JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

12954
20240906

Bakgrunn

Unge domfelt

28. august vart fire personar dømde i Södertörns tingrett for å ha medverka til mellom anna trippeldrap og drapsforsøk på sju personar.

Offera vart drepne i sin eigen heim i Stockholm den 12. og 13. oktober i fjor.

Ein i dag 17 år gammal gut vart dømd til fengsel i tolv år, ein i dag 16 år gammal gut til ti år, ei i dag 16 år gammal jente til lukka ungdomsinstitusjon i to år og to månader, ein 22 år gammal mann vart dømd til 16 år i fengsel.

Dommen er ikkje rettskraftig.

Kriminalitet

christiane@dagogtid.no

Då klokka nærma seg ti på eitt natt til torsdag 12. oktober i fjor, vart røynda brått og varig endra for ein småbarnsfamilie i Västberga i Stockholm. Ein då 16 år gammal gut slo og skaut seg gjennom altandøra til familiebustaden med automatvåpen, og drap familiefaren, som hadde lagt seg til å sove på sofaen i stova. 16-åringen gjekk så opp i andre etasje, der han møtte mora, med den minste av to barn på armen. Han kommanderte henne til å snu seg, før han skaut henne i ryggen med to kuler. Ei av dei sneidde den vesle ungen og gjekk gjennom kosebamsen, som vart skitna til med blod. Mora vart livstrugande skadd, men berga livet. Politiet kom til eit hus fylt av krutrøyk og frykt.

Natta etter, natt til fredag 13. oktober, drog 16-åringen til nok ein familieheim med automatvåpen, i Tullinge i Stockholm. Der sov mora i familien, dei tre barna hennar, mormora deira og ei ung kvinne som stod familien nær. 16-åringen kom seg også denne gongen inn gjennom altandøra, før han skaut og drap den unge kvinna på soverommet hennar med sju kuler. Mormora vart drepen ved trappa med fem kuler. Politiet kom til eit hus som dei seinare skildra som ei krigssone.

Vekkjer oppsikt

Onsdag førre veke vart fire personar i Södertörns tingrett dømte for på ulike måtar å ha medverka til skytinga i dei to bustadene. Den då 16 år gamle drapsmannen og den då 15 år gamle guten som hyra han til å utføre drapa, vart dømde til fengsel i høvesvis tolv år og ti år. I Sverige er dette rekordlange straffer for personar under 18 år.

– Det vart skrive svensk rettshistorie her i dag, sa forsvarsadvokat Kristofer Stahre til SVT rett etter domsframlegginga.

– Aldri tidlegare har ein svensk domstol dømt eit barn til så hard straff, som i dette tilfellet var 15 år. Dette er eit døme på noko eg har uroa meg for lenge, nemleg at domstolane vil tilpasse seg det politiske trykket og dømme ungdommar til strengare straff, la han til.

Dommen vil verte anka, og er dermed ikkje rettskraftig. Men straffenivået vekkjer oppsikt i eit land der mindreårige sjeldan har vorte dømde til fengsel, men der regjeringa no byggjer ungdomsfengsel. I denne artikkelen skal vi sjå på korleis dommen kastar lys over straff av mindreårige i Sverige, og på den rolla mindreårige speler i organisert kriminalitet.

Ukjende bakmenn

For korleis kan det skje at ein 16 år gammal gut to netter på rad skyt uskuldige personar, som han ikkje kjenner, i deira eigen heim? Dommen legg ikkje heile puslespelet, men nok bitar til å danne eit bilete.

Éin bit i puslespelet er bakmennene. Krypterte meldingar via meldingssystemet Signal viser at drapa er tinga av kriminelle, som korkje er identifiserte eller arresterte. Bakmennene gøymer seg bak profilnamn som «Döda alla» og «Anti horbarnen», og ein må kunne gjette at dei er eldre enn dei som nett vart dømde i Södertörns tingrett. Politiet har uttala at bakmennene truleg oppheld seg i land som Tyrkia, Iran eller Irak.

Ein annan bit i puslespelet er arbeidsdelinga mellom dei unge personane som på ulike måtar har medverka til drapa. Ungdommane har hatt tilgang til ein bustad i Stockholm og fylt ulike roller. Éin har hatt ei koordinerande rolle, ein annan skaffa våpen, ein tredje betalte for taxi, for å nemne noko. Drapsmannen er lova 150.000 kroner for kvar person han drep.

Ein tredje bit er bakgrunnen deira, som vi ikkje får vite mykje om, men vi får vite at dei to hovudpersonane i saka, 15- og 16-åringen båe har budd på ein institusjon for unge med problem, ein såkalla HVB-heim (Hem för Vård eller Boende). I sommar gav svensk politi ut ein rapport som viste at 60 prosent av dei som rømte frå slike institusjonar, utførte grov kriminalitet. Politiet skreiv også at kriminelle nettverk truleg har etablert seg på HVB-marknaden, og at det truleg finst kriminelle blant tilsette. Men desse forholda går ikkje dommen inn på.

Gjengkonflikt

Ein fjerde bit i puslespelet er kva førebilete har å seie. 15-åringen som hyra 16-åringen til å gjennomføre drapa, viser gjennom Signal-meldingar at han ser opp til bakmennene og ønskjer å klatre i det kriminelle hierarkiet – som dei.

Ein femte bit handlar om kriminell kontekst. Dommen slår fast at kriminaliteten er knytt til kriminelle nettverk, men ei melding frå 15-åringen viser at han ikkje veit kva for side i gjengkonflikten han står på. «Kör vi med räven eller», spør han i ei melding til «Anti horbarnen», og viser til Rawa Majid, betre kjend som «den kurdiske reven».

Majid vert rekna som leiar for det kriminelle Foxtrot-nettverket og har lenge stått i konflikt med Ismail Abdo, som går under namnet «jordgubben». Konflikten eskalerte då mor til Abdo vart drepen i heimen sin natt til 7. september i fjor. Hausten 2023 vart prega av ein omfattande spiral med grov vald.

Uklart motiv

«Anti horbarnen» svarer at dei er på lag med «reven», men at dei ikkje høyrer til Foxtrot.

Sjølv om bakmennene plasserer seg på éi side i ein gjengkonflikt, er motivet for å gå til åtak på dei to familiane uklart. Det skal ha versert eit rykte om at den eine familien hadde kopling til ein person med likt etternamn som skal ha vore involvert i konflikten. Men ryktet er ikkje verifisert. I den andre familien har ein slektning av ein av familiemedlemmene vore involvert i kriminalitet og gjengkonflikt. Ofra ser ut til å vere heilt vanlege familiar.

Brutale avrettingar

16-åringen som skaut, skreiv på ein lapp under varetektsfengslinga at han rekna med å få ei straff på fire år i lukka ungdomsinstitusjon, ifølgje Aftonbladet. Retten såg saka annleis.

Dommar Sofia Jungstedt kalla drapa for brutale og omsynslause avrettingar som ville ført til livstid i fengsel for dei to hovudpersonane dersom dei var vaksne. I tillegg til trippeldrap vart dei to dømde for drapsforsøk på dei sju andre personane som var til stades i heimen sin, og grovt brot på reglar for våpen. Den 15 år gamle «mellomleiaren» vart dessutan dømd for involvering i mordbrann og forsøk på mordbrann.

Retten konkluderte med at dei spesielle vilkåra som må til for å dømme mindreårige til fengsel i Sverige, var til stades i denne saka. Berre ei jente, som var 15 år gammal under ugjerningane, vart dømd til opphald i lukka ungdomsinstitusjon for å ha medverka.

Strafferabatt

Til saman fire unge personar vart dømde for på ulike måtar å ha medverka til drapa (sjå fakta). Dommen viser at alder har hatt mykje å seie for straffeutmålinga, i tillegg til kva rolle den enkelte har spelt.

16-åringen som skaut, fekk til dømes to år lengre fengselsstraff enn 15-åringen som hyra han. Rettspraksis er, ifølgje dommen, at ein 16-åring som vert dømd til fengsel, skal få ei straff som tilsvarer ein firedel av det ein vaksen ville fått. For ein 15-åring er rettspraksis at straffa skal tilsvare ein femdel.

Foto: Göteborgs Universitet

Det er snakk om eksepsjonelt grov kriminalitet.

Andreas Anderberg, universitetslektor i juss ved Göteborgs Universitet

Testballong

Det er lett å finne døme på svenske ungdommar som har vorte dømde langt mildare. I april vart ein 20-åring dømd til livstid for drapet på mor til «jordgubben». Den medskuldige 16-åringen fekk derimot fire år i lukka ungdomsinstitusjon. Den 9. august i år vart nok ein gut dømd til fire år i lukka ungdomsinstitusjon etter å drepe ein 15-åring i Alingsås då han sjølv var 16.

Andreas Anderberg, som er universitetslektor i juss ved Göteborgs Universitet, kallar den strenge fengselsdommen frå Södertörns tingrett for ein testballong. Han er ikkje sikker på om straffeutmålinga vil stå seg i neste rettsinstans.

For dommen er definitivt uvanleg, meiner han. Til vanleg vert ikkje personar under 18 dømde til fengsel. Og opphald i ungdomsinstitusjon har ei maksgrense på fire år (utan høve til å sleppe ut tidlegare).

– Har forsvarsadvokaten eit poeng når han seier at domstolen har tilpassa seg eit politisk press om å straffe ungdommar hardare?

– Domstolen kan berre dømme, og har også dømt, ut frå den jussen som gjeld. Det finst eit lite rom for å dømme unge personar til fengsel, om spesielle vilkår er til stades. Og i så alvorlege brot som i dette tilfellet, kan slike vilkår vere inne i biletet. Det er snakk om eksepsjonelt grov kriminalitet. På same tid er det høve til å sjå handlingane til ein ung person i samanheng med sviktande utvikling, erfaring og dømekraft. Det vil verke i formildande retning. Men det verkar ikkje som om retten har brukt den regelen.

Foto: Johan Persson

– Om ein 15- og 16-åring hadde utført tre drap i Danmark, hadde dei truleg vorte dømde til livstid.

David Sausdal, forskar ved Lunds Universitet

Livstid i Danmark

David Sausdal, førsteamanuensis i sosiologi ved Lunds Universitet, følgjer med på brotsverk både i Sverige og Danmark, der han opphavleg er frå. Han seier dommen er overraskande om ein ser på svensk rettshistorie, men ikkje like overraskande om ein ser på politiske signal.

– Utgangspunktet i Sverige har vore at ein handsamar barn som barn. Denne dommen bryt med det.

Sett frå eit dansk perspektiv er dommane på 10 og 12 år milde, påpeiker han. I Danmark vert gjengkriminalitet også straffa hardare enn andre brotsverk.

Politisk snuoperasjon

I Sverige går den politiske debatten om korleis landet skal handtere grove brotsverk blant unge, slik han gjer også i Noreg og Danmark. I april var den svenske justisministeren Gunnar Strömmer i Noreg, der han såg på ungdomseininga ved Romerike fengsel i Eidsvoll.

Tal TV 2 har henta inn frå kriminalomsorga, viser at det den 6. august i år var 14 innsette under 18 år i fengsel i Noreg. Då Strömmer vitja Noreg i april, sa han til Aftenposten at Sverige treng 250 ungdomsplassar dei neste åra.

«Vi har ungdom under 18 år som er med på å utføre dødelig vold med skytevåpen. De begår kriminalitet som ville gitt lange fengselsstraffer, kanskje til og med livstid, hvis de hadde vært voksne. Da må vi spørre oss om den modellen og de institusjonene vi har i dag, er godt egnet til å ta hånd om denne problematikken. Jeg mener svaret på det er et utvetydig nei», sa Strömmer til Aftenposten.

Politisk debatt

Svenske politikarar legg altså til rette for å fengsle fleire ungdommar i Sverige enn tidlegare. Kan det avskrekke tenåringar frå å ta på seg oppdrag som leigemordarar for kriminelle gjengar?

David Sausdal trur ikkje det.

– Mykje av debatten i Sverige handlar om at ein vil ha danske straffer mot svenske gjengar, fordi hard straff er effektivt, slik danske kollegaer av dei seier. Problemet er at det ikkje finst forsking som støttar det.

Provet på at harde straffer ikkje avskrekkar unge frå brottsverk, er at svenske ungdommar utfører kriminelle oppdrag i Danmark, påpeiker han.

– Når ein ser at svenske unge er villige til å utføre grove brotsverk i Danmark, er det tydeleg at dansk straff mot svensk kriminalitet ikkje er effektivt.

Rettskjensla

Eit anna perspektiv på straff mot ungdom, er den generelle rettskjensla. Sausdal seier at ein del meiner straffene for unge fram til no har vore for milde når brottsverka er grove.

– Eg kan forstå at folk synest det er i underkant dersom ungdommar som har drepe tre menneske, vert dømde til fire år i ungdomsinstitusjon. Det ville kanskje eg også meine, om sonen eller dottera mi var blant ofra. Det er ein større debatt. Men om målet er å redusere brottsverka, er paradigmet om høgare straff meir basert på magekjensle enn evidens.

– Kan det å byggje ungdomsfengsel vere rett veg å gå?

– Eg kan forstå argumentet om at ungdom ikkje skal sone saman med hardbarka vaksne kriminelle, og at dei derfor skal få meir passande fasilitetar. Men eg er skeptisk til planane om å byggje ut fengselsvesenet drastisk til eit nivå som vil gjere Sverige til det mest fengslande landet i Europa. Dette er pengar som kunne vore brukte på tiltak som vi veit, ut frå forsking, at har effekt mot kriminalitet.

– Men det å fengsle unge som står bak grov kriminalitet, kan kanskje vere naudsynt med tanke på å verne samfunnet mot dei?

– Ja, det kan det vere. Og kriminalitet skal straffast, sjølvsagt. Men om målet er å vende utviklinga, så er ideen om at det best kan verte løyst med meir fengsel – og no ungdomsfengsel – feil. Det er å handsame symptom heller enn å løyse sjølve problemet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

I valkampen før guvernørvalet i Tokyo i juli blei politikk til farse, meiner mange japanarar. Ein av dei mange meir eller mindre seriøse 56 kandidatane som figurerte i sosiale medium og offentlege rom, var «KI-borgarmeisteren», profilert som robot.

Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB

PolitikkSamfunn

Ei god tid for løgnarar

Når det politiske bildet blir forfalska ved hjelp av kunstig intelligens, lid demokratiet.

Marita Liabø

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis