Utanriks
Starten på ein storkrig?
For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.
Her på Taiwan har ein rett nok inga kjensle av å gå mot ein slik katastrofe. Inntil for eit par år sidan synte alle spørjeundersøkingar at ca. 60 prosent av befolkninga – uansett alder og politisk orientering – ikkje trur Kina kjem til å invadera landet. Russlands fullskala invasjon av Ukraina endra ikkje på tala.
Dei kinesiske leiarane held ikkje krigstrugselen hemmeleg. Omfattande og realistiske militærøvingar i området kring Taiwan syner at både invasjon og langsiktig blokade med etterfølgjande utsvelting er fullt mogleg. Hundrevis av kinesiske kampfly har kryssa midtlinja i Taiwansundet, som har fungert som uoffisiell grense sidan 1955. Tek me trugselen inn over oss, må me spørja: Er 60 prosent av taiwanarane naive?
Kanskje ikkje. At krigsfaren ikkje er eit dagleg samtaleemne, inneber ikkje at ein er urealistisk. Bekymringa syner seg ikkje i ord, men i handling. I tre periodar på rad har taiwanarane valt det mest Kina-skeptiske partiet til å styra landet, og styresmaktene har auka forsvarsbudsjettet til det høgaste nivået nokosinne. I spørjeundersøkingar seier over 70 prosent av dei spurde at dei vil forsvara landet i ein eventuell krig. Men dei unngår altså gjerne krig som mogleg samtaleemne.
Zero Day
«Ingen snakkar om det», klagar Cheng Hsin-mei i eit intervju i New York Times. Ho er produsent og manusforfattar for TV-serien Zero Day, som kjem med ti episodar neste år, og som ho vonar vil skaka det taiwanske folket ut av svevnen. «Eg vil snakka om det, for eg trur det er den største frykta i hjarta til alle taiwanarar», seier ho.
I serien startar Kina ein blokade av Taiwan. Det blir mangel på mat og andre varer. Kina tek over lokale medium og oppmodar befolkninga til å overgje seg og angje taiwanske separatistar, dei hackar seg inn i banksystema, slepper kriminelle ut av fengsla og infiltrerer organisasjonar for å få dei til å støtta opp om Kinas maktovertaking.
Lokalbefolkninga må ta stilling til om dei skal flykta eller bli verande, samarbeida eller gjera motstand. Utlendingar blir evakuerte. Så kjem sjølve invasjonen. Den 17,5 minutt lange traileren, som har lege på YouTube sidan august, seier ikkje noko om utgangen på det heile.
Amerikansk støtte?
Traileren seier heller ikkje noko om militær støtte frå USA. Dei færraste trur Taiwan vil kunna forsvara seg mot åtak frå Kina utan amerikansk støtte. Så spørsmålet er om denne støtta faktisk vil koma. Tradisjonelt har USA vore medvite fleirtydig i utsegnene sine. Taiwan Relations Act forpliktar USA til å setja Taiwan i stand til å forsvara seg, men amerikanske leiarar unngår gjerne å skapa unaudsynleg konflikt med Kina.
Fleire presidentar har likevel uttrykt at dei vil gjera det som skal til for å forsvara Taiwan mot eit åtak frå Kina. Ein krig mellom atommaktene USA og Kina kan lett utvikla seg til noko endå større, med Nato-allierte og Japan mfl. på den eine sida og Russland, Iran, Nord-Korea og andre mørke makter på den andre. Det kan høyrast ut som tredje verdskrig.
Kor langt bør USA gå i å støtta Taiwan i kampen mot ein kinesisk invasjon? Taiwan er trass alt eit lite land, i areal (36.000 kvadratkilometer) mindre enn mange norske fylke (men med 23,4 millionar innbyggjarar), og landet ligg langt unna både Noreg og USA. Faren for atomkrig og verdskrig vil nok få mange til å nøla. Det er lett å skjøna.
Dominoeffekt?
Men Kinas vilje til makt kan auka med landets økonomiske og politiske stilling i verdssamfunnet. Mange av oss tykkjer me veit kva Putin vil gjera den dagen okkupasjonen av Ukraina har nådd målet sitt – då er turen komen til andre land. Kva med den dagen Kina har okkupert Taiwan? Vil den kinesiske trugselen mot verdsfreden stoppa der? Ingen veit, men me kan lista opp nokre brennbare konfliktar landet står i.
Kinas aggressive krav på nesten heile Sør-Kina-havet set landet i motsetnadstilhøve til Filippinane, Brunei, Indonesia, Malaysia, Vietnam og, ja, Taiwan. Medan andre land har føreslått å koma saman for å finna ei løysing, vil Kina i beste fall drøfta saka bilateralt med dei enkelte landa, sidan Kina då alltid vil ha overtaket.
I røynda er Kina mest oppteke av å setja rå makt bak krava, til dømes ved å bruka vasskanonar til å jaga vekk sivile filippinske skip frå området kring Panatag (Scarborough Shoal) i den filippinske eksklusive økonomiske sona. Kina er heller ikkje oppteke av at Haag-domstolen har funne at krava og aktivitetane deira i området manglar juridisk grunnlag. Mange ser den kinesiske åtferda her som ein test på kor langt USA er villig til å gå for å forsvara allierte i ein framtidig væpna konflikt om Taiwan.
I Aust-Kina-havet er Kina i konflikt med Japan (og Taiwan!) om dei folketomme, men kanskje olje- og gassrike Senkaku-øyane, som kinesarane kallar Diaoyuøyane. Sidan 2012 har skip frå den kinesiske kystvakta jamleg krenkt det som her blir rekna som japansk territorialfarvatn, og jaga japanske fiskefartøy herfrå. Japan reknar øyane som del av Okinawa-prefekturet i det som fram til 1879 var eit uavhengig kongerike med band til Kina.
I august tok konflikten ei ny vending då eit kinesisk militærfly krenkte luftrommet over andre japanske øyar. Det kan verka spekulativt, men nokre analytikarar trur Kina vil spela Okinawa-kortet: Om Japan støttar Taiwans sjølvstende, støttar Kina Okinawas.
Sist gong Kina var i krig med eit anna land, var i 1979, då landet invaderte Vietnam som svar på at sistnemnde hadde styrta Pol Pots Kina-støtta terrorregime i Kambodsja. Sjølve krigen var over på ein månad, men krigshandlingane heldt fram med vekslande styrke fram til 1991, med tusenvis av døde på begge sider.
I Myanmar er Kina alliert med dei militære kuppmakarane, men har òg støtta nokre av opprørsgruppene. Inntil nyleg var grensekonflikten med India den heitaste, med tap av liv på begge sider. Sjølv om andre konfliktar er mindre akutte, skal me ikkje gløyma at det som no er landet Mongolia, tidlegare var del av Kina, og at den russiske byen me er vane ved å kalla Vladivostok, i si tid var kinesisk og heitte Haishenwei.
Taiwans rett til å eksistera som suveren stat er uavhengig av slike spekulasjonar om potensielle framtidige konfliktar med Kina. Men ein mogleg dominoeffekt kan vera ein vesentleg faktor den dagen USA må vurdera kor langt dei kan og bør gå i å støtta Taiwan militært mot ein kinesisk invasjon.
Skremsel?
Blir me skremde av slike krigsvyar, kan me trøysta oss med at spesialistar på internasjonale relasjonar gjerne ser den direkte faren for krig mellom Kina og Taiwan som moderat. Dei tonar ned det biletet som ein del militære, etterretning, tryggingsekspertar og massemedia teiknar av ein stadig sterkare Kina-trugsel.
Skilnaden kan i nokon grad forklårast ut frå ulike interesser. Det blir større behov for og dermed større løyvingar til militære, etterretning og tryggingsekspertar når trugslane aukar, og massemedia lever og tener òg godt på konflikt og drama. Akademikarar, derimot, hegnar betre om omdømet sitt både blant kollegaer og i befolkninga ved å verka moderate.
I tilfellet Ukraina er det liten tvil om kven som var nærast sanninga. Risikoen for at det same vil gjelda Taiwan, er diverre òg til stades, og den moglege aggressoren freistar ikkje å nekta for det, tvert imot. Slik eg ser det, ville det ikkje i seg sjølv vera ein tragedie om Taiwan vart ein del av Kina, om Kina berre hadde vore eit fritt og ope demokratisk land. Men det ville vera tragisk om endå eit demokrati vart del av eit autoritært diktatur, og om endå eit velfungerande samfunn vart øydelagt av krig.
Sidan taiwanarane har levd med trugselen frå Kina sidan midten av førre hundreåret, er det lett å skjøna at dei kjenner trong til å tala om noko anna. Men både dei og me kan ha godt av å byrja samtalen om kva som skal skje etter Zero Day.