Sideblikk
Dårleg humør og bitande humor
Midt i det kaotiske maktspelet gjennomførte tunge karar saker i sosialdemokratisk orden.
Vaskekona er samarbeidsvillig og gjev maktmennene i 5. episode ein halvtime.
Foto: Skjermdump frå NRK
Fjernsynsserien Makta er ein hybrid sjanger. Det er fiksjon, løgn og vridde minne, men også fakta – når det passar seg slik. Mellom grovkorna satire og karikaturar av duglause, forvirra og trætte mænd stig den reinhårige heltinna Gro fram. «Det va’kke så gær’nt», meiner ho post festum om framstillinga.
Skodespelaren gjev Gro røyst slik at ho er endå meir Gro enn Gro. Kathrine Thorborg Johansen gestaltar henne med rimeleg godt humør, men utan humor. Å parodiera utslag av det, var eit glansnummer for Einar Førde – glattraka, med sognasnert i replikken og Høyanger-glimt i auga.
SOM TIDSVITNE har Spaltisten opplevd dette, også i personleg sanntid. Eg var ein gong hyra inn som morgonkåsør på den store Nidaroskongressen om sosialmedisin og folkehelse for allmennlækjarar og andre i primærhelsetenesta. Temaet var kva plass familie og nære pårørande hadde i førebyggande helsearbeid. Hovudtalar var Gro Harlem Brundtland, som hadde gått av som generaldirektør i WHO og flytta til Nice. Ho hadde problem med synet og sat på første benk med mørke solbriller. Med seg hadde ho ektemannen Arne Olav som koffertberar.
Eg lånte ein passasje frå eit intervju der ho fortalde at ho hadde vore hos bedriftslækjaren i WHO. Straks ho kom inn døra heime, ropte ho: «Olav, jeg har fått beskjed om å slanke meg! Du må gå mer tur!»
Salen tok poenget, og den godslege smålåtten breidde seg. Gro lo ikkje. Ikkje før Arne Olav kviskra henne noko i øyra, truleg à la: «Gro, dette er morosamt, du må le.» Så då låtten elles hadde stilna, braut ho ut i høge hikst.
BYRÅSJEFEN GRIP SEG i å mora seg over elleville påfunn i Makta. Men når han får tenkt etter, liker han ikkje det han ser og høyrer. Han trur ikkje Nordli var så utafor, eller at landet blei styrt med hammar og vaffelrøre på Jessheim. Det er greitt å spøka og framstilla Arbeidarpartiet på 1970-talet på uærbødig vis, men dei tunge karane fortener respekt. Dei fekk saker gjennomført på tampen av den sosialdemokratiske ordenen. Det er historieforfalsking om ettermælet blir at dei berre var intrigante, stakkarslege og drikkfeldige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.