JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

11503
20240913

Bakgrunn

Barnelova er til revidering.

Barnelovutvalet la fram rapporten sin i 2020.

Nye forslag frå Barne- og familiedepartementet har vore på høyring.

Forslaga omfattar mellom anna avgjerdsrett over barn og flytting med barn.

Departementet tek sikte på å leggje fram forslag til ny barnelov for Stortinget våren 2025.

Barnelova

christiane@dagogtid.no

Ein januardag i 1997 kom Harald heim frå jobb til tomt hus. Utan varsel hadde kona tømt sparekontoen og teke den to år gamle sonen deira med seg frå heimen i Pasvik til Oslo, der ho kom frå. Alt han stod igjen med av familielivet deira, var eit kortfatta brev.

«Kjære Harald. Vårt ekteskap er over. Jeg har tatt Tor med meg, og vi flytter til Oslo. Takk for alt. Caroline.»

Kampen Harald må kjempe for å vere i lag med sin eigen son, er fortald i større detalj til Camilla Fossum Pettersen i boka Samværssabotasje (2017). Slike forteljingar frå fedrar, og i enkelte tilfelle mødrer, som mot sin vilje har mista kontakten med barna sine, har sett lys på eit alvorleg problem: Ei mor eller ein far som vil sabotere samværet mellom barnet og den andre forelderen, kan gjere dette utan at det straffar seg.

Skal endre lova

Historier om samværssabotasje er ein del av bakteppet for at regjeringa i Hurdalsplattforma varslar ei oppdatert barnelov, der målet er eit likestilt foreldreskap.

For foreldre som ikkje bur i lag eller skal skilje lag, er det lurt å gjere seg kjend med barnelova. Dei er, som dei fleste vil vite, mange. Kvart år møter om lag 21.000 foreldrepar til mekling. Ein del av samværsbrota er svært konfliktfylte. Dei siste åra har om lag 2500 par kvart år fått saka si avgjort i retten.

Enkelte foreldre endar opp i ein situasjon der dei knapt ser sine eigne barn. I bustad- og samværsundersøkingar i 2012 og 2020 svarte nærmare éin av fem fedrar (17 prosent) at dei ser barna sine sjeldnare enn éin gong i månaden. Kvifor er det slik? Reiseveg og konflikt er dei viktigaste faktorane.

Flytteveto

18. juni la Barne- og familiedepartementet eit forslag til lovendring ut på høyring, som inneber at foreldre som går frå kvarandre, som hovudregel skal ha den same avgjerdsretten over barnet.

I dag er det berre foreldre med delt bustad for barna som har felles avgjerdsrett. Når begge foreldra har avgjerdsrett, må dei finne saman om mykje som gjeld barna. Viktigast er det at foreldreparet må vere samde om det dersom ein forelder vil flytte langt av garde med barna. Ein forelder med avgjerdsrett får ein slags vetorett i spørsmålet om flytting.

Den viktigaste endringa i forslaget frå departementet er altså at også foreldre som ikkje har barna fast buande hos seg, som hovudregel skal kunne leggje ned veto mot flytting etter eit samlivsbrot. Det kan dei ikkje i dag. I praksis vil lovendringa gjere at fleire fedrar får meir å seie.

Situasjonen for ein far som ikkje bur i lag med mora når barnet vert fødd, vil derimot ikkje verte endra. Heller ikkje for ein forelder som etter ein konflikt endar opp utan foreldrefullmakt. Denne forelderen får ikkje avgjerdsrett over barnet med det nye forslaget heller.

Departementet foreslår at denne avgjerdsretten skal kallast «foreldrefullmakt». Ho gjeld ikkje berre spørsmål om flytting, men også andre spørsmål som er viktige for barn i kvardagen og livet, som til dømes om dei skal gå i barnehage eller andre fritidsaktivitetar.

Går ein foreldrekonflikt heilt til retten, vil departementet også gje domstolane høve til å fastsetje delt familiefullmakt. Til samanlikning krev lova i dag særlege grunnar for å fastsetje delt bustad.

Kontroversielt

Dei siste åra har det vore fleire forslag på bordet som har hatt som mål å gjere foreldreskap meir likestilt enn i dag. Felles for dei er at dei har vore omstridde. Regjeringa har til dømes vraka eit forslag frå Barnelovutvalet, som la fram rapporten sin i 2020. Også dette forslaget skulle gjere det vanskelegare å flytte barn bort frå ein forelder.

Her gjekk eit fleirtal inn for å leggje avgjerder om flytting inn under foreldreansvaret. Ei slik ordning ville gje svært mange foreldre vetorett i ei flyttesak, sidan alle foreldre no får foreldrerett frå fødselen av, om han ikkje aktivt vert fjerna.

Det høyrer med til saka at utvalet foreslo å endre lova, slik at mor til barnet i utgangspunktet har foreldreansvar åleine dersom ho ved fødselen ikkje bur i lag med faren. Det ville avgrense talet på fedrar med avgjerdsrett om flytting.

Men regjeringa meinte forslaget ville få for store negative konsekvensar for den forelderen som hadde barna buande hos seg. Justis- og beredskapsdepartementet meinte ordninga ville gripe så djupt inn i privatlivet til foreldra at ho måtte vurderast i lys av menneskerettane.

Men også det siste forslaget frå Barne- og familiedepartementet, som hadde høyringsfrist 8. september, viser seg å vere kontroversielt.

Konfliktdrivande, urealistisk, lite gjennomtenkt og prega av lite forståing, er blant merkelappane som vert brukte av ulike høyringsinstansar. Enkelte meiner forslaget til endring går altfor langt. Andre meiner dei ikkje går langt nok. Totalt har over 70 instansar uttala seg.

Kritisk tingrett

Oslo tingrett har mykje erfaring med par i konflikt og er blant dei som er svært kritiske til lovforslaget. Tingretten skriv at lovforslaget går for langt i å framheve omsynet til likestilt foreldreskap på kostnad av det som er best for barnet.

Tingretten meiner at ei delt foreldrefullmakt berre vil fungere mellom foreldre som samarbeider godt. Men ifølgje tingretten er eit slikt samarbeid ofte ikkje-eksisterande, og vil i alle fall ikkje gjelde alle spørsmåla som vil liggje under foreldrefullmakta.

Konklusjonen frå tingretten er at forslaget heller vil auke enn dempe konfliktar mellom foreldre. I midten vil barnet verte ståande i uavklarte situasjonar.

Tingretten gjev konkrete døme: Kva gjer til dømes skule og barnehage når to foreldre med foreldrefullmakt har ulikt syn på same sak? Dei meiner departementet har undervurdert konfliktpotensialet i sitt eige forslag.

Det beste for barnet?

Også barneombodet har kritiske merknader. Ombodet skriv at endringsforslaget kan få store konsekvensar for barn, og saknar ei vurdering av om felles foreldrefullmakt er til fordel for barn i tilfelle der foreldre er i konflikt.

Ombodet foreslår ei differensiering, der foreldre med fullmakt må verte samde om eit viktig spørsmål som flytting, men der forelderen som har barna buande hos seg fast, har avgjerdsrett i andre spørsmål i barnekvardagen.

Ombodet erfarer at flytting er av dei mest omstridde elementa i avgjerdsretten i dag, og ser trong for tiltak som kan bidra til å hindre flyttingar som ikkje er til det beste for barnet.

Interessekamp

Avgjerder etter samlivsbrot skal setje barnet i sentrum, men i realiteten vil også interessekamp mellom vaksne kunne spele inn. Fordi fleire barn bur fast hos mor enn hos far, vil interessekampen ofte vere mellom kvinner og menn.

Tala er klare. Sjølv om stadig fleire vel delt bustad etter samlivsbrot (43 prosent i 2020), er det framleis 49 prosent som bur fast hos mor, og berre 7 prosent som bur fast hos far.

Ei lovendring der fleire foreldre får foreldrefullmakt, vil dermed i hovudsak gje fleire fedrar større påverknad på kvardagen til barna sine.

Vald og konflikt

Norsk Kvinnesaksforening argumenterer mot at samværshindring er den store utfordringa i foreldrekonfliktar etter samlivsbrot. Den store utfordringa, vurderer dei, er vald og høgt konfliktnivå. Dette er eit poeng fleire høyringsinstansar er opptekne av.

Slik Norsk Kvinnesaksforening ser det, vil kapasiteten til å gje barn god omsorg verte svekt dersom ein forelder vert tvinga til å samarbeide med ein som vedkommande er redd for.

Foreininga åtvarar også mot å flytte avgjerdsretten for flytting til begge foreldra etter samlivsbrot, uavhengig av samværsmengd, og meiner ordninga vi har i dag, må halde fram.

Går ikkje langt nok

Foreningen 2 Foreldre, som jobbar for at barn skal ha kontakt med begge foreldra sine, er positive til fleire av forslaga frå departementet, men meiner endringane ikkje går langt nok.

Særleg er dei negative til at berre foreldre som har budd saman, skal få delt foreldrefullmakt. Dei meiner at alle foreldre i utgangspunktet bør ha foreldrefullmakt, og at all flytting av barn skal krevje samtykke frå samværsforelderen.

Retten til å flytte med barn utan samtykke frå den andre forelderen kallar dei sterkt konfliktdrivande.

Mange historier

Forteljinga om Harald er berre éi av mange historier om parforhold som tek slutt, og der barna vert skadelidande. Det finst heilt andre historier, og regelverket skal passe til alle.

Korleis gjekk det med Harald? Då han flytta til Oslo, flytta mora med sonen vidare til Arendal. Han gjekk inn i eit nytt forhold og fekk sonen Henrik, før også dette forholdet tok slutt. Då Henrik elleve år gammal sa at han ville bu fast hos Harald, vende også denne mora seg imot eksmannen. Harald har brukt store delar av det vaksne livet sitt på å kjempe for å vere saman med sønene sine. Då historia vart publisert i 2017, hadde båe gutane vorte vaksne, og Harald hadde igjen kontakt med dei.

Sitat frå høyringsfråsegnene:

«Vi vet at det i voldelige relasjoner vil være fare for fortsettelsesvold ved samlivsbrudd. Da er det viktig at systemet, og barneloven, ikke legger til rette for denne type vold. Departementets forslag om at samværsforelder med foreldreansvar skal få rett til å nekte den andre forelderen å flytte innenlands muliggjør fortsettelsesvold.»

↔Krisesentersekretariatet

«I likhet med samværssabotasje, er bostedsforeldres flytting med barn uten avtale med foreldre med samværsrett, en stor belastning både for barn og forelder som blir igjen.»

↔Reform – ressurssenter for menn

«Når delt foreldrefullmakt innebærer at foreldrene må være enige i at en av foreldrene kan flytte med barn, innebærer dette en stor konsekvens der konfliktnivået mellom foreldrene er høyt. I brudd- situasjoner der foreldrene ikke er i konflikt eller har lavt konfliktnivå, er samarbeidsklima til stede for dialog og enighet i spørsmålet om flytting. Man kan dermed også fjerne ’høyt konfliktnivå’ som årsak til ønske om flytting. Dermed vil et flytteforbud ramme de som er i en konflikt, hardest.»

↔Nordland KrF

«Voksne for Barn er imidlertid opptatt av at i situasjoner der det mistenkes at barnet utsettes for vold eller overgrep fra en av foreldrene, må det være mekanismer som sikrer at likestilt foreldreskap ikke utsetter barnet for å måtte bli i en situasjon som er skadelig. Vi kan ikke se at dette fullt ut er ivaretatt og ber om at dette klargjøres ytterligere.»

↔Voksne for barn

«Høringsnotatet bruker begrep som ’samværshindring’ og ’samværssabotasje’ når barn ikke vil eller motsetter seg samvær. Slik begreper mener vi er både uheldige og potensielt skadelige. Vårt inntrykk er at departementet ved å bruke slike begreper legger til grunn at man i utgangspunktet ikke skal tro på barnet når barnet sier det ikke vil ha samvær med en av foreldrene.»

↔Stine Sofies stiftelse

«Det er behov for ytterligere presiseringer av hvilke avgjørelser som ligger til foreldreansvar, bostedsmyndighet og samværsforelder. Uklarheter her kan skape unødvendige konflikter mellom foreldre og gjøre det vanskeligere å samarbeide til barnets beste.»

↔Mental Helse Ungdom

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis