Økonomi

Statsbudsjettet er ikkje så stramt som Vedum hevdar

Etter nokre litt dårlege år då vi tok meir pengar ut av Oljefondet enn vi sette inn, renn det pengar inn att. Men at Statkraft ikkje kan betala meir i utbyte, er ei gåte.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum lèt ikkje til å tru blindt på eigne tal: «De høye inflasjonstallene som har kommet for juli og august, etter at budsjettanslagene ble utarbeidet, indikerer at KPI-veksten kan bli høyere enn lagt til grunn i denne meldingen.»
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum lèt ikkje til å tru blindt på eigne tal: «De høye inflasjonstallene som har kommet for juli og august, etter at budsjettanslagene ble utarbeidet, indikerer at KPI-veksten kan bli høyere enn lagt til grunn i denne meldingen.»
Publisert

Er Noreg ein marknadsøkonomi? Sjølvsagt er vi det. Men når ein ser på kor mykje av BNP på Fastlands-Noreg som vert fordelt utanfor marknaden og av politikarar, kan ein av og til lura litt. I 1945 var dei offentlege utgiftene målte som del av verdiskapinga (BNP) på fastlandet på 33 prosent. Så fekk særleg Trygve Bratteli som var finansminister gjennom så godt som heile 1950-åra, spara litt. I 1960 var den offentlege delen komen ned i 26 prosent.

I år vert det same talet 63,3 prosent, og neste år, trur Finansdepartementet, vert talet 60,2 prosent. Men det under føresetnad av at veksten i fastlandsøkonomien neste år vert på 1,7 prosent, som til dømes er langt over Noregs Banks prognose på minus 0,4 prosent, eit nesten merkeleg stort sprik mellom to så store fagmiljø. Det vi kan slå fast, er at den offentlege delen av norsk økonomi er klart høgst mellom demokratiske land, både i samla utgifter og talet på tilsette.

Wisting?

Eit av dei store slaga i tingingane med SV vert om utbygging av Wisting-feltet i Barentshavet. Equinor, som staten eig 70 prosent av, hevdar marknaden skrik etter oljen og gassen som er der, men til sjuande og sist er også dette eit spørsmål som ikkje vert avgjort av marknadskreftene, men av Stortinget.

Så kan ein nesten stilla seg spørsmål om Noreg snart ikkje har tent nok på oljen og gassen, sjølv om Europa rett nok er heilt avhengig av norsk fossilproduksjon. Då Stortinget vedtok statsbudsjettet for 2022 før jol i fjor, trudde dei at inntektene skulle verta på 304 milliardar frå sokkelen. Dei vart på godt over billionen. Neste år trur Finansdepartementet at inntektene vert på 1412,6 milliardar.

Tredobla på 20 år

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement