Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.

Foto: Susana Vera / Reuters / NTB

7572
20241108
7572
20241108

Klima

peranders@dagogtid.no

Flaum i Valencia, orkanar i Florida, styrtregn på Vestlandet. Dei dårlege vêrnyhenda kjem tett for tida. Kostnadene med ekstremvêr rundt i verda stig år for år, og somme stader er risikoen så stor at folk ikkje lenger får forsikra huset sitt. Når det skjer, er det ikkje berre verkeleg ille for dei som bur i det uforsikra huset. Verdiane som ligg i hus og heim, utgjer noko av grunnmuren i økonomien i eit samfunn. Og om folk ikkje lenger kan få forsikring, smuldrar desse verdiane raskt opp.

Eld og vatn

Vi startar i California i USA, ein delstat som gjerne blir assosiert med stabilt finvêr. Ein kunne innbilt seg at jordskjelvfaren gjer det vanskeleg å få husforsikring i California, men det er det stadig villare vêret som er problemet. Dei siste åra har California både vore råka av kolossale skogbrannar og styrtregn. Verst var den store brannen i Nord-California i 2018, som tok 85 menneskeliv, øydela 14.000 bustadhus og gjorde skade for over 180 milliardar kroner. Vinteren 2023 var det ekstreme nedbørsmengder som øydela verdiar for kring 50 milliardar kroner i California og nabostatane.

Til slutt gav dei store forsikringsselskapa opp. I mai i fjor kunngjorde State Farm, den største forsikringsaktøren i California, at dei ikkje lenger ville tilby nye husforsikringar der. Også fleire andre store selskap har slutta å tilby husforsikring i delstaten dei siste åra. Ekstremvêret er ikkje einaste årsaka. Aukande kostnader for reparasjonar og nybygg er òg ein del av biletet. Men det er først og fremst klimarisikoen som har drive forsikringsselskapa vekk.

Eit hus teke av brann i Paradise i California i november 2018. Dei mange skogbrannane er ei av årsakene til at store forsikringsselskap ikkje lenger vil tilby nye husforsikringar i delstaten.

Foto: Noah Berger / AP / NTB

Store tap

Forsikringsbransjen strevar mange stader i USA, skreiv The New York Times i mai i år. I 2023 gjekk forsikringsselskapa i minus på husforsikring i 18 delstatar, mot åtte i 2013. I mykje av landet blir det stadig vanskelegare å få forsikra heimen sin. Det gjeld ikkje minst i statane i søraust, som er utsette for orkanane frå Mexicogolfen. Det er enno uvisst kor store skadar orkanane «Helene» og «Milton» gjorde i haust, men ein førebels studie frå analyseselskapet Moody’s tyder på at dei øydela for meir enn 50 milliardar dollar kvar – over 900 milliardar kroner til saman. Det er ikkje slike tal forsikringsbransjen likar. Over eit dusin forsikringsselskap har gjeve opp Florida, fortalde BBC i vår. Det var før årets orkansesong tok til.

Prisen på husforsikring i delstaten har i snitt auka med nesten 60 prosent sidan 2019, ifølge Reuters. Å forsikre heimen sin kan koste så mykje som 100.000 kroner årleg i dyre område. Mange innbyggarar kan berre få forsikring hos det halvoffentlege selskapet Citizens, som Florida såg seg nøydd til å opprette i 2002.

«Dette er første gongen rekninga for klimaendringane verkeleg hamnar hos konsumentane.»

Christian Mumenthaler, sjef for Swiss Re

Tredobling

Forsikringsbransjen har liknande problem i mange land i verda: Stormar, flaum og skogbrannar fører til større tap enn før. I EU førte naturkatastrofar til skadar for meir enn 600 milliardar kroner i både 2021 og 2022, syner data frå Eiopa, EU-organet for regulering av forsikringsbransjen. Det er meir enn tre gonger det som var snittet i tiåret fram til 2020.

I tillegg har inflasjonen gjort det dyrare å reparere skadane eller bygge nytt om eit hus har blitt øydelagt. Resultatet er store tap for forsikringsselskapa. I kvart av dei siste fire åra har dei betalt ut meir enn 100 milliardar dollar globalt – 1100 milliardar kroner – i erstatning etter naturkatastrofar. Dette var tidlegare rekna som sjølve definisjonen for eit verkeleg dårleg år, skreiv Financial Times i februar, i ein artikkelserie om korleis klimaendringane skakar forsikringsbransjen.

Ringverknader

Dei veksande tapa på grunn av villare vêr forplantar seg i fleire retningar. Ikkje minst råkar dei reassurandørane, finansselskapa som forsikringsselskapa sjølve teiknar såkalla gjenforsikring hos. Og når tapa aukar for reassurandørane, skrur dei opp prisen sin på risiko. Dermed blir forsikringsselskapa skvisa, og dei må i sin tur lempe meir av kostnaden sin over på kundane.

«Dette er første gongen rekninga for klimaendringane verkeleg hamnar hos konsumentane», sa Christian Mumenthaler, sjefen for reassurandøren Swiss Re, på Davos-konferansen i januar. I Financial Times kalla Mumenthaler dei stigande forsikringspremiane ei form for karbonskatt, ein kostnad som er «resultatet av måten vi lever på». Ein slik skatt har det aldri lukkast å få på plass gjennom dei internasjonale klimaforhandlingane. No kan han i staden kome i form av naturskadar.

«For somme huseigarar kjem premien til å bli så høg at det ikkje løner seg å teikne forsikring.»

Thomas Brenøe, direktør i Forsikring og Pension

Raude hus

Spørsmålet er om private forsikringsselskap kan handtere ei verd der naturskadane blir mykje større enn før. Dei skal tene pengar, og vil ikkje halde seg med kundar som år etter år krev meir i utbetaling enn dei betaler i premie. Eit døme: I Danmark nytta forsikringsselskapa omgrepet «røde huse» om heimar som stadig vart overfløymde ved stormflo, skreiv Jyllands-Posten i 2013. Fleire hundre slike hus var det ikkje mogleg å få forsikra. Mange som budde i husa, fekk i staden tilbod om å flytte.

Med stigande hav og vidare klimaendringar kan stadig fleire hus kome i faresona i Danmark. Thomas Brenøe, direktør i næringsorganisasjonen Forsikring og Pension, har åtvara: «For somme huseigarar kjem premien til å bli så høg at det ikkje løner seg å teikne forsikring», sa han til dansk TV 2 i mars år.

Finanskrise

Når den globale oppvarminga går sin gang, kan slike problem dukke opp mange nye stader. Vi kjem til å få veksande soner der forsikringspremien er for dyr til at det er rekningssvarande for kundane, har Swiss Re spådd. Det vil vere ille for dei som slumpar til å bu der. Å stå utan husforsikring i område der flaum, styrtregn, orkan eller skogbrann er eit veksande trugsmål, inneber overhengande fare for å bli ruinert.

Men i tillegg kan ei slik utvikling få store ringverknader i økonomien. Om folk ikkje får forsikra heimane sine, rasar verdien på bustadene, kredittrisikoen aukar for bankane, og det blir vanskeleg å få bustadlån i dei utsette områda. På sikt kan klimakrisa ta form av ei finanskrise, skreiv Financial Times i februar.

Om folk ikkje får forsikra heimane sine, rasar verdien på bustadene.

Staten må inn

Kva kan ein så gjere for å kome ut av denne knipa? Forsikringsselskapa jobbar med å lage meir finmaska analysar av klimarisiko. Slik kan dei kalibrere premien meir presist, og det er bra for lønsemda deira. Men det hjelper ikkje folk som faktisk har så høg risiko for flaumskadar på huset sitt at dei blir nekta forsikring, eller får ein premie som er uoverkomeleg høg.

Dermed blir det truleg statane som må steppe inn som forsikrar for dei meir utsette eigedomane. Eit halvoffentleg forsikringsselskap finst som nemnt i Florida. I Storbritannia har staten etablert eit samarbeid med forsikringsselskapa kalla Flood Re, som sikrar forsikring for fleire hundre tusen heimar i risikosona for flaumskadar.

John Neal, toppsjef for selskapet Lloyd’s i London, sa til Financial Times i juni at heile forsikringsindustrien er ved eit vippepunkt. Klimarisikoen er i ferd med å bli uhandterleg, og forsikring krev nye typar partnerskap mellom offentleg og privat sektor, sa Neal, som meiner bransjen verkeleg har vakna opp dei siste åra. «Du finn ikkje ein forsikringstilsett som seier: Eg trur ikkje på klimaendringane», sa John Neal.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis