JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Lagnadstime

Likvideringane av toppleiarar i Hamas og Hizbollah syner at Israel kan drepe kven som helst, kvar som helst. Fleirfrontskrigen står ved eit vegskilje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein mann henger opp ein plakat av den døde Hamas-leiaren Ismail Haniyeh i den palestinske flyktningleiren Burj al-Barajneh i Beirut 31. juli. Til høgre heng eit bilete av Hamas-grunnleggjaren Sheikh Ahmed Yassin, som vart drepen av ein israelsk drone i 2004.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

10995
20240802
10995
20240802

Veka etter at Netanyahu tala til kongressen i USA, har spenninga på Israel sine to mest sentrale krigsfrontar gått rett i vêret. 30. juli likviderte Israel den militære leiaren til Hizbollah i Beirut som svar på eit angrep mot ein fotballbane på Golanhøgda. Natta etter stod Israel truleg bak eit målretta åtak på Hamas’ øvste politiske leiar Ismael Haniyeh medan han var gjest i Teheran hjå øvste leiar for Den iranske islamske republikken, Khamenei. No kan alt skje.

Hemnaksjon

Israel likviderte den sjiamuslimske Hizbollah-kommandanten Fuad Shukr i Beirut som svar på luftåtaket to dagar tidlegare mot ein fotballbane i ein arabisk landsby på den okkuperte Golanhøgda, der 12 drusiske born vart drepne. Israel hadde varsla at eit hemnåtak ville kome. Då Netanyahu tala til Kongressen 24. juli, var ein hovudbodskap at hans israelske militære ikkje er ein «hær av kvite, vestlege jødar». Netanyahu hadde nemleg teke med seg eit knippe melaninrike IDF-soldatar til Capitol Hill. Den første som vart kalla fram, var ein israelsk arabar som tilhøyrer den religiøse muslimske minoriteten drusarane, som held til på Golan, i Sør-Libanon og i Sør-Syria. Soldaten vart presentert som ein del av den mangfaldige israelske folkehæren som no slåst på fleire frontar. Då 12 drusarborn vart drepne av ein rakett skoten frå Libanon få dagar seinare, måtte Israel svare tydeleg for å vise at drusarar òg vert verna av den same israelske folkehæren. Hizbollah, drusarane, Iran og Israel understreka alle at dei ikkje vil ha storkrig mellom Israel og Hizbollah no. Israel kvitterte med å likvidere Hizbollahs øvste militære leiar og ein av grunnleggjarane av Hizbollah. Ikkje sidan Syria-krigen var på sitt verste i 2016, har ein like høgtståande Hizbollah-leiar vorte likvidert.

Lånt tid

Under eit døgn seinare vart Hamas’ politiske leiar, Ismail Haniyeh, likvidert i eit missilangrep i Teheran. Truleg står Israel bak. Og det er ikkje fyrste gong Israel likviderer Hamas-sjefen. Hamas-grunnleggjaren Sheikh Ahmed Yassin vart drepen av ein israelsk drone i 2004. Etterfølgjaren hans fekk same lagnad kort tid etter. Begge hadde ymta frampå om å endre charteret til Hamas og å akseptere ideen om ei tostatsløysing. Det same har Haniyeh gjort dei siste månadene. No sit Hamas att med den meir radikale leiaren Khaled Meshal (som Israel prøvde å forgifte i Jordan i 1997) og Yahya Sinwar på Gaza. Muhammed Daif, den militære leiaren på Gaza og truleg hovudarkitekten bak 7. oktober-åtaket, vart drepen på Gaza i juli.

Det har lege i korta at Israel ville gå etter Haniyeh. Opp mot 60 av familiemedlemmene hans på Gaza har alt vorte drepne. Haniyeh levde på lånt tid. Det som er sjokkerande med likvideringa, er ikkje at ho skjedde, men tidspunktet og måten ho skjedde på.

Haniyeh er Hamas’ øvste leiar, og den fremste internasjonale diplomaten til rørsla. Han var sentral i forhandlingane om våpenkvile på Gaza. No vert det truleg meir radikale krefter som tek plassen hans ved forhandlingsbordet. Slik vil drapet komplisere innspurten i forhandlingane om våpenkvile på Gaza.

Audmjuking

Mest dramatisk er likevel omstenda rundt likvideringa. Haniyeh var på vitjing i Teheran på invitasjon frå Den islamske republikken for å vere til stades under innsetjinga av den nye iranske presidenten, reformisten Pezeshkian. Kvelden før likvideringa var han i møte med Irans øvste leiar, Khamenei. Det var eit høgt nivå på tryggleiken i Teheran (i januar drap IS 100 iranarar i eit storåtak), og Hamas-leiaren var attpåtil under vengene til den iranske revolusjonsgarden IRGC. Han skal ha overnatta i ein veteranheim i utkanten av Teheran, noko som tyder på at IRGC sjølv var ansvarlege for tryggleiken hans.

At Israel våga og makta å likvidere Haniyeh i ein slik situasjon, er ei audmjuking av Irans revolusjonsgarde. IRGC er nøydd til å svare.

Slik gjekk det altså til at nett den veka då signala tydde på at ein avtale mellom Israel og Hamas om våpenkvile på Gaza var rett rundt hjørnet, då ein meir moderat president som ynskjer tilnærming med Vesten vart innsett i Iran, og dei mektigaste fiendane til Israel signaliserte at dei ikkje vil ha storkrig, vel Netanyahu å dra i avtrekkjaren. Kva er det eigentleg vi er vitne til?

Palestinsk stat

Likvideringane kan tolkast på to heilt ulike måtar.

Eitt perspektiv er at Netanyahu med si høgrevridde regjering gjennom desse åtaka ynskjer at forhandlingane om våpenkvile med Hamas skal spore av, og at krigen mot palestinarane på Gaza og Vestrebreidda skal halde fram. Reaksjonane frå Hizbollah og Iran kan presse Israels vestlege allierte til å slutte rekkjene med Israel, medan busetjarane sin daglege kamp for meir land for å forsegle og blokkere «staten Palestina» kan halde fram i skuggen av ein eskalert regional fleirfrontskrig.

For i juli har konturane av ein palestinsk stat vorte endå tydeligare. Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) kom 19. juli med sitt rettslege råd til FNs medlemsstatar. Avgjerda reflekterer situasjonen i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet, der haldningane til tostatsløysinga og ein palestinsk stat med medlemskap i FN er meir positive enn nokon gong sidan 1947, seinast med Tryggingsrådets vedtak frå juni i år. Dagen før avgjerda i Haag vedtok den israelske nasjonalforsamlinga Knesset at etableringa av ein palestinsk stat vil utgjere eit «eksistensielt trugsmål mot staten Israel». Berre dei arabiske parlamentsmedlemmene røysta imot. Det gjer at vi no er i den paradoksale situasjonen at medan palestinarane krev ein stat for å kunne verne seg mot folkemord, har Israel på førehand erklært krig mot ein slik stat. Historia gjentek seg ikkje, men jammen rimar ho!

Storkrig

Om Israel skal hindre våpenkvile og stengje vegen som fører til ein palestinsk stat, er det no det må handlast. Hamas-drapet i Teheran same døgn som likvideringa av Hizbollah-leiaren i Beirut vil føre Israels fiendar saman under IRGCs kappe og presse vestlege allierte til å støtte Israel i ein reell fleirfrontskrig med Iran som ein sentral bakspelar. Hizbollah kan sprengje kapasiteten til Israels tre luftvernsystem Iron Dome, Charles Sling og Arrow med sine 150.000 rakettar og missil i Libanon og Syria. Israelarane vil då vere eksponerte for luftangrep mot militære mål og befolkningssenter frå Hizbollah i nord, sjiamilitsar i nordaust, Hamas i vest og houthiane i sør. Både Hizbollah og houthiane har gjeve klare hint om kva dei kan vere kapable til.

Berre slik kan Israel presse sine allierte til å støtte Israel i ein regional krig og avverje trusselen om ein palestinsk stat. I denne tolkinga er likvideringane kalibrerte for å framprovosere reaksjonar som vil føre Irans støttespelarar saman og gje Israel ein krig der USA, Storbritannia og Frankrike kjenner seg nøydde til å ta del i på Israel si side. Drap på arabiske drusarborn på den okkuperte Golanhøgda vert då nytta for å framkalle ein eskalert fleirfrontskrig der andre statar blir impliserte på tre av Israels fire frontar. 40.000 amerikanske soldatar i Midtausten blir truleg vandrande skyteskiver for IRGC. Alle krigar i Midtausten i vår levetid vil vere å rekne som preludium til noko slikt. Om det er dette som skjer, er vi no på veg mot ein regional storkrig der Netanyahu satsar på at Israel framleis kan rydde land på Gaza, i Jerusalem og på Vestbreidda fram til Trump tek over i januar.

Ei anna tolking

Men Israels handlingar no kan vi òg tolke i lys av at krigen på Gaza no går mot slutten. Likvideringane er siste innspurt før våpena stilnar. Dei siste vekene har det kome hint om at ein avtale er like rundt svingen, og berre få detaljar står att. Alle mektige aktørar rundt Israel krev at våpenkvila skal følgjast opp av andre tiltak og ein plan.

Hamas og Fatah vart nyleg førte saman av kinesarane i Beijing. I Emirata har Israel og USA diskutert utsiktene til at emiratiske spesialsoldatar kan setjast inn på Gaza. Det går rykte om at den tidlegare tryggleikssjefen Mohammed Dahlan kan ta over på Gaza. Han har fordelen av å vere like mistrudd og hata av både Hamas og Fatah. Dahlan har budd i Golfen i mange år og er nær knytt til spesialstyrkane til Emirata. Han er ein hard nagl, og truleg rett mann til ei slik oppgåve.

Biden-regjeringa vil ha våpenkvile i Gaza og forhandlingar med regionale partnarar attende på agendaen så fort som mogeleg. Samstundes som Netanyahu stod i Kongressen i Washington og lova at ingen israelarar skal busetje seg på Gaza, hinta israelske tenestemenn om at forhandlingane med Golf-statane om ein tryggleiksavtale kan vere attende på skjener før valet i USA i november.

Iran har òg signalisert ei ny haldning. Ein reformist tek no plass med velsigning av den øvste leiaren etter at hauken Raisi døydde i ei helikopterulukke. Den siste veka har ein iransk avtale med Armenia av stor strategisk verdi for Iran vorte offentleggjord. Samstundes har den amerikanske regjeringa denne veka klargjort at USA ynskjer ein ny atomavtale med Iran. Faktisk viser det seg at forhandlingar har gått føre seg ei god stund allereie. I oktober 2025 går den siste «solnedgangsklausulen» i atomavtalen ut, og har ikkje Iran og USA fått ein ny avtale på plass innan den tid, vil krig mot Iran vere den einaste vegen. Ein avtale kan sjå heilt annleis ut i 2024, og kan vise ei ny retning framover, både for Iran og for regionen. Iran har halde seg på matta gjennom heile fleirfrontskrigen til Israel sidan 7. oktober. Kan det halde fram etter det som no har skjedd? Det er faktisk plausibelt.

Siste sjanse

Om Israel skulle handle stort og dramatisk, var dette tidspunktet. I denne tolkinga framstår likvideringane heilt annleis. For om det er våpenkvile og forhandlingar som no står for døra, må Israel først få has på dei som har vore direkte impliserte i 7. oktober-angrepet. Haniyeh måtte døy sidan han sat på post då Hamas-åtaket skjedde. Truleg kjem det òg fleire likvideringar.

Netanyahu uttalte etter drapet på Shukr at «vi har gjort opp, og vi vil gjere opp med alle andre som massakrerer barna våre, myrdar borgarane våre. Alle som skader landet vårt, skal døy». Med drapet på Hamas-leiaren under eit døgn seinare, under vern av IRGC i hjartet av Iran, har Netanyahu vist for all verda at israelarane kan drepe kven dei vil, kvar dei vil, når dei vil, og at ingen kan stogge Israel. Verknadene av den ekstremt brutale Gazakrigen, Israels fleirfrontskrig og desse dristige likvideringane, er at Israel har vunne att avskrekkingsevna si i regionen på måtar landet ikkje har hatt sidan tida etter seksdagarskrigen i 1967. No er israelarane klare for harde forhandlingar om ei ny tid. Krigane dei siste åra kan gå mot slutten.

Kva for ei tolking av hendingane som best skildrar røyndommen i Midtausten, vil dei neste dagane og vekene vise. Verda held pusten.

Hellestveit, Cecilie er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis