Sideblikk
Det falske medvitet vann valet
Arbeidarpartiet skyr k-ordet og skal slita med å reorientera seg og finna vegen vidare.
ETTER EIT VAL: Arbeidarpartiet heldt landsstyremøte i Samfunnssalen i Oslo 25. september: statsminister Jonas Gahr Støre, partisekretær Kjersti Stenseng og nestleiarane Tonje Brenna og Jan Christian Vestre.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Arbeidarpartiet er i krise. Dei skal slikka sine sår og evaluera sine tapte slag. Dei når ikkje lenger ut til det partileiar Støre, med ei sosiolektisk omskriving av Gerhardsens «de breie lag av folket», kallar «det brede lag av befolkningen». Sjølv om dei prøver å trøysta seg med gode tal i enkelte kommunar, og at det såg endå verre ut nokre veker før valet, er 21,6 prosent så katastrofalt at Jaglands nedre smertegrense på 36,9 er blitt eit utopisk mål. Det skremmande scenariet som spøker i bakgrunnen, er dei sosialdemokratiske søster- og massepartia som forvitrar sørover i Europa.
Med spørjeskjema, veljarundersøkingar og rådslag i den skrantande partiorganisasjonen skal dei finna ut om dei forstår godt nok den tida me lever i. Dei skal snu alle steinar for å reorientera seg og bli ei betre utgåve av seg sjølv. Men med pratemaskina Vestre som repetitør gjekk dei først ein lang runde på om det er lov bruka k-ordet.
«HVA MÅ GJØRES?» Havarigranskinga har mykje å ta fatt på og rydda i, for forklaringane spriker i fleire og innbyrdes motsette retningar. Veteranen Martin Kolberg vil ha SV inn i regjeringa for å redda sosialdemokratiet; veteranen Thorbjørn Berntsen vil av same grunn ha ut Senterpartiet.
Fossil- og bilvennlege meiner partiet har lagt seg for nær dei grøne i MDG. Derfor kom INP, eit godteposeparti med blanda drops og noko for mange smakar, inn frå sidelinja og stal veljarar i Grenland og andre tunge olje- og industrisamfunn. I vest og i nord slo lakseskatten inn.
Lepper i Groruddalen har eit generasjonsminne om bønder som utsugarar. I dagens samrøre med Senterpartiet har det urbane Arbeidarpartiet tulla seg bort i reaksjonære reverseringar i distrikta. Dei meiner også at eit arbeidarparti ikkje kan ha ein mangemillionær frå Riis som leiar, og at det er eit feilspor å springa etter lilla veljarar.
VENSTREORIENTERTE og manifeste analytikarar grip til den dummaste av alle marxistisk-inspirerte forklaringar: falskt medvit. Selektiv feilpersepsjon gjer folk så subjektivt forvirra at dei ikkje forstår sitt eige objektivt beste. Når veljarane går til høgre, må Arbeidarpartiet bli klarare og gå til venstre, slik at veljarane skjønar at dei har gått til høgre fordi dei ikkje hadde eit tydeleg venstre å gå til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.