er forståing for det i alle parti. Me ser kva som skjer i Sverige, og alle parti er redde for at gjengkriminaliteten skal koma hit i større grad enn hittil. Eg trur at dei politiske partia er meir samstemde no enn for nokre år sidan. Det er ei felles erkjenning av at ein må føra ein strammare politikk enn før. Når generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen omtalar Unge Høgre som egoistiske nasjonalistar, så bit det ikkje lenger slik det gjorde før.

Clemet viser til svensk dokumentasjon på at det korrupte miljøet infiltrerer og manipulerer dei demokratiske institusjonane.

– Det er verkeleg skummelt. Det ligg føre ein rapport om det i Sverige, og det er ein debatt om det i Danmark. Og det må vera ein augeopnar. I fleire år har Danmark hatt ein mykje strengare immigrasjons- og integreringspolitikk enn Noreg og særleg Sverige. Dei har hatt grensekontrollar, og tidleg innførte dei aldersgrense for å gifta seg og stifta familie over landegrensene. Den som ville gifta seg, måtte vera over 24 år og ha ei viss inntekt. Det har har gjeve resultat, og det har vorte mindre henting av ektefellar frå utlandet.

Clemet viser til det danske valet til Europaparlamentet, der Socialistisk Folkeparti (SF) vart det største partiet – til stor overrasking for alle.

– Dette skjedde i motsetnad til dei fleste andre land der den ytre høgre-sida gjekk fram, men dette er kan henda av di innvandringsdebatten har fått rom i Danmark, og at SF er samd i den strenge innvandringspolitikken.

Clemet meiner at det her i landet er to ting me bør diskutera i integreringsdebatten.

– Det eine er busetjing, som har vore vellukka i Noreg kontra Sverige, der innvandrarane har kunna busetja seg der dei ville. Det har ført dei dit der venene bur, og det har skapt problematiske parallellsamfunn. I Noreg har ikkje innvandrarane kunna busetja seg der dei ville, og først etter ei tid har dei kunna flytta. Dessutan eig mange innflyttarar til Noreg bustadene sine, og det er eit ekstremt godt integreringstiltak. Dei vert mykje meir opptekne av sitt eige lokalsamfunn, medan nykomarane vert stappa inn i leigebustader i Sverige. Då kan det lett gå heilt gale av di ingen kjenner noko ansvar.

Clemet meiner også at forslaget om «innslusingsløn» er verdt å diskutera.

– Det skal brukast for å slusa innvandrarar inn i arbeidslivet, slik at dei får opplæring. Me har forslag om at i til dømes to år kan innvandrarar få litt lågare løn enn andre av di dei ikkje kan språket like godt og har litt dårlegare kompetanse. Det er eit kontroversielt forslag av di det vert hevda at det vil skapa ein A- og B-arbeidsmarknad, men det er no mykje A og B når ein går arbeidsledig òg, seier Kristin Clemet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er eit system som lurer folk opp i stry.

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis