Saman står gulrøtene sterkare
Å dyrke gulrot er kanskje ein individuell idrett, men produsentane treng ein klubb å trene med.
Alle vil vi at det skal produserast mat der vi bur. Ja, for det er ikkje berre i Noreg vi er stolte av matprodusentane våre og helst vil ete mat produsert i vårt eige land. I dei aller fleste land tenker folk på same måte, og alle meiner nok at matproduksjonen deira er den beste i heile verda og difor verd å betale litt ekstra for.
I det minste tenker vi slik i gode tider. Så fort maten byrjar å koste meir enn lommeboka rommar, byrjar prinsipp å vike. Desto viktigare vert det at vi har system som tek vare på matvareprodusentane våre – for mat må vi ha, og det å kunne produsere så mykje som mogleg av han sjølv har ikkje vorte mindre viktig det siste året.
Så korleis står det til? Jau, no kan vi sitte på Facebook og sjå på at digre kassar med gulrøter rotnar, fordi straumprisane er så høge at det ikkje løner seg for bonden å ha dei på straumdrivne kjølelager.
Det er på tide å gråte over tapte gulrøter – og det er på tide å sjå langt etter årsaka: Kvifor er det tapte gulrøter vi grin over, og ikkje, slik ordtaket seier, spilt mjølk?
Mjølk med mottaksplikt
Sjølvsagt slit mjølkebøndene òg med straumprisane. Mjølkerobotar brukar straum, fôringsautomatar brukar straum, og rundballehentande traktorar brukar diesel. Men mjølkebøndene har noko gulrotbøndene ikkje har: Dei har Tine, eit samvirke med mottaksplikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.