Sideblikk

Og her kjem Sideblikk-juryens dom

Valkamp er ein saus av sentrale og perifere saker der uventa innslag gir dramatikk.

Partileiarane klare for debatt i TV 2-lokala i Media City i Bergen: F.v. Jonas Gahr Støre (Ap), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Kirsti Bergstø (SV), Arild Hermstad (MDG), Marie Sneve Martinussen (R), Olaug Bollestad (Krf), Guri Melby (V), Sylvi Listhaug (Frp) og Erna Solberg (H).
Partileiarane klare for debatt i TV 2-lokala i Media City i Bergen: F.v. Jonas Gahr Støre (Ap), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Kirsti Bergstø (SV), Arild Hermstad (MDG), Marie Sneve Martinussen (R), Olaug Bollestad (Krf), Guri Melby (V), Sylvi Listhaug (Frp) og Erna Solberg (H).
Publisert

Spaltisten og Hjelpeskrivarane har hatt ei fritalande førvalvake med mykje godt attåt. Der drøfta me stort og smått, hovudaktørar og biroller, overtonar og understemmer, sentrale saker og meir perifere hendingar som har dukka opp av ymse omstende. Me har sortert skit og kanel og lagt stor vekt på skiten. Dette er vinnarar og taparar i valkampen, slik juryen ser det.

ÅRETS JOKER: Noregs Bank-sjefen Ida Wolden Bache. Same kva finansministeren og prissjokkerte politikarar håpar og trur, er det ho som styrer renta.

ÅRETS FENOMEN: inhabilitet. Fire statsrådar har vore ugilde og brent seg på kameraderi, nepotisme og sprengstoff­aksjar, men to er så langt redda av Støres gongong. Finansfrue Huitfeldt har bindingar til den aksjespekulerande ektemannen som ho har felles økonomi med, men skotta skal ha vore så vasstette at ho ikkje var inhabil med forsett eller overlegg, men berre uvitande, umedviten og uforvarande ugild.

ÅRETS BOK: Håndbok for politisk ledelse, utgitt av Statsministerens kontor. Obligatorisk pensum for statsrådar og nærståande, men overflatisk lesen, grovt mistolka og under stadig revisjon.

ÅRETS SKUGGE: Sindre. Han er gift med Erna og finnes som bakkemannskap i Ved Ernas side, som var tittelen på sjølvbiografien som spøkelsesskrivaren Martine Aurdal i Dagbladet skreiv. Han handla aksjar og laga lister over inkompetente arbeidarpartifolk som burde reinskast ut, ikkje direkte bak Ernas rygg, men heller ikkje for hennar augo. Men via vide vegar var det ei hjelp til å få inn kvalifiserte kvinner og folk utanfor Oslo i statlege styre og råd. For som Erna seier: «Sindre er en klok mann, og jeg er grådig glad i han.»

ÅRETS UHELDIGE: Jonas Gahr Støre. Han er ein gild, kunn skapsrik og reflekterande mann som fekk dei økonomiske og internasjonale vindane mot seg. Kvar gong det kan ha sett ut som han var i ferd med å få ei hand på rattet og festa eit slags grep, har det kome nye brottsjøar og inhabile statsrådar. Det blir stusseleg og lokkar ikkje misnøgde veljarar ned frå gjerdet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement