Samfunn

Sionisme og sachertorte

WIEN: Wien var byen der den moderne sionismen blei til. No fører Gaza-krigen til auka press på den lokale jødiske befolkninga.

Ein far og ein son går i Leopoldstadt, det tradisjonelle jødiske distriktet i Wien.
Publisert Sist oppdatert

I Leopoldstadt, strøket aust for gamlebyen i Wien, kan det nesten verke som om det gamle Austerrike-Ungarn aldri blei heilt borte, sjølv hundre år etter at keisarriket gjekk i oppløysing. Då eg flytta dit for halvtanna år sidan, var det som om eg plutseleg hadde kome inn i eit sentraleuropeisk mikrokosmos: Stova delte eg med ein ungarar, naboen var tsjekkar, medan utleigaren var ein serbar med det smått illevarslande namnet Milošević. (Aldri har eg betalt leiga så punktleg som den gongen.)

Utanfor vindauget i Vereinsgasse var det som om alt kunne hende: I den eine enden av gata, ved den evangeliske kyrkja, stod det ein prostituert for å minne om syndefallet, føre skulen stod ein kollega for å minne om ubehaget i kulturen. Den lokale kafeen var polsk, maten handla eg i ein russisk filial.

Men det som framfor alt prega bybiletet, var det jødiske nærværet. I Leopoldstadt har det budd jødar i fleire hundreår. I dag bur det minst 8000 jødar i Austerrike. Mange av dei bur nett i Leopoldstadt. I gatene kan du sjå menn med kipa eller streimel, den tradisjonelle pelslua som blir boren av menn frå dei austlege delane av det gamle Austerrike-Ungarn.

Bydelen har over eit dusin synagogar og bønehus, sju skular og ei mengd koscherbakeri.

Jødisk mikrokosmos

Sjølv om dei fleste har den jødiske identiteten til felles, har dei ofte heilt ulike opphav. Dei nesten 200.000 jødane som budde i Austerrike før andre verdskrigen, blei anten fordrivne frå landet eller drepne under holocaust. Dei som bur her i dag, er i stor grad innflyttarar. Nokre kom frå Ungarn etter oppstanden i 1956, andre blei verande den gongen Austerrike var transittland for jødar som ville flytte frå Sovjetunionen til Israel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement