Eit byråkratstyrt budsjett
Det nye statsbudsjettet gjev eit meir harmonisk skattesystem og gjer arbeid meir lønsamt, nett som byråkratane i Finansdepartementet vil ha det.
Ting kan, som det heiter, tyda på at Trygve Slagsvold Vedum vert ein litt annleis finansminister enn Siv Jensen var. Ja, ting kan til og med tyda på at Jonas Gahr Støre vert ein litt annleis statsminister enn Erna Solberg var. Nei, vi snakkar ikkje om politikk generelt, men om finanspolitikk. Finanspolitikk i stort er å styra statsbudsjetta på basis av stoda i den generelle økonomien.
Dette er ein arv etter den store økonomen John Maynard Keynes, skaparen av moderne makro- og samfunnsøkonomi. Ja, han laga ei rekkje nye omgrep og styringsparameter som er i bruk den dag i dag, men den mest kjende og no banale innsikta han etterlét seg, var at når den generelle økonomien går godt, skal ei regjeringa nytta mindre pengar for slik å hindre overoppheting. Når økonomien derimot går dårleg, skal regjeringar føra meir pengar inn i økonomien, for slik å hindra at økonomiske ressursar, som i alle hovudsak er arbeidskraft, vert ståande ubrukte.
Slik er det
Dette er den grove styringsreiskapen norske finansministrar med varierande suksess og varierande støtte frå varierande statsministar har nytta sidan krigen. Soga kjem nok til å seia at korkje Erna Solberg eller Siv Jensen var særmerkt gode i den vanskelege delen av Keynes’ regelverk: å halda att i gode tider. Det vert rett nok motsvara av at dei var eksepsjonelt gode til å nytta pengar når norske økonomi gjekk litt dårleg.
Som vi veit, er det om hausten statsbudsjett vert ferdigskrivne og lagde fram. Hausten 2013 og hausten 2021 er forunderleg like om vi ser på norsk økonomi. Det tek, som vi no har oppdaga, mykje lengre tid å koma seg ut av ei finanskrise enn ei koronakrise, men hausten 2013 var finanskrisa over. Arbeidsløysa var igjen låg, oljeprisen høg, konsumet endå høgre, og leverandørindustrien gjekk godt.
Hausten 2021 er arbeidsløysa nær rekordlåg, arbeidsdeltatinga høg, og konsumet har teke laust. Og ikkje minst oljeprisen, om vi inkluderer gassen, gjer at Noreg har eit høgre overskot på handels- og driftsbalansen med utlandet enn nokon gong før i norsk soge.
Klassiske døme
Både hausten 2013 og hausten 2021 er klassiske døme på at ei regjering bør halda att på pengebruken det komande året. Nei, ingen norske regjeringar har vore gode til å halda att på pengebruken etter at Oljefondet verkeleg byrja å veksa etter finanskrisa, men både regjeringa Stoltenberg og regjeringa Solberg, då dei la fram sine siste statsbudsjett, var litt mindre ekspansive enn handlingsregelen gav opning for.
Det er to måtar å tolka slike meir eller mindre stramme budsjett på: som fornuftig finanspolitikk eller som snubletrådar. Om ei ny regjering, når dei legg fram tilleggsproporsjonen om endringar i statsbudsjettet, aukar pengebruken, kan den nye opposisjonen seia at regjeringa er økonomisk uansvarleg. Om den nye regjeringa ikkje aukar pengebruken, vel, då har opposisjonen tapt det våpenet.
Kva gjorde Siv Jensen? Og her lyt vi hugsa at Oljefondet var mykje mindre då Siv Jensen tok over 2013. Då var Oljefondet midt på året 5000 milliardar kroner. I år var det på 11.700 milliardar på same dato. Jensen tydde til eit prokuratorknep. Samanlikna med budsjettet som Stoltenberg II og Sigbjørn Johnsen la fram hausten 2013, auka ho pengebruken med 4 milliardar kroner. Stort sett alt gjekk til skattelette. Ho sa at det kunne ho gjera av di Oljefondet hadde gått opp i verdi i tredje kvartal. Få vil seia at det er god finanspolitikk å styra etter tilfeldig svingingar kvartal for kvartal.
Ny tradisjon
Regjeringa Solberg innførte i tillegg ein ny tradisjon i norsk statsskikk. Ho nytta reviderte statsbudsjett nær konsekvent til å auka pengebruken og finna nye gode føremål. Men så, i haust, skifta regjeringa Solberg ham. Ho la fram eit statsbudsjett for 2022 som kutta pengebruken med nesten 113 milliardar samanlikna med i år, og gav ein kraftig såkalla redusert budsjettimpuls.
Ja, dette var sjølvsagt heilt naturleg og rett, etter den store pengebruken under koronaen, men dei nytta ikkje eingong heile handlingsrommet som handlingsregelen gjev, at ein kan taka ut 3 prosent av Oljefondet. Dei nytta «berre» 2,6 prosent. Sagt på ein annan måte: Her kunne Støre og Vedum ha gjort som Solberg og Jensen gjorde då dei tok over: Dei kunne ha nytta meir pengar enn forgjengaren hadde føreslege i budsjettframlegget sitt.
No kan det seiast at Jan Tore Sanners framlegg truleg burde ha vore strammare, sett i lys av både det store overforbruket under pandemien og kor godt norsk økonomi går. Inflasjonssignala og kapasitetsproblem i norsk økonomi er mange.
Vedum overraska
Det er no så. Poenget her er at Vedum har lagt fram eit budsjettforslag som ikkje nyttar éi ekstra oljekrone samanlikna med det Sanner kom med. Regjeringa legg opp til å taka ut 300 milliardar direkte frå Oljefondet, nett som Sanner føreslo. Og denne ramma, seier Vedum, i motsetnad til det Jensen sa og gjorde, vil han skal liggja fast, også etter tingingar med SV. Om han, når førsumaren kjem, heller ikkje nyttar revidert statsbudsjett til auka utgifter og nye tiltak, lyt vi seia at norsk statsskikk og finanspolitikk er attende på meir kjende spor.
Lukkast Vedum og Støre her, har dei altså fråteke opposisjonen og særleg Høgre eit potent våpen: å kunne skulda den nye regjeringa for å føra ei uansvarleg finanspolitikk – det tradisjonelt sett sterkaste våpenet i arsenalet til Høgre. Den setninga Vedum likevel, får vi tru, har hatt størst glede av å få inn i sitt framlegg til nytt statsbudsjett, er nok denne: «Fra 2013 til 2019 økte offentlige utgifters andel av BNP fra 56,4 pst. til 59,9 pst.» Til og med før covid-19 hadde altså Høgre late staten verta mykje større på kostnad av privat sektor.
Tek frå dei rike
Når ein òg veit at Vedum berre har hatt tre og ei halv veke på seg til å laga eit nytt statsbudsjettet, er det i tillegg påtakeleg kor likt budsjettet har vorte det Sp og Ap lovde i Hurdalsplattforma. Ja då, mange mindre grupper har grunn til å vera skuffa, sett i lys av det særleg Vedum lovde i valkampen, men her ser vi på dei større linene og korleis «vanlege» folk kjem ut.
Det største grepet er at det samla skattetrykket på inntektsskatt ikkje går opp, det går ned, og det same gjer avgiftene for «vanlege» folk. Samanlikna med Sanners framlegg går avgiftene ned med 2,3 milliardar, og det altså samstundes som skatt på arbeid vert redusert. Det samla skattetrykket, derimot, går opp med 4,6 milliardar, Det er ikkje til å koma forbi: Dette er eit budsjett som tek frå dei rikaste.