Eg har vore her før og fått min lærepenge – prisen for å somla med å slå av mobildata. Det byrjar med ei melding frå Telenor, gjerne alt på flyplassen: «Du har passert denne måneds beløpsgrense på 500 kr for databruk i utlandet. (...) Du kan øke grensen med 500 kroner ved å svare på denne med kodeordet Fortsett utland.»
Difor var eg no eit lett offer for to briljante og særs hjelpsame svindlarar ved ein skranke nær utgangen frå Jose Martí-flyplassen i Havanna. Dei selde cubanske SIM-kort for berre 30 euro. Korta var nye og gav både telefon og mobildata nett då det trongst som mest. Det er det briljante.
Sjølve bedraget materialiserte seg ikkje før nummeret slutta å fungere etter ei vekes tid. Det statlege cubanske telefonselskapet kunne då opplysa om at linja var stengd – av eigaren. Som ikkje var eg, viste det seg. Eg hadde kjøpt tilgang til ein annan manns telefonnummer, og denne mannen meinte visst altså at ei veke fekk vera nok.
Telefonselskapet insisterte på at eg melde bedraget. Dei kalla meg inn til hovudkontoret og formelt møte på så høgt nivå at dei ikkje kunne sleppa meg inn i kortbukse. Ein teknikar hadde ein kjeledress i bilen som eg fekk låna.
Dermed kunne eg, kledd som ein rømling frå Guantánamo, banka på hjå sjefen i øvste høgda. Som stilte i lårkort. Då strømpa hennar rakna, baud eg henne galant kjeledressen, men ho takka nei.
Sjefen viste bilete av alle medarbeidarane på flyplassen, men eg kjende ikkje att nokon, og me blei samde om at det statlege cubanske telefonselskapet var utan skuld i bedraget på 30 euro, som såleis var eit heilt privat føretak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.