Kommentar
Sitte stille-leiken
Forslag til forskingsprosjekt: Få ein økonom til å rekne ut kor mange av samfunnets ressursar som går med på å lære norske seksåringar å sitte stille.
Då skulestart for seksåringar vart innført, heitte det at det første året skulle vere annleis.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Denne veka stemte Stortinget nei til eit forslag om å utsette skulestart frå seks til sju år. Det er i grunnen synd. Stortingets Dokument 8-forslag er sjølvsagt ikkje staden der politikk blir avgjord. Å leggje fram Dokument 8-forslag handlar strengt tatt mest om å markere seg. Som SVs rutinemessige forslag om å avskaffe monarkiet og stortingsfleirtalets like rutinemessige nedstemming.
Men, vi må tilbake til skulebenken. Det var ein trio frå KrF, med partileiar Olaug Bollestad i spissen, som ville ta seksåringane ut av skulen og til ein kvardag med førskulepedagogikk og fri leik.
I forslaget viser dei tre til ein OECD-rapport som hevdar at barnestyrt fri leik er avgjerande for små barns utvikling. Dei framhevar også ein studie frå New Zealand som samanliknar barn som byrja formell lese- og skriveopplæring ved fem og sju års alder. Her viser det seg at dei barna som byrja lesetreninga som femåringar, ikkje les betre enn dei andre når dei er blitt elleve. Men ein viktig forskjell finst likevel: Barna som gjekk i gang som femåringar, hadde mindre positive haldningar til lesing enn dei barna som byrja då dei var sju.
På topp
KrF-arane gjorde også eit poeng ut av at finske barn ikkje byrjar på skulen før dei er sju år. Og den finske skulen er jo som kjent ikkje berre best i Norden. Finnane er på topp i internasjonale samanliknande skuleundersøkingar.
Bakteppet er ei førebels evaluering av seksårsreforma. Ho var leia av professor Elisabeth Bjørnestad ved OsloMet og slår fast at 25 år etter at seksåringane vart sende inn i klasseromma, er skulekvardagen deira fanga i ein institusjonell logikk der det som kan målast, får forrang. Det er blitt mindre førskule, meir skule. Leiken er ikkje heilt borte, men han er i all hovudsak vaksenstyrt. Lesetreninga går i gang frå første dag, sjølv om læreplanane på ingen måte krev det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.