Kommentar
Stadutviklaren Olav Thon
Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.
Olav Thon (1923–2024).
Foto: Heiko Junge / NTB
Olav Thon er truleg Noregs mest kjende forretningsmann. Eigedomsutviklaren og investoren gjekk bort førre veke heile 101 år gamal. Vi alle kjenner han frå media: den sparsame, joviale karen med raud strikkehuve, med sans for fjell og friluftsliv.
Olav Thon var heilnorsk. Der andre forretningsmenn stakk til utlandet med inntekter og formue, der vart Thon verande att, samtidig som han oppretta Olav Thon Stiftelsen som gjev millionar til forsking. Han var ein mann som aldri gløymde småkårsbakgrunnen i Hallingdal og norske lokalsamfunn, som statsminister Jonas Gahr Støre sa i helga.
Dei siste dagane har vi difor fått høyre om den unge Thon, som vart fødd i 1923 i Ål i Hallingdal. Han måtte velja bort medisinstudium på grunn av krigen, men lukkast med handel og investering. I 1950, som 18-åring, kjøpte han sin fyrste bygard i Oslo.
Cowboyhatt
Men som Cecilie Langum Becker, økonomikommentator i NRK, skriv: Thon var òg ein «knallhard forretningsmann, som kunne sine knep – noe den joviale tonen utad kunne kamuflere». Den raude topphuva fører tankane til hyttekos og små tettstader. Men dersom vi med sistnemnde meiner koselege sentrum og småbutikkar, har vi kome langt unna det Olav Thon stod for. «Det var hyggelig og morsomt med småbutikkene rundt omkring, men tiden har løpt fra dem. Kjøpesentre er kommet for å bli. Folk vil ha dem.» Det sa han til Dagens Næringsliv 16. juni 2013.
Eit klesplagg som på mange måtar hadde passa han betre, er cowboyhatten. Selskapet hans, Olav Thon Gruppen, har skapt dei norske «westernbyane»: tettstader sentrerte kring store parkeringsplassar og kjøpesenterkjeda Amfi. Vi skal ikkje langt ut av hovudstaden før vi støyter på «Betongvika» eller «Thonvika», som Sandvika heiter på folkemunne. Der finst eit av Noregs største kjøpesenter, Sandvika Storsenter, på om lag 60.000 kvadratmeter. Ei av dei seinaste satsingane til Olav Thon Gruppen er Sørlandssenteret ved Kristiansand, som er dobbelt så stort, 112.000 kvadratmeter. Men det kan likevel ikkje måle seg med Lagunen Storsenter utanfor Bergen, på 150.000 kvadratmeter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.