Politikk
Regjeringa får ståkarakter
– Me trur det hadde vore rett å prioritere tilsette i skular og barnehagar tidlegare i vaksineringa, seier Egil Matsen, leiar for Koronakommisjonen.
Koronakommisjonsleiar Egil Matsen før overleveringa av rapporten til statsministeren på ein pressekonferanse i Marmorhallen i Oslo tysdag denne veka.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Tysdag leverte Koronakommisjonen rapporten sin til statsminister Jonas Gahr Støre. Kommisjonen gjev Solberg-regjeringa ros for handteringa av pandemien, men kjem òg med kritikk på område som kriseførebuingar, intensivplassar, innreisereglar, skjerming av barn og unge og vaksineprioriteringar.
– Fleire barn og unge har under pandemien slite med psykiske vanskar. Har norske styresmakter vore for strenge i tiltaka dei har pålagt norske skular?
– Me peikar i rapporten på at styresmakter, både på stats- og kommunenivå, har gjort mykje for å verna barn og unge. Men det er likevel nokre manglar, meiner me. Det eine har å gjere med smitteverntiltak: Enkelte kommunar har «lagt på litt» og innført strengare tiltak enn nasjonale styresmakter har meint er naudsynte. Det har gått ut over barn og unge. Me trur òg det hadde vore rett å prioritere tilsette i skular og barnehagar tidlegare i vaksineringa. Det ville gjort det mogleg å halde skulane på lågare tiltaksnivå i lengre periodar enn det ein har gjort. Det har vore liten oversikt over kven av barna som blir definerte som sårbare, og som skulle ha tilbod heile tida, og det meiner me har gjort at barn og unge ikkje har blitt skjerma like mykje som målsetningane til regjeringa tilsa.
– De gjev regjeringa ros for handlekraft, men kritiserer ho for detaljstyring. De peikar på hastprega innreisereglar og stadige justeringar. Mangla regjeringa meir langsiktig planlegging under pandemien?
– Regjeringa har jobba med planlegging og strategi, men det me ofte har sett, er at alle sakene som har vore på regjeringsbordet, og det har vore mange av dei, har belasta underbyggande etatar med å førebu avgjerdsgrunnlag for regjeringa. Dermed har etatane, der fagekspertane jobbar, hatt mindre kapasitet til langsiktig planlegging og strategisk tenking.
– Var det verkeleg slik at ein midt i ein pandemi ikkje kunne auke intensivkapasiteten fordi fagfolk ikkje kunne bli samde om definisjonen av intensivplassar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.