Kommentar
Sensitivitetssjåarane
Det ligg stor makt i kvit makt-skuldingar.
Nasjonalmuseet i Oslo.
Foto: NTB / Annika Byrde
Roald Dahl, Donald Duck, Helt super, Christian Krohg, James Bond. Finst ein samnemnar i debattane? Ja, om me held oss til visuell kunst, finst ein del sams i reaksjonane på Rasmus A. Sivertsens animasjonsfilm Helt super (2022) og Christian Krohgs Leiv Eiriksson-måleri (1893).
Verka møtte ein reaksjon prega av aksjon. På filmfestivalen i Berlin vart gallapremieren til Helt super stogga. På Nasjonalmuseet i Oslo vart Leiv Eiriksson-måleriet forvist.
Filmen vart synt seinare på festivalen, i lag med ei åtvaring, og måleriet vart hengt opp, i lag med ei orsaking. Men saka er at verka vart møtte med meir enn debatt. Somme hadde makt til å ta dei ned.
Då kjem me til den andre samnemnaren i reaksjonane på filmen og måleriet. Dei handfaste aksjonane mot dei var i båe høva legitimerte med referansar til «kvit makt».
Helt super-premieren i Berlin vart stogga etter protestar frå Artef, ein organisasjon som meinte at ei maske som vert nytta i animasjonsfilmen, krenkjer farga. Fremst i eigenpresentasjonen sin nyttar Artef eit sitat av den britiske forfattaren Layla Saad: «Kvit makt er eit system som ikkje vart skapt av nokon som er i live i dag, men det vert halde ved like og halde opp av alle som har kvite privilegium.» Kor langt ein kan tøya utsegna, vert eit tolkingsspørsmål. Kva er kvite privilegium? Er du strukturelt sett ein rasist om du er kvit, men ikkje vekt, woke?
Leiv Eiriksson-måleriet vart i Aftenposten stempla som kolonialistisk av Nasjonalmuseet-direktør Stina Högkvist, før stemplinga vart både svekt og forsterka. Ho vart svekt av museumsleiinga, som orsaka karakteristikken, men samstundes forsterka av ein nær samarbeidspartnar av museet –?ikkje Johan Fredriksen-arvingane, men kunsthistorieprofessoren Øystein Sjåstad – som elles samarbeider med Nasjonalmuseet om eit avkanoniseringsprosjekt. Der Högkvist i Aftenposten såg kolonialisme, ser Sjåstad meir i Morgenbladet: «Bildet uttrykker kolonial heroisme og hvit makt på sitt mest opplagte.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.