JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Profet utan bodskap

Personlegdomen til Georg Johannesen var sterkare enn diktverka hans. Det førte til at forfattarskapen hans vart overvurdert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Georg Johannesen  fotografert i 1999 med ein stabel Rhetorica Norvegica.

Foto: Erik Johannesen / NTB

30009
20221104
30009
20221104

KOMMENTAR

skagen.kaj@gmail.com

Få norske forfattarar er omspunne av fleire mytar enn bergensaren, politikaren, skribenten, lyrikaren, retorikklæraren og mediekjendisen Georg Johannesen (1931–2005). Han rådde over ei sjeldan sameining av sterk politisk lidenskap, høg språkleg evne og eit sterkt og einsidig intellekt.

Han var raus overfor dei han likte, og omsynslaus overfor dei han mislikte, og han var så sjølvsikker at han hadde forakt for all dialog og alle reglar for danna samtale. Han tenkte og skreiv i eit marxistisk klasseskjema, men delte menneska opp i «intelligente» og «dumme».

Polemisk kraft

I det norske litteratur- og mediemiljøet var han som ein rømd okse i ein porselensbutikk. Mange samla seg om han, for han var ein lojal, sterk og underhaldande ven. Få våga å utfordra han, for straffa var å verta personleg angripen eller offentleg uthengd med stor polemisk kraft.

Av den nyutkomne Innerst i hjertet har jeg min forstand, Alfred Fidjestøls velskrivne og underhaldande biografi om Georg Johannesen, går det fram at åtaket på Edvard Beyers norske litteraturhistorie i 1975 var ein «hemn» for at det nordiske fagmiljøet hadde avvist søknaden hans til ei utlyst stilling ved Nordisk institutt ved Universitetet i Oslo. Beyer oppfatta åtaket som tendensiøst og lite fagleg, men eg for min del har sans for dette åtaket på den gamle og tungt befesta faglege borga.

Forfattaren Finn Alnæs, som var hypernervøs, men like frittalande som Johannesen, forstyrra han ein gong i opplesinga av Tu Fu-attdiktingar på ein privatfest. Johannesen nytta den kinesiske poeten Tu Fu som råstoff til å skriva sine eigne dikt under hans namn, tufta på skandinaviske, engelske og tyske omsetjingar, og kunne ikkje kinesisk, noko Alnæs ironisk kommenterte, slik Fidjestøl fortel på grunnlag av ein roman av Ketil Bjørnstad.

I eit fleire timer langt intervju eg hadde med Alnæs i 1982, fortalde han denne episoden noko annleis enn han er attgjeven i biografien. Til meg sa Alnæs at han med vilje snakka høgt under opplesinga for å tirra bergensaren. Dette lukkast over all måte. Georg Johannesen greip ein arkitektlinjal av ein viss storleik og fór med heva slagvåpen mot kollegaen.

«Eg avvæpna og uskade­leggjorde han reint instinktivt», som ein refleks frå trening i karate, sa Alnæs. Johannesen hamna på sjukehuset, og Alnæs fekk ord på seg for å vera valdeleg. I Fidjestøls biografi manglar slagvåpenet Alnæs la så stor vekt på i forteljinga til meg, kanskje for å understreka at han hadde handla i sjølvforsvar.

I dei seinare åra hans kunne ein treffa på Georg Johannesen på Fløyen eller Torgallmenningen. Han hadde då lagt seg ut og var dobbelt så stor som i ungdomen. Var ein heldig, fekk ein vera utvalt publikum for eit spontant føredrag som tok utgangspunkt i det næraste kumlokket med støypt bergensmotiv, og gjekk naturleg over til hohenstaufarane og steva i Draumkvedet, før avrundinga kom som ei rask forklaring om samanhengen mellom Røde Kors, oljeraffineriet på Mongstad og Johannes’ openberring.

Han var no vorten til ei blanding av gatefilosof og byoriginal med ein klesstil prega av plagg henta frå Fretex og samansetjingar av raude lusekufter, spraglete flanellsskjorter og mønstra slips under grått, viltveksande hår og skjegg.

Mytologiseringa

Forteljingane og mytane om Georg Johannesen stansar ikkje på privatfestane og i massemedia. Dei spinn vidare inn i litteraturhistoria og den politiske historia. Fidjestøl kallar protesten hans mot einsidig fordøming av Sovjets intervensjon i Ungarn i 1956, då han braut ut frå demonstrasjonstoget på veg til den sovjetiske ambassaden, for «ei historisk hending i norsk politisk historie». Rettare ville vel ha vore å kalla det eit symptom på eller varsel om ei komande utvikling på venstresida i Noreg.

I 1992 arrangerte magasinet Lyrikkvennen ein konkurranse der 75 norske lyrikarar skulle velja seg hundreårets fremste norske lyrikar og beste norske diktsamling. Her vart Rolf Jacobsen krona som den største av alle, medan Georg Johannesens Ars moriendi frå 1965, vann plassen som hundre­årets beste diktbok.

I 2008 vart ei samling av dagsaktuelle Johannesen-innlegg, redigert av Espen Haavardsholm og Helge Rønning, under tittelen Den norske tenkemåten, kåra i Dagbladet til «etterkrigstidas viktigaste sakprosabok». I hovudartikkelen om Georg Johannesen i nasjonalleksikonet Store norske leksikon skriv litteraturkritikar i Klassekampen Eivind Myklebust at han er «ein av dei store essayistane [...] i norsk litteraturhistorie».

Jan Inge Reilstad, som ifølgje Fidjestøl var «ein del av miljøet omkring Johannesen» ved universitetet i Bergen, kallar Georg Johannesen eit «toppunkt i norsk litteratur». Lyrikaren Jan Erik Vold meinte i eit essay frå 1981 at det «trolig ikke» fanst noko motsvarande til forfattarskapen hans «på kloden idag». Lyrikaren og kritikaren Paal Brekke meinte at dei beste dikta til Georg Johannesen var «blant de sterkeste som skrives i Norden, eller gjerne i verden i dag».

Denne mytologien, som er vorten historie, påstår at Georg Johannesen har skrive hundre­årets beste norske diktsamling og i si tid dei beste dikta i verda, og den viktigaste sakprosaboka etter andre verdskrigen, og at han er ein av dei største essayistane i norsk litteraturhistorie, ein av dei store i norsk litteratur i det heile, og dessutan at han «spela ei nøkkelrolle i grunnlegginga av Sosialistisk Folkeparti» i 1961, som Jan Inge Sørbø nyleg skreiv i Dag og Tid.

Då har eg gløymt å nemna at han òg vart professor II i retorikk, fordi professorkomiteen meinte han stod «i en klasse for seg», sjølv om dei kalla bøkene hans om retorikk «raritetskabinetter» som ikkje oppfylte dei formelle krava ein lyt stilla til vitskapeleg arbeid.

Læresveinane

Georg Johannesens fyrste avisartiklar og dikt i 1950- og 60-åra hadde sterk appell til mange i den nye generasjonen. I historikaren Harald Berntsens livsminne, Det lange friminuttet (1998), vert han kalla ein «politisk profet», og debutsamlinga hans, Dikt 1959, vert omtala som «den fremste bibel» for politisk opposisjonell ungdom tidleg i 1960-åra; dikta skulle ha gjeve dei unge ei kjensle av «å være på linje med det nye som vokste fram, særlig i andre verdensdeler, på bekostning av den gamle verden, som hadde spilt fallitt».

Ein slik «profet» var han for den seinare svært innflytelsesrike «Profil-kretsen» med namn som Dag Solstad, Einar Økland, Espen Haavardsholm, Jan Erik Vold og fleire andre. Skrive- og tenkemåten i denne krinsen, der modernisme og sosialisme blanda seg på ulike vis, fekk sterk innverknad på korleis vi no les litteraturhistoria. I dette miljøet var Georg Johannesen eit orakel.

Fidjestøl fortel at Einar Økland lærte seg nesten heile Dikt 1959 utanåt; Espen Haavardsholm slukte diktsamlinga «med open munn»; den 19-årige Dag Solstad sykla frå Kabelvåg til Svolvær for å få tak i boka, og beundra Johannesen så sterkt at han skalv på handa då han skulle tenna røyken hans seinare ein gong. I eit intervju frå 2006 seier Kjartan Fløgstad at Georg Johannesens mediekritikk var 10–20 år forut for og «uhørt mye skarpare og klarare» enn hos Pierre Bourdieu, som vert rekna for å vera ein av dei mest innflytelsesrike sosiologane etter andre verdskrigen.

Krins av beundrarar

Som Fidjestøl skriv, hadde Johannesen «ein førar- og guruposisjon for radikal norsk ungdom gjennom heile 1960-talet». Det er dei skrivande av dette radikalarmiljøet, fødde like før og under andre verdskrigen, som har skrive han inn i etterkrigshistoria. Det danna seg slike tette krinsar av beundrarar kring han, ikkje berre av profilforfattarane i sekstiåra, men òg i tilknyting til tidsskriftet Basar kring 1980 og seinare i studentmiljøet ved universitetet i Bergen, der han «såg søner og døtrer i studentane og bygde seg opp ein krets av disiplar», som Fidjestøl skriv.

Festskrifta forfatta av læresveinane kom som perler på ei snor. I 1981 kom En bok om Georg Johannesen, redigert av Johan Fredrik Grøgaard, Kjell Heggelund, Jan Erik Vold og Einar Økland, for å «hylle forfatteren på hans 50-årsdag». I 1991 heidra Nordisk institutt ved universitetet i Bergen han på ny med ei bok til 60-årsdagen.

Ritualet vart teke opp att med Johannesens bok, eit «forsinket festskrift til 65-årsdagen», redigert av Arnfinn Åsland og med bidrag av Dag Østerberg, Jan Inge Sørbø, Einar Økland, Jon Hellesnes, Karin Moe med fleire. I 2001 kom Bordsanger, ein markering av 70-årsdagen hans. I 2006, nokre månadar etter han døydde, gav Dag og Tid ut ei eiga hyllingsavis om han, og hevda at «interessa for dei ulike sidene ved Georg Johannesen kjem berre til å vekse i åra som kjem».

I den fyrste hyllingsboka vert han rosa av Einar Økland for alt i ungdomen å ha vore «komen så langt i sin utvikling at han ville la seg styre av kunnskap og fornuft». For meg høyrest dette ut som eit program for fortrenging og einspora utvikling. Men all ros er sjølvros, som Helge Krog sa. Læresveinar rosar han, men rir sjølv på rosen, som Økland i eit intervju frå 2006: «Nøkkelpersonane i dette landet, dei med nokolunde vett i toppen og orienteringsevne, har funne fram til Georg Johannesens bøker.»

Ungarn og Tibet

Ein vanleg veikskap i all politisk kritikk er at ein så godt ser ugjerningane til dei politiske motstandarane sine, men er blind for overgrepa til venene sine. Georg Johannesen skreiv dikt om vestleg brutalitet i kolonikrigane, men kalla kritikken av Sovjets invasjon av Ungarn og Kinas okkupasjon av Tibet som «sutring» frå «høyrefolk». Historikarar har anslått at opp mot 3000 ungararar vart drepne i oppstanden mot kommuniststyret i 1956, mange av dei avretta; fleire tusen vart sende til straffeleirar i Sovjet, og fleire tusen flykta frå Ungarn. I den tibetanske oppstanden mot dei kinesiske okkupantane i 1959 døydde ifølgje den tibetanske motstandsrørsla over 80.000 menneske.

Synet til Georg Johannesen var at kritikken av kommuniststatane ikkje hadde truverd når han kom frå høgresida, som ikkje ville kritisera det kapitalistiske systemet for atomopprustinga, fattigdomen i verda og så bortetter. Men eg har ikkje sett at han har nytta dette prinsippet på seg sjølv.

Medan nedslaktinga gjekk føre seg i Budapest i 1956, heldt Studentersamfunnet i Oslo møte der Johan Galtung gjekk i spissen for eit spontant demonstrasjonstog til den sovjetiske ambassaden. Dei mest venstreorienterte i salen, mellom dei Georg Johannesen, meinte at ein ikkje kunne protestera mot Sovjetunionens innmarsj i Ungarn utan samstundes å protestera mot Englands og Frankrikes planar om å senda militære styrkar til Egypt etter Nassers nasjonalisering av Suezkanalen. Då demonstrasjonen sette kursen mot den sovjetiske ambassaden, kryssa han saman med nokre meiningsfellar over på andre sida av gata og stemde i med «Internasjonalen»; han ville ikkje vera med på nokon einsidig protest mot kommuniststaten.

Georg Johannesen stemde for Studentersamfunnets resolusjon mot Sovjetunionen. Men han oppfatta eit einsidig protesttog mot Sovjetunionen som ei frikjenning av dei vestlege kolonimaktenes maktspel på verdsscena. Han var ikkje åleine om dette. Saman med Johannesen gjekk også Berge Furre, Per Maurseth og andre seinare sentrale namn i SF og SV.

Dag Østerberg skriv i festskriftet Johannesens bok at han ikkje ville vera med på å sjå invasjonen som «kommunismens sanne ansikt», «men tvertom» såg på han «som et svik mot kommunismen». Kommunismen er, som vi veit, alltid rein, same kor djupt ned i skiten han søkk.

«Du skal ælske Sovjetunionen», skal han ifølgje Fidjestøl ha sagt til Oddmund Søilen. Dette var ikkje noko irrasjonelt bod for ein venstreradikalar, for den russiske revolusjonen i 1917 var for mange det historiske provet på at kommunismen ikkje var ein utopi, men mogeleg i den verkelege verda. Ein måtte berre lata att augo for denne verkelege verda og tru at det sovjetiske diktaturet var ein barnesjukdom, og etter åtti års undertrykking halda fram med å tru på kommunismens lange barndom.

Illusjonen

Delar av venstresidas sympati med Sovjet-diktaturet hang saman med den djupe avsmaken for det vestlege og kapitalistiske systemet. Rett nok var det open sensur og synleg undertrykking i Sovjet. Men massetenkinga og styringa av massemedia fann ein òg i Vesten, berre meir usynleg. Den politiske og kulturelle fridomen i Vest var ein illusjon, meinte dei, fordi han utspela seg utanfor den politiske og økonomiske makta. Berre ei grunnleggjande systemendring kunne skape fridom.

I Sovjet hadde dei i det minste starta på denne vegen. Trass i diktaturet var kommuniststatane i ein prosess som gjekk i retning av reell fridom, medan dei vestlege landa sat fast i kapitalismens jarngrep, som skapte illusjonar heime og nød og krig ute.

Dette synet legg Georg Johannesen fram i artikkelen «Kommunistene – og vi» (Orientering, 1. mai 1960). Diktaturet i Sovjetunionen fører han ikkje attende til kommunismen, men til den russiske historia med tsardømmet. Han meiner historia har prova «sosialismens overlegenhet som økonomisk system» og «sosialismens moralske overlegenhet».

Kort sagt trur han at kommunismen er god på botnen og trass i startvanskar kan og vil utvikla seg til fridom. Det vestlege samfunnssystemet har derimot «en mørk historie bak seg». Det er vondt på botnen og er latent fascistisk. Georg Johannesen trur på «kommunismens vilje til demokratisering», medan mange i Vesten tek «sikte på å avvikle vårt folkestyre». Såleis er kommuniststatane gode statar med lyte dei kan veksa av seg, medan kapitaliststatane er vonde statar med fascisttendensar. Slik tenkte folk på den norske venstresida, og slik tenkte Georg Johannesen.

Han hadde eit skarpt blikk for skuggesidene i dei vestlege samfunna. Men denne innsikta vart kompromittert av illusjonane hans om det kommunistiske systemet. Det er nett denne einøygde analysen som meir enn mykje anna har undergrave venstresida.

Georgisk tenkemåte

I 1966, midt under den kinesiske kulturrevolusjonen som kosta hundretusenvis av menneskeliv, slo Georg Johannesen fast i eit intervju med Profil at «India må gå Kinas vei». Året etter trudde han på revolusjon i Noreg. I 1968 vart han spurd i Arbeiderbladet: «Er det bare kommunismen som kan skape rettferdighet?» Han svara: «Ja, selvsagt.» Han var den gongen 37 år gamal og ein vaksen mann, men stadig naiv ideologisk utopist i politikken.

Eit godt kjent døme på Johannesens stil og den norske mottakinga av han er oppropet mot Albert Schweitzer under nobelforedraget i Oslo etter tildelinga av fredsprisen for 1952. Kritikken hans dreidde seg ikkje om Schweitzers tidsprega paternalisme i høve til afrikanarane, for Johannesen var sjølv ein slik paternalist som tenkte seg at det var europearanes oppgåve å «løfte Afrikas og Asias folk opp til et menneskeverdig liv», som han skreiv i oppropet.

Det handla om at slik hjelp som Schweitzer gav menneske i Afrika gjennom sjukehuset sitt i Lambarene i Gabon, «tilslører de [...] problemer som må løses for å skape en varig fred». Schweitzer likna han med «ein sliten distriktslege eller en strevsom mor» som kunne vera rosverdig nok, men irrelevant for fred eller krig. Dette oppropet kallar Fidjestøl for «ein kanonisert tekst» og «polemikk på høgaste nivå».

Men om oppropet mot Schweitzer er «kanonisert» gjennom hyppig bruk av «retorikkforskarar og i studentoppgåver», så er dette eit teikn på kor utbreidd den ideologiske forblindinga må vera i universitetskrinsane når det gjeld Georg Johannesen.

Sjukehuset Schweitzer starta i Gabon, har i åra som er gått, behandla mange tusen pasientar frå ein omkrins på 600 kilometer, mellom dei menneske som lir av lepra. I 1990-åra vart opp mot 200 pasientar tekne imot dagleg. Dette er etterverknader av Schweitzers liv. Kor mange sjuke menneske fekk hjelp av Georg Johannesen? Også som verdskjend motstandar av atomopprusting skulle Schweitzer koma til å bety mykje meir enn han.

Synspunktet til Johannesen i dette oppropet er at alt det Schweitzer stod for, samforstand mellom verdsreligionane, liberalisering av kristendomen, gjensidig hjelp mellom menneska på tvers av geografiske og kulturelle skilje og ikkje minst den konkrete, personlege, individuelle innsatsen for å hjelpa dei som er i naud, har «ingen relevans» for «spørsmålet om fred eller krig». «Polemikk på høgaste nivå» er openbert noko polemikaren kan oppnå også med grunnleggjande forvillingar.

Omfamn mordaren

I botnen av kritikken som oppropet mot Schweitzer ligg ideen om at det einaste som kan hjelpa menneska, er kommunistiske revolusjonar, som i Russland førte mellom ti og tjue millionar menneske i slaveleirar.

Det poetiske nedslaget av denne utopiske brutaliteten finn vi i Georg Johannesens attdiktingar av Brecht-dikta «Herberget» og «Forandr verden: Den trenger det» i Brecht 100 dikt (1971). I det fyrstnemnde diktet er det om å gjera å få sagt at ein mann i New York som kvar kveld samlar inn pengar på gata for å gje huslause plass på eit herberge så dei slepp å sova på gata, «forandrer ikke verden» og «forbedrer ikke forholdene mellom menneskene». Men dette er ikkje sant. Nett det å hjelpa eit medmenneske du kjem andlet til andlet med, set grenser for vondskapen i verda.

Tvert imot dette trur Georg Johannesen med Bertolt Brecht at verda kan betrast med revolusjonar. Begge desse poetane meiner i dikta sine at vi ikkje må nøla med å gripa til våpen for å oppnå vedunderlege resultat. Det er dette som ligg i setninga: «Synk ned i skitt, omfavn morderen!/ Men forandr verden: den trenger det.» Når slik poesi skal omsetjast til politikk, endar det i slaveleirar og blodbad.

Politiske dikt

Begeistringa til dei unge profilforfattarane over Dikt 1959 kom frå attkjenninga deira av ei røyst dei meir ordlaust hadde høyrt i seg sjølv, og no lydde utanfrå i utforma tekster. Forfattaren av den vesle boka var såleis ein forløpar som varsla eit kulturelt omslag, fyrst og fremst eit skifte i politiske haldningar, men sikkert også ei ny livsstemning.

Dette som var nytt i 1959, verkar ikkje alltid like doggfriskt i dag. Dei dikta som har halde seg, er dei eksistensielle, som «Du» med opningslinene «Av kvinner jeg ikke har kjent/ nevner jeg alltid deg først». Det kjente «Jødisk partisansang» frå Nye dikt (1966) foreinar dei beste sidene hans: moralsk vreide, politisk patos og presisjon gjennom tradisjonelt formspråk, og det vert då òg eit dikt til å henga på veggen, på line med Arnulf Øverlands «Du må ikke sove».

Men i det mykje omtala «Vår», den gong lese som ein velkomst til det revolusjonære frambrotet av ei ny og friare tid i den fattige verda, heng no den venstresosialistiske ideologien att som i eit innestengt rom, i form av trua på den vestlege sivilisasjonens undergang til fordel for ein ny og betre radikal kultur med røter i den fattige delen av verda.

Eg har ikkje problem med å kjenna att denne livskjensla som prega dei unge generasjonane i 1960- og 70-åra. Men vegen til ei betre verd gjekk ikkje gjennom alliansen med dei revolusjonære rørslene i den fattige verda. Den moderne krisa stakk og stikk mykje djupare. Dei skråsikre politiske føregangsmennene leidde oss vill.

Attdiktaren

Best av det Georg Johannesen har skrive, er utan tvil attdiktingane, særleg Tu Fu, men òg Brecht 100 dikt og elles spreidd omkring i verket. Også det best kjente og mest beundra diktet hans, «Jødisk partisansang», har eit førelegg, nemleg i Hirsch Gliks songtekst med same namn, inspirert av oppreisten i Warszawa-gettoen i 1943.

Ein tredel av forfattarskapen hans frå den produktive perioden 1957–71 er frie attdiktingar. Ein av åtte delar av Ars moriendi er attdikting. To av dikta i debutboka og to i Nye dikt er attdiktingar. Det kan sjå ut som om han i høgare grad enn andre forfattarar skreiv best når han kunne låna frå andre, og at han i mange attdiktingar var meir lojal mot seg sjølv enn mot originalane.

I innleiinga til Brecht 100 dikt finn vi òg hans eige litterære program i den kortfatta skildringa av Brechts biografi: omflakkande tilvære i eksil, sosialt medvit, politisk opposisjon og skriving på tvers av sjangergrenser, formell inspirasjon frå Bibelen, folkedikting, sjargongar, Laotse, klassikarar og modernistar.

Bertolt Brecht skapte ei verd som på den eine sida var innsnevra av dei tronge grensene som vart rissa opp av naturvitskap og marxisme; samstundes var denne innskrenka verda lada med tradisjonalistisk, folkeleg, metafysisk og religiøst språk og tonefall. Det overflatiske og enkle politiske innhaldet fekk tyngd frå eit rikt, religiøst prega språk.

Placeboesi

Dette formgrepet med enkelt politisk og naturvitskapleg innhald knytt til den norske samtida, men lagt fram i tradisjonalistisk høgstil med gåtefull biletbruk, utvikla Johannesen fullt ut i Ars moriendi frå 1965. Her dannar religiøs tradisjon, tenking og litteratur grunnlaget for bokas struktur og form. Kvart av dei sju kapitla er lagt inn under ein av dei sju dødssyndene i den katolske læra, og forfattaren skriv i ein note til innhaldslista at «hver uke følger påskeuken».

Til 1996-utgåva av Ars moriendi skreiv han eit 1000 liners «etterpåkloke etterord» til det 441 liners diktverket. Samstundes som han tidsriktig snakkar om «flertydige meningsplan», legg han i detalj fram korleis boka vart skriven og komponert, kva innhaldet er, og korleis ho best lyt lesast og skjønast.

Det mest slåande i denne bruksrettleiinga er nett motsetjinga Georg Johannesen sjølv peikar på, mellom ei komplisert form og innhaldet i dikta. Ars moriendi, skriv han, er «et dokument eller samtidsdikt fra Norge 1950–1965», «inspirert av det faktiske Norge før 1965», eller av opplevinga av å «ligge død døgnet rundt i Farao Gerhardsens sosialhygieniske pyramide». Som inspirasjonar til dikta syner han til prosaiske einskildrøynsler frå dei norske 1950-åra, som ei utsegn frå turistsjefen i Oslo, ungdomstida i Bergen, magisteroppgåva som fyrst vart underkjend, Leif Juster, norsk utanriks- og innanrikspolitikk og så bortetter, men skildra etter streng verslære i ein struktur henta frå religionen.

Slik avstand mellom form og innhald kan seiast å vera typisk for lyrikken: Ved å skildra noko kvardagsleg på uvanleg vis vert det kasta nytt lys på det vanlege. Men når avstanden mellom det som vert skildra og måten det vert skildra på, er for stor, fell denne poetiske verknaden vekk. Uttrykket gjer seg fri frå det som skal få nytt lys.

Uttrykket kan likevel vera poetisk, men no vert poesien subjektiv. Den gåtefulle teksten vert til eit medium for lesarens private fantasi. Det oppstår ein poetisk placeboverknad, eller placeboesi: Det er ikkje lenger diktet som skapar ein poesi som mange lesarar kan dela, om enn med subjektive variasjonar, men kvar einskild lesars fantasi som gjev ulik poetisk verknad frå lesar til lesar, løyst frå ein felles dimensjon i diktet.

Forflatinga

Heller ikkje profesjonelle litteraturkritikarar klarte å løysa gåtene i Ars moriendi utan den seinare rettleiinga frå forfattaren. Eiliv Eide i Bergens Tidende fann at sjølv der det var mogeleg å løysa eit av gåtedikta, var løysinga så enkel at det vart eit antiklimaks. Litteraturprofessoren Asbjørn Aarseth fann ingen samanheng mellom bokas struktur med dei sju dødssyndene og innhaldet i einskilddikta, og kalla bokskjemaet «pretensiøst». Odd Solumsmoen i Arbeiderbladet meinte det same: at Ars moriendi ikkje er «så betydelig som den legger opp til».

I Fidjestøls biografi vert alle desse reaksjonane avviste til fordel for seinare anerkjenning av Ars moriendi som «eit høgdepunkt i norsk lyrikkhistorie». Eg meiner fyrsteinntrykket var rett. Boka har mange gode og forståelege enkeltdikt, som «Mild vinter» med fyrstelina «Telegraftråder med spurver som noter» eller «Solspråk» med «Granene står i gamle uniformer/ på museumsmodne åser». Ein kunne òg nemna «Ikaros» og «Pubertet».

Men dei gode einskilddikta vert undergravne av den krevjande komposisjonen. Det inneber ikkje at Georg Johannesen var ein dårleg lyrikar, men at kåringa av den beste norske diktboka på hundre år seier mindre om Ars moriendi enn om kva som vart rekna for å vera moteriktig poesi i flokken av samtidslyrikarar.

Sjølvsagt kan diktverket losna frå forfattarens medvitne intensjonar, men forfattarens verdsbilete og tenkemåte spelar like sjølvsagt inn, ikkje minst for ein politisk diktar som hevdar å ha forstanden inst i hjarta.

Kjell Heggelund, som stod Georg Johannesen nær, seier at diktinga hans vert boren av «en vilje til å avdekke og avsløre», og at avlæringa av det vanlege, falske medvitet skal føra til at lesaren «åpner seg for livets egentlige tragedie og avviser vår falske trygghet», og dermed også opnar seg for «erkjennelsen av vår (politiske) situasjon». Det er lærarens og vismannens haldning meir enn kunstnarens. Når ein les Fidjestøls biografi, vert ein slått av korleis lærarrolla står fram som det mest varige draget i Georg Johannesens verksemd, og korleis han med rettleiinga til Ars moriendi nærast vil vera lyrikklærar òg når han skriv dikt sjølv.

Om Heggelund har rett, driv ikkje Georg Johannesen med «underleggjering» av røynda for å oppnå ein poetisk verknad og ei djupare eksistensiell eller metafysisk innsikt, men for å fjerna den falske poesien han meiner dekkjer til røynda i Nato- og Obos-landet Noreg. Han trur folk flest heng att i ein hjernevaska, borgarleg, uvitskapleg oppfatning av røynda, og skriv dikt for å føra lesaren til den materialistisk vitskapelege og marxistisk politiske sanninga. For meg vil det seia at han vil læra oss opp i eit forelda og forsteina verdsbilete. Han underleggjer for å forflata.

Samanbrotet

I Brecht-diktet «Ros av den revolusjonære», attdikta av Georg Johannesen i Brecht 100 dikt, vert den politiske aktivisten skildra som helgen og innvigd: «Der undertrykkelse hersker og det tales om skjebne/ der gir han tingene navn.» Overalt kor «den revolusjonære» kjem, vekkjer han folks medvit nett som ein kristen emissær. Han talar der alle teier. Han vekkjer folk opp til innsikt gjennom det blotte nærværet sitt, som ein Paulus eller Hans Nielsen Hauge. Slik vert dette diktet eit døme på korleis kommunismen og venstresosialismen tok over stil og form frå kristendomen, og erstatta religionen med den politiske trua.

Georg Johannesen gjekk i politisk opposisjon i ei tid og eit miljø der den vestlege kapitalismen vart oppfatta som eit system bygt på illusjonar og halde oppe av godt organiserte lygner som få gjennomskoda. Den revolusjonære vart dimed ein sjåar eller politisk synsk. Han var liksom inspirert av noko høgare i ei forblinda tid, nett som dei jødiske profetane, Jesus og dei kristne helgenane. Slik vart òg Georg Johannesen til ein inspirert, profetisk skapnad, forfattaren som forpakta den djupare sanninga.

Typisk for stilen hans var eit av dei mest kjende essaya hans, «Om den norske nyrealismen» (1973). Det er eit polemisk essay som ikkje tek sikte på å vinna fram gjennom argument, men ved å få latteren på si side. Essayet er såleis ein studie i kulturell maktkamp. Livskjensla er no ny og radikal, Georg Johannesen har dei unge på si side, han treng ikkje gå inn på premissane til motstandaren, enn seia legga fram det synet han går til åtak på, men kan nøya seg med ironien.

På dette viset vert Sigrid Undsets mellomalderromanar, idéhistorikaren og essayisten A.H. Winsnes, og Bull, Paasche og Winsnes’ standardverk Norsk litteraturhistorie (1957–63) utan nærare undersøking dumpa på historias skraphaug for ein heil generasjon.

Kanskje er Georg Johannesen sjølv meir fanga i samtida si enn Sigrid Undset var som romanforfattar. I alle fall meiner eg at den norske litteraturhistoria til Bull, Paasche og Winsnes er den beste som er skriven, mindre datert enn dei nyare som er sterkare prega av samtida si og har eit snevrare perspektiv.

Når ein les Øystein Rottem i Norges litteraturhistore frå 1996, får ein servert ein tenkemåte som er så fast forankra i 1960- og 70-åra at Rottem i innleiinga må åtvara lesaren mot seg sjølv, fordi han ikkje trur han kan lausgjera seg frå sin eigen generasjon. I A.H. Winsnes’ litteraturhistorie frå 1880-åra til fyrste verdskrigen får lesaren derimot ein samtidshistorisk og idéhistorisk bakgrunn for forståinga av litteraturen i denne epoken, høgst leseverdig og aktuell seksti år seinare. Slikt feiar Georg Johannesen til sides.

Den tomme forma

Som person var han ikkje utan poetisk djupn og eksistensiell innsikt, men både den klassiske materialismen hans og det gamalkommunistiske politiske synet hans var turt og einsidig, tørka meir og meir inn med åra, og tapte til slutt all relevans. For ein politisk poet som Georg Johannesen må dette har vore kritisk.

Eg trur han kompenserte inntørkinga av innhaldet med den religiøst inspirerte forma. Han størkna meir og meir i profetrolla, men med stadig tynnare bodskap. Denne veksande ubalansen mellom form og innhald førte til det litterære samanbrotet som enda i parodien: «Kongebøkene» (1978–89), og Romanen om Mongstad (1989), ei politisk morobok bygd på eit avisintervju med den fyrste statoilsjefen, Arve Johnsen.

Georg Johannesen var ein inspirator for yngre intellektuelle, ein framifrå produsent av provoserande one-liners og ein fyrsteklasses attdiktar, men elles ein ujamn lyrikar med eitt einaste særprega verk. I dette skil han seg ikkje frå fleirtalet av kjende lyrikarar.

Men i litteraturhistoria har han no slutta seg til nett slike «åndsgigantar og gudar» med namn som lyser «med gull-glans i norsk bokheim» som han sjølv leverte ut til latteren i pamfletten mot norske litteraturhistorikarar i 1975.

Alle kåringane av Georg Johannesen og verket hans som størst, best og viktigast, saman med insisteringa frå læresveinane og kollegane på den eineståande kvaliteten i tenkinga og dikta hans, i «ein klasse for seg», er ein peikepinn om at geniforklaringa ikkje har støtte i verket og lyt stivast opp med skryt. Ved å tona ned skrytet kunne dei beste dikta hans bli ståande.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis