Utanriks

«Scholz slit med å begeistre ikkje berre dei store veljarmassane, men eigne partifellar.»

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Publisert Sist oppdatert

Kommentar

For nokre veker sidan deltok eg på eit møte der ein representant for tyske styresmakter sa at det blir val: «Vi får ei fleirtalsregjering, og ho kjem til å gå ut frå det politiske sentrum.» Han gjentok poenget akkurat så mange gongar at det kjendest meir som ei manifestering, altså det å ønske og sjå for seg noko så sterkt at ein får det til å skje. Etter at kanslar Olaf Scholz stilte kabinettspørsmål i forbundsdagen, veit vi iallfall at det blir nyval i Tyskland i februar.

Det politiske sentrum i Tyskland blir stadig mindre. Det gjer at det blir vanskeleg å stable på beina ei stabil, handlekraftig regjering i sentrum. På dei siste målingane seier éin av tre at dei vil stemme på ytterfløyene. Dei går til ytre høgre-partiet AfD eller venstrepopulisten Sahra Wagenknecht. Nokre stemmer på ytre venstre-partiet Die Linke. Oppsiktsvekkande mange vender seg mot det som i statistikken heiter andre parti, og som dekker eit heilt arsenal av ikkje akkurat kompromissorienterte grupperingar.

Gammalt og nytt

Om ein ser historisk på det, inkluderer det som no blir kalla sentrum i tysk politikk, heile det politiske spekteret, frå ytste høgre til ytste venstre, i den gamle vesttyske forbundsdagen. Dei kalla seg ei framtidsregjering då dei overtok makta i 2021. Etter 16 år med kristendemokraten Angela Merkel som suveren regjeringssjef, skulle endeleg andre krefter få sleppe til.

Regjeringa til Olaf Scholz var ein koalisjon med tre parti: Sosialdemokratane, Dei grøne og det liberale partiet FDP, søsterpartiet til det norske Venstre. Dei lova å kombinere økonomisk vekst med grøn omstilling og sosial utjamning.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement