Robotkrigen

Tyrkiske dronar kan vere ein del av forklaringa på at den russiske offensiven stogga opp i Ukraina.

Ein tyrkisk Bayraktar TB2-drone blir vist fram på den ukrainske sjølvstendedagen 24. august i fjor. Fleire analytikarar hevdar at slike dronar spelar ei viktig rolle i kampen mot den russiske invasjonen.
Ein tyrkisk Bayraktar TB2-drone blir vist fram på den ukrainske sjølvstendedagen 24. august i fjor. Fleire analytikarar hevdar at slike dronar spelar ei viktig rolle i kampen mot den russiske invasjonen. Ein tyrkisk Bayraktar TB2-drone blir vist fram på den ukrainske sjølvstendedagen 24. august i fjor. Fleire analytikarar hevdar at slike dronar spelar ei viktig rolle i kampen mot den russiske invasjonen.
Publisert

Da den russiske invasjonen av Ukraina tok til, var det få militære analytikarar som såg for seg at Ukraina hadde noko å stille opp med i lufta. Den teknisk overlegne russiske hæren var venta å ta full kontroll over luftrommet, med alle dei fordelar det gjev for dei framrykkjande bakkestyrkane. Men så langt ser det ukrainske luftforsvaret ut til å ha klart seg betre enn venta, og også ein god del av flyvåpenet skal framleis vere operativt frå flyplassar vest i landet.

For dei ukrainske kampflya har det likevel vore vanskeleg å gå til åtak på invasjonshæren. Russland har meir enn ti gonger så mange kampfly som Ukraina, og det russiske flyvåpenet er langt meir avansert. Dei ukrainske kampflya er MiG- og Sukhoi-modellar frå sovjettida, altså over 30 år gamle. I tillegg gjer russiske luftvernrakettar det svært farleg for ukrainske jagarfly å operere over mykje av landet. Men eit langt billegare våpen har synt seg effektivt for ukrainarane og har truleg forseinka den russiske framrykkinga mykje: dronar.

Bayraktar

Vi må ta nokre atterhald i denne artikkelen: Informasjonen som kjem ut av krigssonene i Ukraina, er usikker og ofte nær umogleg å verifisere, og i krig vil alle partar prøve å framstille seg sjølve som framgangsrike. Men ei rekkje artiklar i internasjonal presse tyder på at den ukrainske hæren har hatt stor nytte av fjernstyrte dronar i forsvarskampen sin. Og det ser ut til at dei tyrkiskproduserte Bayraktar TB2-dronane har vore særskilt viktige. Ifølgje det ukrainske forsvaret har dei mellom anna øydelagt russiske rakettbatteri, luftforsvar, artilleri, panservogner og andre typar militærkøyretøy.

Trege

Desse propelldrivne dronane, med eit vengjespenn på 12 meter, verkar eigentleg ikkje så avskrekkande: Dei er sakteflygande, med ein toppfart på 220 kilometer i timen, og har blitt samanlikna med fly frå første verdskrigen. Dei er òg svært sårbare for fiendtleg eld (også frå handvåpen) og elektronisk krigføring. Likevel har dei vist seg forbløffande farlege. Ein TB2-drone kan halde seg i lufta i over eit døgn, og kan styrast av ein operatør 300 kilometer borte. Dronane er stillegåande og gjev frå seg lite varme (dermed er dei vanskeleg å spore med varmesøkjande utstyr), dei kan flyge så lågt at dei er vanskelege å fange opp på radar, og kan frakte opptil 150 kilo med våpen. TB2 kan utrustast med opptil fire laserstyrte rakettar, som gjer dette til eit dødeleg presisjonsvåpen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement