JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Det udifferensierte mediesynet

Den plattformnøytrale pressestøtta skal tilpassast digitalisering og konsernifisering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dag og Tid får produksjonstilskot i kategorien «nasjonalt nisjemedium», medan Morgenbladet og Klassekampen tilhøyrer kategorien «nasjonalt nummertomedium».

Foto: Dag og Tid

5453
20231201
5453
20231201

hompland@online.no

Pressestøtta har overlevd i 50 år. Under skiftande omstende har grunngjevinga vore den same: Ytringsfridom og demokratisk mangfald i meiningsdanninga i samfunnet er for viktig til å vera underlagd reine marknadskrefter. Det har fått si legitimering i den reviderte paragraf 100 i Grunnlova: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»

I PARTIPRESSAS TID ville Arbeidarpartiet og Senterpartiet halda liv i «sine» aviser, særleg hovudorgana Arbeiderbladet og Nationen, men også utsette nummer to-aviser på utgjevarstadar der dei annonsetunge og dominerande blada var talerøyr for Høgre og Venstre.

Det var strid om pressestøtta mellom partia og mellom fattige og rike aviser, men kompromisset blei at alle fekk momsfritak og etter kvart også rikelege inntekter frå obligatoriske statsannonsar. Legitimeringa var å halda oppe ei «differensiert dagspresse», avgrensa mot kulørte vekeblad og fagpresse.

Dei utsette partiavisene fekk papir- og produksjonsstøtte, og dei kristelege dagsavisene kom med på kjøpet. Det gjorde også, under skiftande regime, riksdekkande og meiningsberande vekeaviser som Fiskaren, dei seinare tiders Morgenbladet og Dag og Tid.

HOVUDTREKKA I DETTE fundamentet har lege fast, sjølv om partipressa er sekularisert og dei fleste nummer to-avisene forsvann i dødsskuggen av Schibsted og Amedia. Etter hardt politisk lobbyarbeid kom små og lokale fådagsaviser med avgrensa nedslagsfelt inn under paraplyen – for å fylla geografiske tomrom og journalistiske blindsoner.

Ei klage over pressestøtta har vore at ordninga var sementerande og hindra innovasjon. Dei som var innafor, var livstrygda; men det var vanskeleg å koma inn i det gode selskapet. Alt dette kom i flyt då produksjonsstøtta i 2014 blei «plattformnøytral» mellom papir og nett.

DIGITALISERING er den tyngste trenden. Saman med kon­sernifisering, journalistisk profesjonalisering og avisifisering av tidsskrift og fagblad har det ført til konvergens mellom medium med ulike opphav, utgivarpraksis og distribusjonsformer. Det er blitt fleire hestar ved den same krybba.

Dagens perspektiv blei å jakta på smotthol i den tronge porten til pressestøtte. I ord og gjerning galdt det å tilpassa seg og gjera seg lekre for «å få tilslag» hos Medietilsynet, som ur­-kommunisten Paul Bjerke og Lars Julius Halvorsen formulerer det i ein solid historisk gjennomgang i den nye, analoge boka Pressestøtten.

FÅ NORSKE AVISER lever i velstand, om dei er digitale eller på papir eller begge delar. Alle kunne trenga meir, ikkje minst i forsvarskampen mot oligarkiske amerikanarar som ranar til seg annonseinntekter og lurer seg unna skatt. NRK, som er statsfinansiert og gratis for brukarar i alle kanalar, er også ein tung konkurrent.

Av dei som får produksjonsstøtte etter opplag, stangar den revisjonistiske Klassekampen i taket på 40 millionar. Etter eit omskifteleg liv har Morgenbladet hatt stor og velfortent framgang. Sjefredaktør Sun Heidi Sæbø har utvikla, tilpassa og argumentert avisa opp i marknaden til ein høgare divisjon i støttehierarkiet. Det er godt jobba, med eit konsern som mentor – rett nok eit vesalt og grundig statssubsidiert konsern, men med litt kapital og digitale musklar.

JEG I SLET LUNE, Morgenblad?

Slett ikkje. Eg debuterte som skribent i skuleavisa Centifolien, og i henrykkelse hadde eg dette som motto på russekortet: «Klag ikke under Stjernerne over Mangel paa lyse Punkter i dit Liv.»

Men eg kan ikkje skjula ein viss irritasjon over at Morgenbladet og Dag og Tid, som har vore ein slags Knoll og Tott og spela på same bane, har vakse frå kvarandre og skilt lag i Medietilsynets kategoriar. Morgenbladet er løfta opp til høgare og sikrare velstand i kategorien «nasjonale nummer to-medier» og doblar pressestøtta til 22,4 millionar. Dag og Tid blir att i forundringspakka «nasjonale nisjemedier» saman med Subjekt, Filter Nyheter og den opprusta bloggen Document.no, som etter mange forsøk debuterer med tre millionar i pressestøtte. Summen til fordeling er den same, så Dag og Tid taper ein kvart million i nullsumspelet.

Det er ikkje til å unngå å tenka på Matteus-effekten (Matt 13,12): «For den som har, han skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.»

EG GRÆT IKKJE for mi sjuke mor. Dag og Tid er ei brei, djup, solid, særmerkt og livskraftig avis med aukande tingartal, fritt ord og høgt truverd. Men «kvalitet» er ikkje eit relevant parameter for pressestøtte; der er det opplag, brukarinntekter og stadige nyhende på nett som tel. Pluss journalistiske årsverk, og der har nøysame Dag og Tid nokre for få.

Når ei fri, ubunden og framgangsrik vekeavis for kultur, debatt og politikk, og det einaste riksorganet på nynorsk, fell blant glupske ulvar i den skrinne nisjesekken, er det noko gale med dei trongsynte og skjønnslause forskriftene. Her må myndighedane griba inn på ein armlengds avstand og justera kriteria, slik Stortinget gjorde tidlegare når «objektive» og automatiske parameter i byråkratiske hender gav urimelege utslag.

Eg seier med salig Henrik: «Ve eders matte Fingre, at I ikke kunne faae fat paa det!»

PS: Denne teksten er ikkje skriven med påhalden penn.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Ve eders matte Fingre, at I ikke kunne faae fat paa det!»

Henrik Wergeland

Emneknaggar

Fleire artiklar

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Konglebitaren – den fargerike vandraren frå nord

Naïd Mubalegh

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»

Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Propaganda på agendaen

Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.

Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.

Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Fredsavtale med biverknader

Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.

I starten av krigen sa Benjamin  Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ettersøkt, men på offensiven

I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis