Sideblikk
Embetsverket mistenkt for juks
Den konspiratoriske flasketuten peikar indirekte mot den slumsete Erna Solberg.
Erna Solberg på Statsministerens kontor i 2020.
Foto: Fredrik Hagen / NTB
Byråsjefen er djupt såra og vonbroten. Han er den særde fordi tilliten til Forvaltninga har fått stygge stikk under Ernagate. Som talsmann for eit fagleg truverdig og politisk uavhengig embetsverk i den norske demokratimodellen er han skuffa over at landets fremste embetshaldarar kan mistenkast for å ha slumsa – eventuelt drive med «umedvite juks», om det er noko som heiter det.
Kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse ved det opphøgde Statsministerens kontor (SMK) seier dette til møkkagravarane i E24: «I denne saken har vi oppdaget at inn- og utgående saksdokumenter, som skulle vært journalført, i stedet har blitt arkivert som organinterne dokumenter.»
AT STYREMAKTENE skal gje innsyn i kva dei driv på med, er grunnleggande i eit ope, oppegåande og opplyst samfunn. Det må Forvaltninga ta til vitende, sjølv om dei skulle meina at det berre er mistenksame, masete og plagsame journalistar som grev i postjournalane. Då fleire mediehus bad SMK om innsyn i Sindresaka, blei dei avviste, for det var ikkje arkivert noko å gje innsyn i.
STORTINGETS kontroll- og konstitusjonskomité har studert dokumentasjon, halde høyring og lese fleire dokument. Dei var i ferd med å sortera ut Erna Solbergs inhabilitet fordi det finnes ein personverna Sindre som bak hennar rygg dreiv «løpende aksjehandel» og spekulerte i finansielle instrument som ville gje gevinst om norsk økonomi gjekk i dass. Det ville truleg ha passert med nokre striper å brenna inn i stjernelakken post festum. Men etter at meir er grave fram frå arkivskuffene på SMK, er saka nå til forlengd observasjon.
«DET ER UBEGRIPELIG at det har skjedd så mange glipper; det er rett og slett ikke til å bli klok på», seier Hans Petter Graver, ein klegg av ein professor i forvaltningsrett.
Korleis kunne kremen av toppbyråkratar gjera slike systematiske tabbar i ti år? «Forglemmelse», «inkurie» og «glipp» høyrest merkeleg ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.