Regjeringa vil stramme grepet om Svalbard
Lokalstyreleiar Terje Aunevik meiner Svalbardmeldinga svarar på fleire av utfordringane Longyearby-samfunnet står overfor – men ikkje alle.
Regjeringa vil innføre turistskatt på Svalbard og gjere det meir attraktivt for nordmenn å flytte til og verte buande på øygruppa. Bilete er frå sentrum av Longyearbyen.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB
I den nye stortingsmeldinga om Svalbard varslar regjeringa at ho vil styrkje den nasjonale kontrollen og byggje opp under norsk nærvær på øygruppa. Sidan førre svalbardmelding i 2016 har verda endra seg – og ikkje berre geopolitisk. Lokalt er den norske gruvedrifta snart heilt avvikla, og samfunnet i Longyearbyen er i større grad basert på arbeidsplassar innan reiseliv, forsking og høgare utdanning. Folketalet har i tillegg auka, talet på utanlandske statsborgarar har stige, og både tenestetilbod og infrastruktur i Longyearbyen er under press.
Regjeringa sitt svar er å gjere det meir attraktivt for nordmenn å flytte til og verte buande på Svalbard. Ho vurderer mellom anna skatteendringar og endringar i trygdeavgifta som i praksis berre vil omfatte utanlandske statsborgarar. I tillegg vil ho la staten ta større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, innføre ein turistskatt som skal finansiere utgifter til infrastruktur og offentleg tenesteyting, og vurdere avgrensingar i cruisetrafikken til Svalbard.
Samstundes seier regjeringa at folketalet, tenestetilbodet, bustadmassen, næringsaktivitet og forskingsstasjonar og -infrastruktur bør vere på same nivå som i dag – og ikkje utvidast i omfang.
Lokalstyreleiar Terje Aunevik (Venstre) har budd i Longyearbyen i 25 år, og han seier dei merkar godt at det er nye tider, og at den tidlegare hovudnæringsvegen for byen er vekke.
– Det har vore sårt å leggje ned gruvedrifta, ikkje berre fordi ho har vore ein vesentleg del av identiteten til byen, men også fordi det skjer noko i eit samfunn når industriarbeidsplassane forsvinn. Det påverkar logistikktenester og vareflyt, talet på servicebedrifter og beredskapsfunksjonar. Mange av funksjonane dette samfunnet treng, har henta ressursar frå industriarbeidssfæren, og det er ikkje alt som går an å løyse med berre akademikarar.
– Svarar meldinga på utfordringane lokalsamfunnet står overfor?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.