Språkleg frelse
Dei ti råda frå Språkrådet får leiarane eit stykke på veg, så sant dei trur på norsk fagspråk og ikkje ser det som ein styggedom.
Rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus og dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) heldt pressekonferanse då høgskulen bytte namn til OsloMet – storbyuniversitetet.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
«Til dykk treng eg ikkje å seia at språk er viktig», sa Øystein Thøgersen, rektor ved Norges handelshøyskole (NHH) då Språkrådet var i Bergen og lanserte den nye vegvisaren for språkval i universitets- og høgskulesektoren. «De har jo sett lyset!» Språk-, litteratur- og mållagsfolka rundt meg humra lågt. «Slike som eg forstod først ikkje dette», sa makroøkonomen Thøgersen. Kva var det professoren ikkje forstod? I kva ligg frelsa? Ho finst i forståinga av at norsk språk og fagord er viktig i eit stadig meir internasjonalt samfunn.
Ti bod
At Språkrådet lanserer ein slik vegvisar saman med ti konkrete råd – eller ti bod? – til universiteta og høgskulane, viser at ikkje alt er som det skal vera med språket i høgare utdanning. Universiteta og høgskulane har ei lovpålagd plikt til å ta vare på og vidareutvikla norsk fagspråk. Samstundes er all internasjonalisering både naudsynt og høgt verdsett. Det er ofte synonymt med bruk av engelsk som arbeidsspråk, og i formidling, publisering og møte. Eit ullent mål om stor auke i studentmobiliteten dei neste åra krev også meir undervisning på engelsk. Dermed etterlyser Språkrådet språkpolitisk medvit og strategisk tenking frå leiarnivå, noko som er avgjerande for god språkrøkt i høgare utdanning.
Rektor på OsloMet, Curt Rice, lytta ikkje til Språkrådet i val av nytt namn på høgskulen og meiner at norsk bør bannlysast i forskingsartiklar (Morgenbladet, april 2017). Eg er vestlandsk pessimistisk og har lita tru på at dei ti boda til Språkrådet kjem til å klinga i korridorane på Storbyuniversitetet. Men la dei då klinga andre stader! Desse ti boda er ei konkret og konstruktiv hjelp for å finna ein balanse mellom norsk og engelsk i høgare utdanning.
Heilage tekstar
Nokre tekstar er meir heilage enn andre i høgare utdanning. Opphøgd er vitskaplege artiklane (helst på engelsk). Dei gjev institusjonane pengar, forskarane prestisje og professorat. Lærebøkene gjev korkje pengar, prestisje eller professorat. Dei gjev derimot eit levande og oppdatert fagspråk hos forskarar, studentar og etter kvart hos folk flest. Men forskarar treng diverre meir enn løn i himmelen for å skriva lærebøker. «Pengar og tid! Pengar og tid!» torna leiar i lærebokutvalet, Klara Sjo, på lanseringa. Innsatsen for fornying av fagspråk og pedagogisk tilrettelegging for studentar bør også gje forskarane litt prestisje. Det er ein innsats me ikkje har råd til å kimsa av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.