Klima

Reinsdyr finn ikkje mat på vidda

Reinsdyr grev etter næring under snøen, men gras og urter er dekte av is og hard snø. Klimaendringane pregar alt reindriftsnæringa – og kan endre ho radikalt på sikt.

Aslak Mathis Turi køyrer ut kraftfôr reinflokken.
Aslak Mathis Turi køyrer ut kraftfôr reinflokken.

– Eg håper på eit under, seier Aslak Mathis Turi.

Etter lange arbeidsdagar på vidda er reindriftsutøvaren heime att i Kautokeino og tek seg tid til ein samtale med Dag og Tid om situasjonen han står i. Det handlar om vêr, det handlar om klima, det handlar om reinflokken hans, om tunge tak og ei usikker framtid.

For reindriftssamane i indre Finnmark starta året på verst tenkjeleg vis – med beitekrise i store område. Kriseberedskapsutvalet i næringa vart samla, statsforvaltaren synfór beiteareala, og vi fekk høyre at 30.000 reinsdyr ville svelte om dei ikkje vart tilførte krisefôr.

Tidleg denne veka hadde talet på råka dyr auka til opp mot 60.000. I tillegg er det kome dårleg nytt også frå Nordland, der det har vorte erklært beitekrise i to reinbeitedistrikt.

Om ikkje vêret betrar seg, står ytterlegare 70.000 rein i fare, ifølgje Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Det er store tal. I fjor var det totale talet på tamrein her i landet 213.000 dyr, om lag 150.000 av dei i Finnmark. Og no står vi altså i ein situasjon der godt over 100.000 rein om kort tid kan stå utan beite.

Utfordringar i kø

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement