Språkdebatt med rollebytte på Sunnmøre

I fem år diskuterte folk kva språk nye Ålesund kommune skal bruke. Debatten endra noregskartet og enda i eit utvatna nynorskvedtak.

Publisert

Den 1. januar 2020 gjekk Ålesund, Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog saman i den nye storkommunen Ålesund med nær 66.000 innbyggjarar. Ålesund hadde på papiret hatt ein språknøytral administrasjon frå 1968, då byen slukte nynorskkommunen Borgund. Kva språk staten skulle bruke, hadde Ålesund ikkje sagt noko om, og staten hadde dermed vore språknøytral overfor Ålesund like lenge. Dei fire andre kommunane hadde vedtak frå åra 1932–79 om at staten skulle bruke nynorsk til dei, og hadde i praksis brukt nynorsk i eigen administrasjon.

I 1960-åra slo Stortinget saman mengder av kommunar utan reelle lokale prosessar. Noregs Mållag var då på sitt svakaste, hadde få å alliere seg med og makta aldri å definere språk som ein relevant faktor. I regionreforma frå 2015 var språk med frå første stund, og nynorskmiljøet hadde mykje meir å spele på.

Roller blei bytte om

Samanslåinga på Sunnmøre tok til med ti kommunar vinteren 2016, men to år seinare hadde fem trekt seg. Før det skjedde, hadde dei forhandla fram ein intensjonsavtale som innebar at den nye storkommunen skulle krevje nynorsk frå staten og sjølv bruke nynorsk. I ei spørjeundersøking våren 2016 sa fire av ti i gamle Ålesund at nynorsk burde vere administrasjonsspråket, tre av ti bokmål, medan godt og vel to av ti svara språknøytral.

Støtta til nynorsk var uventa stor, og bokmål var brått ikkje eit reelt alternativ. Taktisk gjekk mange i staden inn for det dei kalla ein språknøytral kommune. Det skulle dei få til ved at kommunetilsette skreiv det språket dei ville. Dei fremste argumenta var at fleirtalet av innbyggjarane i den nye kommunen skriv bokmål, kulturarv i byen Ålesund, og valfridom; det siste gjaldt i praksis dei kommunetilsette.

Nynorsktilhengjarane la mest vekt på kva språk dei ulike kommunane alt brukte, den tradisjonen dette innebar i kommunane rundt Ålesund, og kva språkpolitisk rolle nye Ålesund som storkommune burde ta utanfor eigne grenser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement