Politikk

SV meiner det er behov for å vurdere dei folkerettslege og etiske rammene etterretningstenesta skal arbeide innanfor.

Globus-radaren i Vardø er driven av norsk etterretningsteneste på vegner av USA.
Globus-radaren i Vardø er driven av norsk etterretningsteneste på vegner av USA.
Publisert

Stortinget har nå til behandling eit framlegg frå SV om å sette ned eit offentleg utval for å vurdere dei overordna politiske, organisatoriske og økonomiske rammene for den norske etterretningstenesta. SV meiner det er behov for å vurdere dei folkerettslege og etiske rammene etterretningstenesta skal arbeide innanfor. Partiet vil også ha svar på i kva grad tenesta er under nasjonal kontroll, og om utanlandsk finansiering påverkar prioriteringane til e-tenesta.

Saka ligg til behandling i utanriks- og forsvarskomiteen, som har frist til 5. november med å levere innstillinga si. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) argumenterer i brev til komiteen mot å gå inn for SVs framlegg.

To djuptpløyande bøker om norsk etterretning utgjer eit viktig grunnlag for SV-framlegget. Den eine boka, Etterretning, er forfatta av to tidlegare etterretningsoffiserar, Frode Kristoffersen og Kjetil Hatlebrekke. Den andre boka, Spionkrigen. Det hemmelige spionsamarbeidet mellom Norge og USA, er forfatta av Bård Wormdal. Begge bøkene gjev grunnleggande ny kunnskap om den norske etterretningsverksemda. Og forfattarane tek til orde for å gje meir offentleg innsyn i etterretningstenesta sitt arbeid.

To forsvarsministrar, ein av dei dagens statsråd Bjørn Arild Gram, har avslege å svare på spørsmål om organisering, finansiering og arbeidsmetodar for tenesta.

Wormdal kjem med nye avsløringar om det tette tosidige etterretningssamarbeidet mellom Noreg og USA og korleis norske styresmakter held dette hemmeleg overfor både Stortinget og det norske folket. Wormdal arbeidde med denne boka i fleire år før ho kom ut i 2023. Hausten 2020 gjorde han avtale med Frank Bakke-Jensen som då var forsvarsminister, om eit intervju om temaet. Men departementet trenerte oppfølginga.

I desember 2022 kontakta Wormdal forsvarsminister Bjørn Arild Gram for å få eit intervju om same tema. Departementet svarte nei og ville heller ikkje gje ei grunngjeving for avslaget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement