Kommentar

Språklov med misbrukte sjansar

Etter tre lovutkast på åtte år vedtek Stortinget no ei språklov om lag slik regjeringa Solberg ville at den skulle vere. Taparen er det partiet som mest av alle ville ha ei ny språklov.

Thorild Widvey gjekk av som kulturminister i 2015 og etterlét seg eit utkast til ny språklov.
Thorild Widvey gjekk av som kulturminister i 2015 og etterlét seg eit utkast til ny språklov.
Publisert

Stortinget har vedteke språklover i 1930 og 1980, ein grunnlovsparagraf om samiske språk i 1987, og fleire paragrafar om samiske språk i lov om Sametinget av 1990. Med lovene av 1930 og 1980 følgde forskrifter som med tida blei ganske detaljerte. Den nye språklova er på si side meir heilskapleg enn ordskiftet om lova.

Lover blir gitt for å fremje ei bestemt åtferd eller for å løyse eller hindre bestemte konfliktar. Difor er føremålet med lova viktig, heiter det i den juridiske innføringslitteraturen. Føremålet er mykje vidare i lova av 2021 enn i 1980, men dette viser for lite att i innstillinga frå kulturkomiteen 28. februar. På ny drøftar stortingspolitikarane mest forholdet mellom nynorsk og bokmål utan å nytte høvet til å etablere samanhengar med resten av det vide språkfeltet.

To lover

Den første språklova i 1930 kom til etter godt førebudde initiativ frå målrørsla. Lova utgjorde berre ni linjer i tre paragrafar og handla mest om kva plikter som gjaldt for statstilsette, dei som i 1930 var yngre enn 25 år, og som hadde examen artium, lærarskule eller tilsvarande utdanning. Dermed tok det mange tiår før lova faktisk gjaldt for det store fleirtalet i statsforvaltninga.

«Me vann ikkje so stort med maallovi som me hadde venta», skreiv Gustav Indrebø i Den 17de Mai alt i 1930.

Det sette ein tone som målrørsla forsterka i tiåra som følgde. Ein blei meir oppteken av å kritisere lovbrot enn å framheve det faktum at mange statstilsette faktisk gjorde som Stortinget ville. Då Stortinget vedtok ei ny og vidare språklov i 1980, hadde desse mange klagemåla gjort sitt til at lovfesting av språk stod ganske svakt politisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement