Rein på flyttefot
Ein rapport tinga av Energidepartementet tilrår vinterbeite for Fosen-sijtane i Østerdalen. Det har skapt reaksjonar i Tolga og Os.
Rein vandrar kring i Storheia vindpark.
Foto: Heiko Junge / NTB
Konflikten mellom reindriftssamane på Fosen og vindkraftutbyggjarane såg ut til å vere uløyseleg. Men i desember 2023 vart det altså inngått ein minneleg avtale mellom Sør-Fosen sijte og Fosen Vind, og i mars i år kom Nord-Fosen sijte og Roan Vind også fram til ein avtale. «Avtalen skal bidra til å sikre videre reindrift, avbøte driftsmessige ulemper, samt gi et grunnlag for fremtidig kulturutøvelse for Sør-Fosen sijte og Nord-Fosen siida i et generasjonsperspektiv», kan me lese på Regjeringen.no.
Ein del av denne avtalen er at det skal vere mogleg å ta i bruk eit tilleggsareal for vinterbeite utanfor Fosen reinbeitedistrikt. Men kvar skal dette området utanfor Fosen vere? Energidepartementet sette i gang ei utgreiing. Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) presenterte denne månaden rapporten Utredning av mulig tilleggsareal for vinterbeite for Sør-Fosen Sijte og Nord-Fosen Sijte.
– Det er ei komplisert sak, men oppdraget me fekk frå departementet, var avgrensa og konkret å arbeide med, seier prosjektleiar Finn-Arne Haugen i Nibio.
– Korleis kom de fram til kva område som skulle vere med i vurderinga?
– Dei områda som er med i utgreiinga, og som er utgangspunktet for vurderingane, er i oppdragsteksten definerte til å liggje utanfor samisk reindriftsområde, utanfor Trollheimen reinbeiteområde, og dei skal helst ikkje liggje innafor villreinområde. Så skulle det også vere ein akseptabel avstand frå Fosen. Og kva som er akseptabel avstand, skulle avklarast med reindriftsutøvarane dette gjeld. Legg me saman desse føresetnadane, kjem me fram til dei områda som me har sett på. Det er også andre område som er eigna for vinterbeite, men dei er sette av til villrein. Så av dei områda som var eigna, var det berre eitt me ville tilrå.
Nibio tilrår området Håmmålsfjellet-Sålekinna i Østerdalen. Dette grunngjev dei med at det er meir enn stort nok beiteareal til begge sijtane. I tillegg til dei nemnde kriteria er omsyn til topografi – for bratt og ulendt terreng gjer det vanskelegare å samle dyra når dei skal flyttast, og gjev også fare for snøskred – og naturleg nok tilgang til mat viktige punkt i vurderinga. Og i Østerdalen er landskapet både oversiktleg og har mykje reinlav. Ifølgje rapporten gir dette gode tilhøve for ro under beite, gjeting, tilsyn og samling av rein. Men er det ikkje også villrein i Tolga?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.