Skulenedlegginga i Innlandet kjem til å koste Arbeidarpartiet dyrt, trur varaordførar Bjørn Ola Aukrust i Lom.
Utdanningsforbundet Innlandet heldt demonstrasjon mot nedleggingsplanane på Hamar denne veka. Onsdag vedtok fylkestinget å legge ned to vidaregåande skular og fire skulestader i Innlandet.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Les også
Folk samla seg utanfor fylkeshuset på Hamar 23. oktober. Same dag vart det bestemt at fleire skular skal leggast ned i Innlandet.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Nytenking må til
Les også
Det finst gode argument for å legge ned vidaregåande skular.
Samtalen
Bjørn Ola Aukrust, varaordførar i Lom
Aktuell: Skulestriden i Innlandet

peranders@dagogtid.no
Onsdag kom vedtaket i Innlandet fylkesting: To vidaregåande skular og fire skulestader i fylket, med kring 700 elevar til saman, skal leggast ned. 30 røysta for nedlegging, 27 imot. Fylkesordførar Thomas Breen og Arbeidarpartiet fekk saka gjennom saman med Høgre og MDG, trass i sterk motstand frå mange Ap-politikarar i kommunane.
Den vidaregåande skulen i Lom, med kring 100 elevar, var blant dei som fekk dødsdommen. Når Dag og Tid ringer Bjørn Ola Aukrust, varaordførar i Lom for Arbeidarpartiet, er han på veg heim frå Hamar onsdag. Han er framleis sint.
– Dette vedtaket er eit svik og eit stort demokratisk problem. Arbeidarpartiet i fylket sviktar det folket som har valt dei, seier Aukrust.
– Hadde du håp om eit anna utfall i dag?
– Nei. Fram til sist fredag hadde eg eit lite håp om at saka skulle bli utsett, men det håpet var ute no. Dette har vore ein skinprosess, og Ap-leiinga i fylket har brukt partipisken for å få gjennom vedtaket sitt. Fleirtalet i fylket har valt å ignorere 90 prosent av høyringsinnspela i saka.
– Kva inneber nedleggingsvedtaket for Lom?
– Vi får øydelagt mykje av framtida vår. Når vi misser skulen, blir det meir fråflytting og vanskeleg å få tilflyttarar. Alt blir dyrare å drive for kommunen, fordi det blir mykje vanskelegare å rekruttere fagfolk når skulen er borte.
– Er det ingen av argumenta for nedlegging som har noko for seg, slik du ser det?
– Nei. Vi som er imot, bad om at saka skulle gå ein runde til for å sikre talgrunnlaget. Deretter kunne vi hatt ei ny høyring, og så kunne vi fått ein ordentleg, strukturert debatt. I så fall ville truleg berre skulen på Dombås blitt nedlagd.
– Fallande elevtal blir eit problem mange stader dei neste åra. Om Innlandet tek smerta ved nedleggingane no, kan ein kanskje få til ein skulestruktur som står seg i framtida?
– Leiinga i Ap Innlandet påstår i alle fall det. Og for regionen som heilskap er det venta nedgang i elevtalet. Men i Lom, Skjåk og Vågå er det ikkje venta slik nedgang fram til 2038.
– Kva meiner du er gale med framskrivingane for elevtal i åra framover, som fylkeskommunen har lagt til grunn?
– Tala fylket har brukt, tek ikkje høgd for tilflytting. Dei seier òg at ukrainarane kjem til å reise heim att snart, men kva veit vi eigentleg om det? Om vi legg ned alle desse skulane, risikerer vi at vi plutseleg får for få elevplassar i framtida.
– Det som er sikkert, er at elevtalet har falle i fylket i ei årrekke. Da minkar rammetilskotet frå staten, og det får konsekvensar for skulane før eller seinare?
– Eg er ikkje usamd i det. Vi må sjå på skulestrukturen. Men da må vi ha gjennomarbeidde tal som vi kan legge til grunn. I vedtaket er det ikkje teke høgd for dei store ekstrakostnadene med busstransport og nybygg av skuleareal dersom alle desse skulane blir lagde ned. Nedlegginga kjem til å koste mykje meir enn det som har kome fram. Vi må få dei verkelege tala på bordet.
– Eit vanleg argument for nedlegging i slike saker er at skulane slit med lærarrekrutteringa og ikkje klarer halde det faglege nivået oppe. Kva seier folk ved den vidaregåande skulen i Lom om vedtaket?
– Dei er heilt i harnisk. Dette er ein skule som har 100 prosent gjennomføring nesten kvart år, med svært attraktive lærlingplassar. Det er høgt nivå på lærarstaben. Mange av lærarane blir til pensjonsalderen på grunn av det gode fagmiljøet.
– Om vi held oss til skulen i Lom: Kor er smertegrensa for talet på elevar der, vil du seie?
– I dag har skulen kring 100 elevar, og oppfyllingsgraden er på 83 prosent. Det er svært bra. Hamar, som er på topp i fylket, har vel 89 prosent. I høve til eit normtal på 60 prosent har skulen i Lom mykje å gå på.
– Du er usamd i både vedtaket til fylkestinget og grunnlaget det bygger på?
– Ja. Som politikarar skal vi gjere heilskaplege vurderingar. Breen, Høgre og MDG trur at skule berre er skule. Når politikarane ikkje ser samspelet mellom skule og næringsliv i lokalsamfunnet, har dei utspela rolla si. Eg har forsvart fylket i alle år, eg. Men når fylkespolitikarane ikkje ser dei større samanhengane, har vi ikkje lenger bruk for fylkeskommunen.
– Nedleggingsvedtaket er i stor grad bygd på forslaga frå fylkeskommunedirektøren. Burde ikkje noko av kritikken også rette seg mot administrasjonen?
– Eg er ikkje imponert over fylkeskommunedirektøren heller. Det som har kome derifrå, har ikkje vore tillitvekkande. Eg er kritisk både til politikarane og administrasjonen som har kome med grunnlaget i denne saka. Og eg er ikkje sikker på at det har vore klare grenser mellom rolla til administrasjonen og politikarane.
– Skjøner du dei som no melder seg ut av Ap i Innlandet, og dei som snakkar om å legge ned lokallaga til Ap i Skjåk og Lom?
– Det har eg full respekt for, og eg støttar dei fullt ut. Men sjølv kan eg ikkje gje meg enno. Eg må prøve å få til det eg kan gjennom det nettverket eg framleis har i partiet. Leiinga i fylkespartiet skal ikkje bli kvitt meg så lett. Og eg står framleis på sjetteplass på lista til stortingsvalet.
– Innlandet var det beste fylket for Ap ved valet i fjor. I fylket fekk de 31 prosent av røystene. Trur du denne saka kjem til å koste dykk mykje oppslutnad i Innlandet?
– Dette vedtaket er heilt øydeleggande for partiet i fylket, og vi kjem til å få merke det i stortingsvalet neste år. Det kan få uante konsekvensar også nasjonalt. Men kor er dei nasjonale politikarane i denne saka? Kor er Kjersti Stenseng (partisekretær i Ap, som sjølv kjem frå Nord-Fron i Gudbrandsdalen, red. merk.)?
– Og kor er Jonas Gahr Støre? At rikspolitikarane ikkje kan gjere noko med dette vedtaket, fordi det skal vere skott mellom ulike forvaltingsnivå, er greitt. Men dei kan jo seie meininga si. Dei treng ikkje vere så politisk korrekte. Kvifor kan ikkje Støre og Stenseng stå opp og seie at denne politikken er forkasteleg, og at dette ikkje er det partiet vårt står for? Støre refsar Emilie Enger Mehl for ordvalet hennar, men han refsar ikkje Thomas Breen for det han gjer med skulane.
– I programmet til Ap Innlandet før fylkestingsvalet i fjor stod det ingenting om skulenedlegging?
– Nei, dei sa berre at dei skulle sjå på skulestrukturen. Men i røynda hadde truleg toppane i fylkespartiet bestemt seg for lengst. Dette har vore ein skinprosess. Dei brydde seg ikkje om høyringsinnspela i det heile.
– Dei fleste trudde Ap skulle danne eit fleirtal med Senterpartiet og SV i fylket. Såg du for deg før valet i fjor at det kunne bli samarbeid med Høgre og MDG i staden?
– Nei, eg gjorde ikkje det. Eg spør meg kvifor desse fylkespolitikarane er med i Ap. Du kan ikkje gå til val på Ap-politikk og deretter køyre Høgre-politikk. Det er ein hån mot dei som har røysta på deg. Veljarane røystar jo ut frå det dei trur partia står for. Da kan du ikkje gjere noko heilt anna etter at du er vald.
– Ap og Senterpartiet vart dei to største partia ved fylkestingsvalet i Innlandet i fjor. Ein kunne tru dei var naturlege samarbeidspartnarar, i Innlandet som i regjeringa?
– Ja. Thomas Breen sa at det var betre å samarbeide med Høgre for å få til praktiske politiske løysingar. Men det var jo ikkje dette vi såg for oss. Dette er ein katastrofe for Arbeidarpartiet. Dei einaste som tener på dette, er Høgre. Og Erna Solberg kan gni seg i hendene.
– Det er eit paradoks, dette: Den sitjande regjeringa vil gjerne vere den mest distriktsvenlege i manns minne. Samtidig står Ap Innlandet for den største skulenedlegginga nokon gong?
– Dette var ein idé Høgre hadde fått for seg, og som høgrefolk i Arbeidarpartiet i fylket har gjort til sine eigne. Men eg er ikkje medlem i Høgre. Eg er medlem i Arbeidarpartiet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.