Energi

Prognosemakeri

Om Statnett har rett, skal vi nordmenn mellom 2022 og 2027 auka forbruket av kraft med 30 TWh, som er like mykje som Danmarks samla forbruk.

Statsminister Jonas Gahr Støre då han deltok på årets internasjonale festival for flytande vindturbinar, Floating Wind Days i Haugesund i slutten av mai.
Statsminister Jonas Gahr Støre då han deltok på årets internasjonale festival for flytande vindturbinar, Floating Wind Days i Haugesund i slutten av mai.
Publisert Sist oppdatert

Er det eitt tema nordmenn har vorte totne øyro fulle av dei siste par åra, er det at vi må skaffa oss meir kraft, og det nærast kosta kva det kosta vil. Regjeringa Støre har som ambisjon at staten skal ha tildelt produksjonsområde på sokkelen for havvind på 30 gigawatt (GW) innan 2040.

Dersom det blæs så mykje at dei planlagde vindturbinane produserer i halvparten av tida, vert det 131,4 terawattimar (TWh), eller over 131 milliardar kilowattimar.

I Noreg brukte vi 122,9 TWh i 2022, ein nedgang på 6,4 TWh frå 2021. Tek vi med tapet i kraftnettet og den straumen vi nytta på pumpekraft, hamna det samla forbruket på 133,4 TWh i 2022. Ser vi på forbruket så langt i år og legg inn Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) forventa temperaturjusterte forbruk ut året 2023, får vi eit forbruk på vel 131 TWh.

Overskot

Kraftoverskotet er stort. I 2021, då magasineigarane produserte for mykje på grunn av dei høge gassprisane og prissmitten dei nye kablane til England og Tyskland førte med seg, hamna årsproduksjonen på 157,1 TWh. I 2022, då dei delvis heldt att, etter NVEs meining, var produksjonen 146 TWh.

I alle høve har nordmenn verkeleg tilpassa seg dei nye kraftprisane. Trass i all elektrifiseringa av bilparken og det store meirforbruket som utbygginga av Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen har leidd til, var forbruket i 2022 nett det same som i 2016. Så langt i år har nettoforbruket gått ned med 3,5 prosent, medan produksjonen av straum har gått opp med 3,1 prosent samanlikna med 2022, seier Statistisk sentralbyrå (SSB).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement