Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Tilstandsrapport frå riksrefsaren

Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

11566
20250103

Riksrevisjonen

Er Stortingets kontrollorgan

Skal «bidra til den demokratiske kontrollen med at statens ressurser forvaltes forsvarlig og effektivt og i samsvar med Stortingets vedtak og forutsetninger», som det står i den nye riksrevisjonsloven

Gjennomfører både rekneskapsrevisjon og forvaltingsrevisjon

Hadde ved utgangen av 2022 443 tilsette og eit driftsbudsjett på rundt 600 millionar kroner

Politikk

eva@dagogtid.no

Helse- og omsorgsdepartementet gjer ikkje nok for å syte for at pasientar får rehabiliteringstenestene dei har behov for. Berre 18 prosent av kommunane i landet har psykolog tilgjengeleg for dei som treng rehabilitering etter til dømes ei ulukke eller som følgje av kronisk sjukdom, og nær 30 prosent av kommunane manglar lege til same føremål. Manglane går ut over helse, arbeidsevne, familieliv og fritid for dei det gjeld, og inneber dessutan at kommunane bryt loven. 

Betre stilt er det ikkje med tenestetilbodet for dei stadig fleire unge utanfor arbeidslivet som får helserelaterte ytingar som arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd. Dei får heller ikkje hjelpa dei treng og – etter vedteken politikk – skal ha for å unngå å verte ståande utanfor arbeidslivet. 

Dette er nokre av funna Riksrevisjonen la fram i fjor etter å ha undersøkt korleis vedtak frå Stortinget vert følgde opp i praksis.

I tillegg kom det fram at mange av helseføretaka jobbar kritikkverdig lite systematisk med risikostyring, at forskingsdata i verksemder under Kunnskapsdepartementet er kritikkverdig dårleg sikra mot dataåtak, og at Samferdselsdepartementet, trass i årevis med stadig meir forseinkingar og innstillingar på jernbanen, ikkje har gjort nok for å ordne opp.

Og dette er ikkje eingong dei mest alvorlege funna som er avdekte. Ser vi all kritikken frå Riksrevisjonen i 2024 samla, kan det verke som vi har eit statsapparat som verken gjer eller kan jobben sin. 

Når riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen vert beden om å oppsummere fjoråret, er biletet han gjev derimot eit ganske anna.

– Det aller meste fungerer godt i norsk statsforvalting, seier han.

– Det meste i orden

Riksrevisjonen er Stortingets kontrollorgan og har som hovudoppgåve å drive finansiell revisjon, av både statsrekneskapen og av rekneskapen til alle statlege verksemder. Schjøtt-Pedersen seier det er snakk om revisjon av rundt 235 rekneskapar totalt, og at dei fleste er utan merknader. I dei få rekneskapane som Riksrevisjonen har merknader til, er det dessutan snakk om relativt små feil, legg han til.

Når det gjeld forvaltingsrevisjonar, som undersøkjer korleis vedteken politikk vert gjennomført, peikar han på at dei vert sette i gang der det er både risiko for feil og manglar, og der feil og manglar vil ha store verknader.

­– Vi prioriterer altså område der vi har grunn til å tru at det er kritikkverdige forhold. Det er grunnen til at dei aller fleste rapportane vi legg fram, kjem med kritikk, seier han. 

Han legg til at det hender Riksrevisjonen også startar ein gjennomgang, men ser at det ikkje er grunnlag for å finne stort, og då ikkje går vidare og lagar rapport. 

­– Såleis omfattar rapportane våre berre ein svært liten del av statsforvaltinga. Det aller meste er i orden, seier han.

Alvorlege enkeltfunn

Fleire av enkeltfunna er likevel alvorlege. I året som har gått, har riksrevisoren hatt pressekonferanse om pasienttryggleik som har vore truga som følgje av innføringa av pasientsystemet Helseplattforma i Midt-Noreg. Helsetilsynet hadde per august i fjor fått inn 43 varsel om alvorlege hendingar som kan kome av Helseplattforma, og nokre av desse kan ifølgje Riksrevisjonens funn ha medverka til auka risiko for «svært alvorlig skade eller dødsfall, blant annet på grunn av prognosetap ved forsinket behandling».

Her drog Schjøtt-Pedersen på med Riksrevisjonens sterkaste form for kritikk, «sterkt kritikkverdig», og det gjorde han også då han heldt pressekonferanse om Forsvaret, som ikkje har oppnådd den operative evna det skulle hatt, fordi forsvarssektoren ikkje klarer å kjøpe inn nytt materiell raskare.

Vurderinga hans av kva som er dei viktigaste og alvorlegaste funna, inkluderer også saka som er nemnd innleiingsvis – at dei fleste kommunane har problem med å gje innbyggjarar som treng det, likeverdige og gode rehabiliteringstenester.

Saka som har gjort mest inntrykk på han, vart derimot avdekt to år tilbake i tid og gjaldt velferdstenestene for innsette i norske fengsel.

– Det er den saka som, utan jamføring, har rørt meg mest etter at eg byrja jobbe her, seier han.

Riksrevisjonens undersøking om helse-, opplærings- og velferdstenestene til innsette synte at mange av dei som vert skrivne ut av fengsel, vert det utan at det er lagt til rette for at dei skal finne arbeid, utan at det er lagt til rette for at dei skal ha ein stad å bu, og utan at det er tilrettelagt for at dei kan halde fram den medisinske behandlinga dei har starta på. I svært mange tilfelle har det heller ikkje gått ut melding til Nav om at dei skal gjenoppta utbetaling av trygdeytingar, oppsummerer Schjøtt-Pedersen.

– Dei står altså på relativt bar bakke, mange. Det må eg seie eg reagerte svært sterkt på, men den saka var det nesten inga merksemd om då ho kom heller. Så det er ikkje berre sakene som når fram i media, som er dei viktigaste.

Manglande samspel

Kva kritikken over vil medføre av endringar i praksis, er det for tidleg å seie noko om. Riksrevisjonen sjølv følgjer som hovudregel opp forvaltingsrevisjonar fyrst tre år etter at dei er lagde fram og handsama av Stortinget, for at det skal vere tid til å få sett i gang utbetringar.

Generelt syner desse oppfølgingane at tilrådingane frå Riksrevisjonen som oftast vert følgde opp, seier Schjøtt-Pedersen. 

– Eg opplever at det i forvaltinga er ei interesse for arbeidet vårt og for å utbetre forhold som ikkje fungerer. Når vi kjem tilbake etter tre år, ser vi at det i dei fleste tilfella er forsøkt sett i gang tiltak for å rette opp feila og manglane vi har avdekt. Så er utbetringane ofte ikkje ferdige etter berre tre og fire år, og mange gonger går det også tid før endringane kjem i gang, men eg opplever at det er ei positiv haldning til å gjere endringar, seier han.

Men Riksrevisjonen har i år også lagt fram rapportar som syner at satsinga på saumlause kollektivreiser – som Stortinget vedtok for ti år sidan – framleis ikkje er tilfredsstillande innført, og at problema kommunane har med å gje innbyggjarar gode rehabiliteringstenester, ikkje har betra seg sidan dei undersøkte same sak i 2012.

– Kven er det som ikkje gjer jobben sin godt nok i slike tilfelle? 

– Det vi ser går att både i enkeltrapportar og når vi ser fleire rapportar under eitt, er at det er for dårleg samordning mellom ulike statlege sektorar. Det kan vere både på departementsnivå og på verksemdsnivå, seier han.

På departementsnivå er det ifølgje Schjøtt-Pedersen særleg tydeleg når det gjeld digitaliseringa av offentleg verksemd: Der er det ikkje god nok koordinering, og departementet som har ansvar for koordineringa, tek ikkje den rolla alvorleg nok, etter riksrevisoren sitt syn. På verksemdsnivå trekkjer han fram dei manglande velferdstenestene for innsette som døme, og Forsvaret, der det ifølgje riksrevisoren gjennomgåande er dårleg styring.

– Men at vi ser dette på tvers, er eit sjølvstendig poeng: Det er strukturelle utfordringar. Og strukturelle utfordringar krev handtering på eit høgare nivå, frå Stortinget og frå regjeringsfellesskapet, seier han.

– Men så til spørsmålet ditt om enkeltområde der vi ser at det ikkje vert gjort utbetringar som det ville vere rimeleg å vente, slik som rehabiliteringstenestene er eit viktig døme på: Verkemiddelet vårt her er å kome tilbake til Stortinget og seie frå om at tilrådingane ikkje er følgde opp. Då er det opp til Stortinget å velje å ta saka opp med statsråden og forsterke kritikken, men det er eit spor som går utover det Riksrevisjonen har noko med å gjere.

– Det går an å sjå føre seg at det i nokre tilfelle er det politiske vedtaket som er suboptimalt og kanskje ikkje går å oppfylle, snarare enn gjennomføringa av vedtaket. Kva gjer de i eventuelle slike tilfelle?

– Vi er Stortingets kontrollorgan og legg til rette for at Stortinget skal kunne utøve konstitusjonell og parlamentarisk kontroll. Det er ikkje vår rolle å vurdere innhaldet i vedtaka, og vi har inga meining om vedtaka er kloke eller ikkje.

Forbetringspotensial

Forvaltingsrevisjonar er rekna for å vere både svært grundige og svært påkosta undersøkingar av offentleg sektor. Ifølgje fyrsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo er dei endåtil «dei desidert grundigaste rapportane vi har i sjangeren evaluering, gransking, revisjon».

Kva dei konkret fører til av resultat i praksis, er det, som Dag og Tid har skrive om tidlegare, derimot ikkje gjort mykje forsking på. Og læringseffekten på tvers at sektorar eller i form av politikkutvikling og nye politiske mål er også usikkert, skal vi tru forskarar på feltet.

Historikar Harald Espeli, som har skrive bok om Riksrevisjonens historie, har i intervju med Dag og Tid til dømes synt til at Riksrevisjonen stadig kjem med krass kritikk både av planlegginga av IT-prosjekt og av nasjonal tryggleik og beredskap, utan at det fører til større forbetringar av organisering, styring og måloppnåing.

Schjøtt-Pedersen er samd i at det er potensial for å bruke riksrevisjonsrapportane betre, og han seier at også Riksrevisjonen kan gjere ting annleis for å bidra til det.

– Vi har fyrst og fremst dialog med dei undersøkte departementa, og det er også dei vi følgjer opp etter revisjonane. Men det er potensial for at funna våre har innverknad utover det enkelte departementet, så vi må tenkje på om vi kan leggje materialet til rette på ein måte som betre får fram meir sektorovergripande funn.

Han seier den britiske riksrevisjonen, til dømes, lagar eigne overordna læringsrapportar med funn frå summen av enkeltrapportane som kjem ut, og at Riksrevisjonen framover skal vurdere liknande løysingar. 

– Påpeikar de ofte same feil i ulike departement?

– Det med manglande samordning går att overalt. Og det er nok eit dilemma eg vil tru at regjeringa ville ha fordel av å rette merksemda mot, seier han.

Eit forslag om endring

Stortinget vedtok nyleg ei ny lov om Riksrevisjonen, utan at det baud på store endringar i måten forvaltingsrevisjonar skal gjennomførast eller følgjast opp på. Derimot ligg det no til handsaming eit representantforslag om at fagkomiteane i Stortinget skal bruke undersøkingane meir aktivt framover.

I dag er det kontroll- og konstitusjonskomiteen som handsamar forvaltingsrevisjonane frå Riksrevisjonen, samstundes som det er fagkomiteane som i hovudsak utformar politikk.

Carl I. Hagen (Frp), som sit i kontroll- og konstitusjonskomiteen, meiner fagkomiteane må involverast meir for å «sikre at det gjøres endringer for fremtiden for å unngå lignende kritikkverdige forhold», skriv han i forslaget.

Schjøtt-Pedersen vil ikkje meine noko bastant om temaet. 

– Det eg kan seie, er at det generelt er av stor nytte å ha ein eigen komité som følgjer opp Riksrevisjonens arbeid, og vi har ein god dialog med kontroll- og konstitusjonskomiteen. Samstundes er det viktig at fagkomiteane, til liks med fagdepartementa, er merksame på forholda vi avdekkjer, når ny politikk skal utviklast. Men eg vil ikkje gå lenger enn det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Soldatar frå den russiske nasjonalgarden er på veg for å hindre ein demontrasjon på Den raude plassen i Moskva.

Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Journalistar på konstant vakt

Den russiske eksilavisa The New Tab tilbyr vestlege medium reportasjar frå innsida av Russland. Men særs mykje blir anonymisert før det når lesaren. Vil lesaren tru på det då?

Ole Dag Kvamme

Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.

Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark

BokMeldingar
AsbjørnSvarstad

Flesk og smør i byte for danske jødar

Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?

Signe Førres første plate er balkaninspirert.

Foto: Terje Nesthus

MusikkMeldingar
JanGranlie

Bass i norsk og balkansk landskap

Signe Førre med vener overraskar.

Ein småkriminell far og son gøymer seg på ein sommarleir for unge vaksne med nedsett funksjonsevne og gjev seg ut for å vere ein brukar og hans føresette.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Komedie frå gamle dagar

Hjelp, vi dreg på ferie med psykisk utviklingshemma!

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis