Roald Helgheim (1942–2021)
Roald Helgheim då han byrja i Dag og Tid i januar 1998.
Foto: Dag og Tid
Måndag døydde ein kjær kollega etter lang tids sjukdom, berre ei veke før han skulle ha fylt 79 år. Tilfellet gjorde at det var same dag som Oslo Jazzfestival opna, ein festival som i 2003 gav Roald Ella-prisen som takk for eit langt virke som jazzentusiast og -skribent.
Roald voks opp i Jølster i ein familie med fire brør. Han gjekk på gymnaset på Sandane før han sette kursen mot Oslo og universitetsstudium. Han var lærar i realfag på Nordstrand i eit halvt års tid før han via AKP (m-l) byrja i partiorganet Klassekampen. Der hadde han den første store jazzsaka på trykk i 1980. Han meinte sjølv at han var den første som skreiv på nynorsk i den avisa.
Vi er fleire som var imponerte over arbeidskapasiteten til Roald. På Moldejazz såg vi han på konsertar til seint på kveld. Neste føremiddag stod han i gata og selde ferske utgåver av Klassekampen. Opp i alt rakk han å skrive og sende konsertmeldingar og intervju til redaksjonen i Oslo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.