Energi
Snipp, snapp, snute
Mykje kan tyda på at det norske havvindeventyret er over før det har byrja. Offshorevind vert berre dyrare og dyrare. No bed Equinor om to kroner per kilowattime i USA.
Bilete frå Hywind Tampen i juni 2023. Parken blei offisielt opna i august. Elleve flytande vindturbinar skal gje straum til Snorre og Gullfaks.
Foto: Ole Jørgen Bratland / Equinor
Fysikken har det med å koma i vegen for gode ynske. Tak noko så enkelt og vanskeleg som eit blad på ein vindturbin offshore. Det er enorme krefter i sving når vinden blæs. I tuppen på komposittvindblada, som no kan vera over 100 meter lange og i framtida vert endå større, kjem farten ofte opp i over 300 km i timen. Det skal litt av nokre girkassar og anna til for å omdanna den kinetiske energien til rotasjonsenergi, som igjen må innom ein transformator og så vidare.
Slikt krev eit omfemnande vedlikehald, noko ein kanskje kan få til relativt enkelt på land, der ein kan setja kraner på fast jord, men til havs er det noko anna. Der vantar det fast grunn. I tillegg kjem dei nedbrytande effektane av ei luft fylt med saltvatn. Vindturbinar til havs krev ei stor oppbygging av spesialskip, som diverre vert raskt utdaterte av di produsentane av vindturbinar stadig lagar større einingar.
Frykteleg år
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.