Økonomi

– Russland har mist vekstkrafta

Russlands økonomi går tilsynelatande godt. Tala lyg, meiner Jeffrey Sonnenfeld ved Yale.

Nøkkeltala for russisk økonomi kjem frå det russiske statistiske sentralbyrået Rosstat.
Nøkkeltala for russisk økonomi kjem frå det russiske statistiske sentralbyrået Rosstat.
Publisert Sist oppdatert

Det skulle gå økonomisk verkeleg gale for Russland om dei gjekk til invasjon av Ukraina, var melodien vi fekk høyre før starten av Putins krig. Mellom anna lovde Joe Biden at russarane skulle få oppleva «økonomiske konsekvensar som ingen før har sett», dersom dei kryssa grensene til grannelandet.

Konsekvensane kom. Heile Vesten saman med Japan fraus alle valutareservar, 300 milliardar dollar som den russiske sentralbanken hadde i dei ulike sentralbankane i rike land. Brorparten av dei russiske bankane vart stengde ute av det internasjonale veksle- og betalingssystemet Swift, store delar av utlandsformuane til russiske oligarkar vart konfiskerte, og sist, men kanskje ikkje minst, kom eksportforbod av teknologi til Russland.

Vekst i 2023

Det økonomiske sanksjonsregimet vart knallhardt, og tilsynelatande likevel ikkje. Der dei rekkje internasjonale økonomiske fagmiljøa spådde ein attendegang i den russiske verdiskapinga i 2022 på ein stad mellom 10 til 20 prosent, enda resultatet berre i minus 2,5 prosent, skal vi tru den russiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet, IMF, som no spår at russisk BNP vil auka med 0,3 prosent i 2023.

Jau, Russlands eksport av gass gjekk drastisk ned i 2022, men når prisen på den same gassen gjekk drastisk opp, ja, så tente likevel Russland langt meir på gasseksporten enn i eit normalår. Og no skal dei altså få vekst i år, medan eit land som Storbritannia, spår IMF, får ein attendegang på 0,6 prosent av BNP.

Oppgang i investeringar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement