Proletariatet vann

I år er det 30 år sidan verdas rikaste fotballsystem, Premier League, vart skapt.

Slik ser han ut, den fyrste engelske spelaren som fekk ei vekeløn på 10.000 pund. Her har John Barnes signert for Newcastle i 1997. No er gjennomsnittsløna i Premier League 60.000 pund.
Slik ser han ut, den fyrste engelske spelaren som fekk ei vekeløn på 10.000 pund. Her har John Barnes signert for Newcastle i 1997. No er gjennomsnittsløna i Premier League 60.000 pund.
Publisert Sist oppdatert

Den 25. mars 1980 døydde ein slaktar brått i Manchester. Han heitte Louis Edwards. Son hans, Martin, som òg arbeidde i slaktarforretninga, arva nokre aksjar faren eigde. Aksjane var i fotballklubben Manchester United, som faren kontrollerte.

Taksten på aksjane vart sett til to millionar pund. Det var framleis ikkje lov å ha lønte direktørar og styremedlemer i britisk fotball, men i 1982 gjekk fotballforbundet, FA, med på at styra kunne betala ein direktør. Edwards tok stillinga sjølv. Han løyvde seg ei årsløn på 30.000 pund, som var omtrent det dei beste spelarane i klubben fekk i året.

På NRK ligg det no ein dokumentarserie om korleis Premier League kom til i 1992. Det var etter initiativ frå Rupert Murdoch, som seinare, i 1998, kjøpte aksjane til Edwards og klubben for 623 millionar pund, men Murdoch måtte gje attende aksjane til Edwards, sidan det britiske konkurransetilsynet sa nei til oppkjøpet.

Kjetil Kåre Haugen er professor i fotballøkonomi ved Høgskolen i Molde.

– Kvifor fekk vi Premier League?

– Det enkle svaret er satellittfjernsyn. Det gav høve til å selja fjernsynssignal til individ og nye fjernsynsselskap. Det opna for at ein kunne tappa den betalingsviljen som heile tida hadde vore der, men som var avgrensa av geografi og kapasitet. Det var ikkje lett å sjå fotball i ein by langt vekke eller i eit land endå lenger vekke. Eg trur forklaringa er så enkel. Premier League vart skapt på grunn av teknologiutvikling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement