Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati
Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.
Foto: Heiko Junge / NTB
Les også
Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.
Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB
Starten på ein storkrig?
Les også
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»

Kva land er det mest demokratiske i Asia? Spørsmålet er viktig no når demokratiet som styreform er truga av autoritære krefter i mange delar av verda. Ifølgje demokratiindeksen til The Economist er svaret Taiwan. Om me ser bort frå New Zealand, ligg Taiwan faktisk fyrst på lista over alle land utanfor Europa, og føre europeiske statar som Tyskland, England og Frankrike.
Same indeks set Noreg på ein fyrsteplass i verda og har gjort det i 14 år på rad. Me veit at fridomen vår ikkje har kome av seg sjølv, og at frigjering frå Danmark i 1814, Sverige i 1905 og Tyskland i 1945 var viktige føresetnader. Då skulle ein tru Noreg kjende ei særskild plikt til å støtta opp om Taiwans demokrati, som blir stadig sterkare truga av Kina, som på same indeks er nummer 148 av 167 land og hevdar at Taiwan er ein del av territoriet deira. Diverre gjer Noreg det motsette: leflar med Kina og ignorerer Taiwan.
«Dei fleste norske politikarane er meir opptekne av å koma Kinas mange krav i møte enn å utvikla ein aktiv Taiwan-politikk.»
Utestengd frå FN
Eit respektabelt alternativ kunne vera å gjera som Australias og Nederlands parlament og EU-parlamentet nyleg gjorde: påpeika at FN-resolusjon 2758 frå 1971, som seier at Folkerepublikken Kina skal representera Kina i FN, ikkje seier noko om Taiwans status eller deltaking i FN.
Kina hevdar det motsette, og det gjer at Taiwan er stengt ute frå FN og dei fleste av FNs underorganisasjonar, til skade for Taiwan og resten av verda.
Noreg skil seg ut
På overflata gjer Noreg som dei fleste andre land: har diplomatisk samband med Kina og er difor utan slikt samband med Taiwan. Men dette dekkjer over viktige skilnader.
Sverige, Danmark og Finland har heller ikkje ambassade i Taiwan, men alle tre har uoffisiell representasjon i landet. Representasjonskontora deira fyller funksjonar som konsulat eller ambassadar vanlegvis tek seg av.
Noreg har ikkje hatt slik representasjon på Taiwan sidan handelskontoret der vart nedlagt i 2002. Taiwan freista lenge å halda oppe einsidig representasjon i Noreg, men la òg ned kontoret sitt i Oslo i 2017. For å søkja visum til Noreg må taiwanarar gå til det danske handelskontoret i Taipei, og nordmenn må søkja visum til Taiwan via Stockholm. Ut over det, heiter det i eit skriv frå UD, skal «våre behov for informasjonsutveksling og tilstedeværelse ivaretas av vår ambassade i Singapore».
Dei fleste landa i Europa, Amerika og Asia har diplomatisk samband med Kina, men òg uformelle relasjonar til Taiwan. Unnataka i Europa er nokre land i det tidlegare Aust-Europa og småland som Liechtenstein, Andorra, Monaco, Malta, San Marino, Kypros, Island – og altså Noreg. Sjølv Kinas næraste ven Russland har handelskontor på Taiwan. Det er berre i Afrika, delar av Midtausten og «stan»-landa i Sentral-Asia at dei fleste landa gjer som Noreg. Land det er naturleg å samanlikna seg med?
Politikken ligg fast
I 2022 føreslo Venstre og Frp, med støtte frå MDG, å gjenoppretta Noregs representasjon i Taipei. Stortinget avviste framlegget etter at utanriksminister Anniken Huitfeldt uttala at «Regjeringens ett-Kina-politikk ligger fast». I 2009 vart eit spørsmål frå ein Høgre-representant om norsk handelskontor i Taipei like blankt avvist av den gong utanriksminister Jonas Gahr Støre. Støre la til at det er Innovasjon Noreg og ikkje Utanriksdepartementet som vedtek om eit handelskontor skal opprettast eller leggjast ned. Det er sikkert sant, men syner igjen mangel på vilje til å etablera den uformelle kontakten dei fleste andre land har.
Då Støre i 2009 avslo å gå inn for å skipa norsk handelskontor i Taipei, var grunngjevinga nøytral og upolitisk. Noregs handel med Taiwan var ikkje omfattande nok til å forsvara ein slik bruk av ressursar, langt mindre omfattande enn Sveriges og Danmarks. Det som ikkje kom fram, var at dette delvis var – og kanskje framleis er – eit resultat av haldninga til norske styresmakter.
Dei fleste norske politikarane er meir opptekne av å koma Kinas mange krav i møte enn å utvikla ein aktiv Taiwan-politikk. I eit land der privat verksemd og statleg politikk er så sterkt vovne saman som Noreg, gjer dette at færre vågar å satsa på handel med Taiwan.
Statsminister Erna Solberg avslutta Kina-besøket i 2017 hjå president Xi Jinping i Folkets store sal i Beijing.
Foto: Heiko Junge / NTB
Inga skatteavtale
Venstre og Frp føreslo òg å inngå skatteavtale med Taiwan, så ein unngår dobbel skattlegging. Mange europeiske land har dette: Sverige, Danmark, Tyskland, Austerrike, Nederland, Belgia, Luxemburg, Frankrike, Italia, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Nord-Makedonia, Storbritannia og Sveits. Men ifølgje Huitfeldt kan slike avtalar berre inngåast mellom statar, og sidan Noreg ikkje anerkjenner Taiwan som eigen stat, er dette umogleg.
Svaret syner at Noreg i kontrast til mange andre land ikkje er interessert i å utvikla den formelle, halvformelle eller uformelle relasjonen til Taiwan. Dobbel skattlegging stimulerer neppe til auka handel mellom landa. At handelssambanda likevel har auka sidan 2009, seier meir om det store potensialet enn om endringar i norsk politikk.
Mangel på interesse for Taiwan og frykta for kinesiske reaksjonar ligg som ein innarbeidd refleks hos norske politikarar over heile det politiske spekteret, især blant dei som sit med makta. Det var ei Høgre-regjering som forhandla fram Kinas og Noregs felles fråsegn om normalisering av bilaterale samband, der det heiter at den norske regjeringa respekterer Kinas utviklingsveg og sosiale system (inkludert diktatur?), og at ho ikkje vil støtta handlingar som svekkjer Kinas kjerneinteresser og sentrale saker, mellom dei eitt-Kina-politikken og Kinas suverenitet og territorielle integritet (les: Taiwan m.m.).
Kinesisk provins?
Namn betyr mykje. Sidan den kinesiske presidenten Chiang Kai-shek flykta til Taiwan då han tapte borgarkrigen i 1949, har Taiwans offisielle namn vore «Republikken Kina». Ikkje eingong dei mest Kina-skeptiske politikarane på øya vågar å gjera noko med det. Når taiwanske idrettsutøvarar deltek i internasjonale konkurransar, representerer dei ikkje Taiwan, men «Chinese Taipei», etter krav frå Kina.
Flyselskap med trafikk mot Taiwan blir pressa av Kina til å leggja til «China» etter landsnamnet, og overraskande mange godtek kravet. Noreg er på ingen måte åleine om å gje etter for kinesisk press i slike saker. Det som er spesielt, er at Noreg gjerne er tidlegare ute enn alle andre.
Sidan tidleg på 2010-talet har det på opphaldskortet til taiwanarar busette i Noreg stått at dei er fødde i Kina. Den taiwanske advokaten Joseph Liu har freista å gå rettens veg for å få praksisen endra, men utan hell. Lenge var Noreg åleine i Norden om denne praksisen – både Sverige og Danmark godtok at ein kunne vera fødd på Taiwan. Men presset frå Kina må ha vore hardt, for i året som gjekk, har både Sverige og Danmark følgt etter Noreg.
Støtter diktaturet
Norske utanrikspolitikarar seier ofte at me ikkje oppnår noko ved å agera på eiga hand og blir sterkare ved å stå saman med allierte i Europa og Amerika. Men det manglande handelskontoret vårt på Taiwan er del av eit større mønster, der Noreg vel å gå på tvers av det som er praksis i andre land for å koma kinesiske krav i møte.
Noreg har til dømes ingen straffetoll på kinesiske elbilar, i motsetnad til både EU, Canada og USA. Det kan òg vera at Noregs «eitt-Kina-politikk» skil seg frå den ein finn i EU og USA, der han ikkje inneber at Taiwan er ein del av Kina, berre at dei erkjenner at Kina har eit ønske om dette. Det er uklart kor Noreg står i denne saka, men mykje tyder på at me går eit skritt lenger og godtek den kinesiske posisjonen.
Noregs frigjering frå Tyskland i 1945 hadde vore umogleg utan enorm innsats frå våre allierte. Føresetnadene vart primært skapte utanfor vårt eige land. Lèt me Taiwan stå åleine i kampen for sjølvstende og demokrati, oppfører me oss som om me har gløymt kva som gjorde det mogleg for Noreg å bli det som ifølgje Economist er det mest demokratiske landet i verda. Då har me svikta Asias fremste demokrati og gjort at diktaturet som styreform får sterkare gjennomslag i verda.
Halvor Eifring
Halvor Eifring er professor i kinesisk ved Universitetet i Oslo. Denne hausten er han gjesteforskar ved National Taiwan University og Center for Chinese Studies i Taipei. Han har reist fast til Taiwan sidan 1984. Han har òg arbeidd i Kina.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø