Sekstidagarsministerposten

Det er på høg tid å spørje kva vi eigentleg skal med ein landbruksminister i tida mellom mai og april.

Publisert

Det er mykje som har gått gale for Ap–Sp-regjeringa, men eg vil likevel hevde det er lite dei har handtert så stemoderleg som bondestanden. Lovnadane gjekk høgt under heile valkampen i fjor: Bondeopprøret sette standarden og kravde rettvis betaling, og både Senterpartiet og Arbeidarpartiet lovde storløft og inntektsheving.

Så kom regjeringsskiftet. Og straumkrisa. Og om ein kan hevde det tok for mange dagar eller kanskje veker før olje- og energiministeren la fram ein krisepakke for private hushald, kan ein lure på kva som ville skjedd dersom ho i staden hadde snudd ryggen til og sagt: «De får vente til mai, det er då vi forhandlar om slikt.»

Forhandlingar i mai

Det er det landbruks- og matminister Sandra Borch har gjort. Og ikkje berre i straumkrisa: Borch overtok tilleggsforhandlingane om auka gjødselprisar frå førre regjering i oktober, men prisane har halde fram med å stige sidan då, for gassen har vorte dyrare, og det same har dieselen. Matprisane stig overalt i verda, og det pressar opp prisen på kraftfôr. Byggematerialar som ein evig effektiviserande bonde er avhengig av, vert stadig dyrare, dei òg. Berre ministeren held på det same: «Vent til mai», seier Borch, «vent på jordbruksforhandlingane, vi tar det der».

Jordbruksforhandlingane kan strekkast til å vare i to månader: Budsjettnemnda for jordbruket leverer eit talgrunnlag tidleg i april. Så kjem kravet frå faglaga – Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag – i slutten av månaden. Ei veke seinare kjem tilbodet frå staten, og så skal ein vere ferdigforhandla til 17. mai.

Kva skal vi då med ein eigen landbruks- og matminister dei resterande ti månadane i året?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement