Kommentar

Sverige endrar kurs

Sverige er eit samfunn skapt ut frå at alle er svenske. Det er dei ikkje lenger. No vil sentrale politikarar rette opp systemfeilen.

  

Naudetatar på staden etter melding om ein mogleg eksplosjon i Stockholm i desember 2024.
Publisert Sist oppdatert

Willful blindness er eit omgrep som blir brukt om samfunn som medvite ser bort frå brysame og ubehagelege sanningar. I Sverige har samanhengen mellom innvandring, klanar og organisert kriminalitet vore ei slik blindsone.

Peter Esaiasson, ein nestor innanfor svensk samfunnsforsking, innleia 2025 med å skulde svenske forskarar for å ha late att auga for systemtrugande åtferd. Og dette skjer i ei tid der regjeringa, opposisjonen, fleire styresmakter, LO og arbeidsgjevarane meiner at organisert kriminalitet undergrev samfunnet, minte professoren om.

Konkret viste Esaiasson til at berre 5 av 250 forskingsprosjekt som har fått stønad dei neste tre åra, faktisk tek opp organisert kriminalitet. Han kallar dette ei unnlatingssynd.

Eit anna døme på at Sverige har blindsoner, er at regjeringa fyrst no har bestemt seg for å greie ut korleis innvandring har påverka den svenske økonomien – meir enn ti år etter at det første Brochmann-utvalet leverte rapporten sin i Noreg.

Berøringsangst

Denne uviljen mot å ta i saka gjorde det vanskelegare for meg å skrive boka Sverige 2024: Beretninger om et land i krise. Fleire viktige kjelder ville ikkje stille opp eller trekte seg undervegs. Dette gjaldt idealistiske organisasjonar som kjempa for papirlause flyktningar, private friskular og enkeltpersonar – det vart for ubehageleg å bidra i ei bok som kritisk tok opp innvandring som eit samfunnsfenomen.

Samfunnsforskaren Peter Esaiasson.

Heldigvis fanst det menneske som ville snakke, kjelder med reflekterande kraft og representativitet, sjølv om nokre av dei kravde anonymitet. Ei av dei var «Brita». Ho voks opp i det ho sjølv skildrar som ein idealistisk familie, og budde tre år i det utsette området Kronogården i Trollhättan. I fleire tiår har ho arbeidd med ressurssvake menneske. No har eit alvor teke tak i henne.

Brita har sitt daglege virke i ein fritidsklubb for barn med utanlandsfødde foreldre. Ho fryktar at det ville vere farleg for henne å kritisere det ho ser i jobben, under fullt namn. Ho kvir seg alt for å sende bekymringsmeldingar, sjølv om ho er pålagd å gjere det, om det ho opplever på «fritidsgården» i eit utsett område. At ho høyrer til på venstresida, skulle tale for at ho lèt sine eigne barn gå i offentleg skule. Men nei, yngstedottera går på privatskule.

Brita er ein representant for livet i velferdsstatens fyrsteline – lærarane og sosialarbeidarane som alle rapporterer om trakassering og truslar. Historier som den til Brita tvinga fram nye spørsmål: Kva om kulturelle særpreg – og eit ønske om å verne om dei – gjer kløftene vidare og djupare? Kva om innvandrargrupper sjølve ønskjer å reindyrke ein identitet i eigne enklavar, styrte av klanar?

Sjølv søkte eg til innvandrarane for å finne svar. Yusuf Abdullahi, lærar for svensksomaliske barn gjennom tiår og politikar for Centerpartiet, gav meg sin versjon av kva dei somaliske klanane har å seie i dagens Sverige. Han meiner at tradisjonelle klanstrukturar med eldreråd (guurti) og islamske lover (xeer) har mista mykje av makta. Til dømes er ikkje tvangsekteskap lenger vanleg, hevdar han. Klanane er i dag primært eit gjensidig fellesskap, ein plass folk søkjer til når dei skal gifte seg, eller når dei har problem med sosialtenestene. For Yusuf er unge somaliarar løpargutar i dei kriminelle gjengane, ikkje hovudmenn.

Æreskultur

Bagatelliserer han påverknaden klanane har, eller kan dette vere meir typisk for klanane frå Nord-Somalia, der han sjølv kjem frå?

Ei bok skriven av to riksdagspolitikarar frå det innvandringsliberale partiet Liberalerna undersøkjer dette. Begge er av utanlandsk opphav, og i boka Separatismen i Sverige teiknar forfattarane eit bilete av ein ønskt intern separatisme som leverer idrett, sosial tryggleik og religion i konkurranse med velferdsstaten. Det er kort oppsummert færre pride-paradar, meir æreskultur. Dei åtvarar mot denne vilja separatismen som utfordrar det liberale demokratiet, og som også bidreg til at kriminelle gjengar veks fram, ofte klanstyrte.

Er gjengkriminelle plasserte i tollvesenet, i skattedirektoratet, i bystyret? Heilt sikkert.

Etter kvart har også andre enkeltpersonar med innvandrarbakgrunn retta eit kritisk blikk innover. Den svensk-kurdiske forfattaren Kurdo Baksi har gjennom fleire tiår vore ein sentral person i den antirasistiske rørsla. Han peiker på ei direkte kopling mellom kultur og kriminalitet. «Det er ingen som snakkar om at samfunnets svikt i kampen mot æresundertrykking (hedersförtryck) fører til æresvald.» Baksis påstand er: Hadde vi eliminert æreskulturen, ville færre blitt drepne, og Sverige hadde vore eit tryggare land.

Den interne separatismen skrik etter forsking. Kva særpregar enkelte etniske grupper, bydelane dei bur i, og korleis ulike grupper samhandlar? Kvifor vel relativt mange ein kriminell veg, og kor sterke er eigentleg klanane?

Kopling mellom innvandrarkultur og kriminalitet var lenge eit tabu i den svenske ålmenta. At det no blir teke opp, opnar for ein meir edrueleg debatt. Då blir det også lettare å gå inn i det mest grunnleggjande problemet: den djupe segregeringa og konsekvensane.

Segregeringa stikk djupt

Segregeringsforskar Per Assmo meiner det er typisk for Sverige at dei fattigaste klumpar seg saman i isolerte bydelar. Ikkje berre i dei tre største, Stockholm, Göteborg og Malmö. Forsking viser at dei mellomstore byane er endå meir prega av sosial og etnisk segregering.

– Det har vore feil å ikkje snakke om etnisitet, seier Assmo, og legg til:

– Vi har eit samfunn som er designa for å vere homogent, og når samfunnet ikkje lenger er det, har vi fått ein systemfeil.

I det som politiet definerer som utsette område (per i dag 59), bur det 70–90 prosent med opphav i andre land. Arbeidsløysa er høg, og talet på dei som er avhengige av trygd, endå høgre. Tronge bustadtilhøve er dominerande og valdeltakinga halvert i høve til dei rikare bydelane. I tillegg peiker innbyggjarane, lærarane og politiet på rasisme – strukturell og subtil – som forklaring på gjengveksten.

Sverige er eit av verdas mest ulike land når det gjeld formue. Etter at skatt på formue, arv og eigedom blei kutta i dei marknadsliberale åra tidleg på 2000-talet, er Sverige på topp i talet på milliardærar per innbyggjar, berre slått av eit par skatteparadis. Dei kommersielle friskulane, som opererer på alle tre nivå (førskule, grunnskule og vidaregåande), er sterkare enn nokon gong. Så mange som 400.000 elevar går på private skular. Her er forskinga eintydig: Dette forsterkar segregeringa. Dei skilde øyene driv frå kvarandre.

Kva skal ein gjere med dette? Skal segregeringa reverserast fordi ho fører til auka vald og kriminalitet? Svaret burde vere enkelt, ikkje minst fordi politileiinga er tydeleg: Det held ikkje å bruke «panserneven» åleine for å slå tilbake den organiserte kriminaliteten. Den sosiale utanforskapen må nedkjempast.

Den store valdsbylgja dei siste åra – i januar i år var det bombeeksplosjonar kvar dag – har fått alarmen til å gå. No skal alle steinar vendast.

Blindsoner

Alle innvandrarar blir skulda, men det er nokre enkeltgrupper som er overrepresenterte i kriminalstatistikken, typisk grupper frå Midtausten. Ein veit lite om kvifor.

Eit illustrerande døme på den manglande kunnskapen er korleis det svenske politiet gjennom 2020-talet gradvis har oppjustert anslaget over personar som er knytte til dei kriminelle gjengane. Det siste anslaget er på 62.000. For eit par år sidan var det 40.000.

Det skal no vere 36 slektsbaserte kriminelle nettverk som opererer i Sverige, ifølgje politiet. Desse klanane har hovudsakleg opphav frå Balkan, Aust-Europa og Midtausten. Totalt skal det vere mellom 200 og 350 kriminelle nettverk som opererer i landet.

Med omtrentlege anslag og stadige oppjusteringar verkar det som om politiet spring etter røynda i eit febrilsk forsøk på å kome à jour. Der det har vore mange blindsoner, prøver dei no å fylle på med etterforsking.

Har gjengane klart å plassere sine eigne folk i domstolane? Ja, nokre dommar viser at informasjon om etterforsking har kome på avvegar. Er gjengkriminelle plasserte i tollvesenet, i skattedirektoratet, i bystyret? Heilt sikkert. Det finst ei ubehageleg kjensle av at kjernen i staten er infiltrert. I tillegg til bankar, eigedomsmeklarar og bustadselskap.

Kva med statens tenestetilbod? Kan det vere slik at gjengane styrer nokre av studieforbunda i dei mange etterutdanningstilboda? Har dei teke over skular? Og har dei sine eigne folk innanfor private barnevernsinstitusjonar, såkalla HVB-heimar, for å rekruttere unge til kriminalitet?

Driv dei privat heimehjelp, legevakter og skular? Ja, stadig nye avsløringar stadfestar at alt dette har utvikla seg over tid. Den organiserte kriminaliteten infiltrerer samfunnet på stadig fleire måtar.

Einsidig panserneve

Stilt overfor stadig nye erkjenningar har regjeringa – Moderaterna, Kristdemokraterna og Liberalerna, støtta av Sverigedemokraterna – valt å satse på panserneven.

Ransakingssone, plikt for offentleg tilsette til å melde frå om ulovlege flyktningar (med unntak for lærarar og helsearbeidarar), strengare krav for å få statsborgarskap (åtte års butid i staden for fem, plettfri vandel og krav om ikkje å skade svenske interesser) og no ei massiv satsing på å byggje ungdomsfengsel for personar over 15 år – for å nemne noko. Samtidig er innvandringa kraftig redusert.

Sverige kopierer slik danske løysingar, som har gått frå å vere eit skjellsord i den svenske politiske debatten til å bli eit døme til etterfølging – i eit land der langt fleire har innvandrarbakgrunn enn i Danmark (ca. 25 prosent mot 15 prosent), og der mykje framleis er usikkert om røtene til kriminaliteten.

Kriminalitetskampen råkar dei utsette, innvandrardominerte områda med ein slagkraftig panserneve – og mange av dei det gjeld, mistar no tilliten til styresmaktene. Dei reagerer sterkt på det dei meiner er autoritære grep frå den borgarlege regjeringa, som ikkje blir følgde opp med tiltak for å redusere segregeringa og betre tilhøva for dei 550.000 som bur i dei utsette områda.

Dette vil det største partiet i Sverige, Socialdemokraterna, gjere noko drastisk med. Dei ønskjer at det svenske hamskiftet skal gå djupare og breiare, ned i dei materielle vilkåra.

Riv opp segregeringa

Lawen Redar, riksdagsrepresentant for Socialdemokraterna.

Elleve arbeidsgrupper har lagt fram forslag til eit nytt politisk program, og særleg eitt av dei har vekt oppsikt. Leia av riksdagsrepresentanten Lawen Redar frå Socialdemokraterna foreslår utvalet ei radikal kursendring.

Ikkje berre vil partiet fase ut privatiseringa av skulen og helsevesenet, barnevernet og heimehjelpa, dei vil også styrkje integreringa gjennom strengare krav til innvandrarane sjølve – alt tydeleggjort i tittelen: «Auka samfunnsfellesskap gjennom at vi deler eit felles språk.»

Krav til språklæring skal gå hand i hand med andre pålegg, inkludert:

  • Forbod mot at personar som får sosialhjelp, flyttar til innvandrartette område.
  • Inntektsgrense for å kunne flytte inn.
  • Prioritere at folk med høgare utdanning følgjer etter.
  • Obligatorisk førskule frå tre år.

Befolkninga skal blandast. Gjennom strategisk riving skal blokker fjernast for å gi plass til rekkehus og villaer. Ein skal gjennomføre ei folketeljing og etablere ein Sverige-konferanse slik at staten kan styre utviklinga meir detaljert. Med eit klart ris bak spegelen: Dersom kommunane ikkje avskaffar dei utsette områda sine, vil staten gripe inn. Blindsonene skal bort, og styringsgrunnlag skal etablerast.

Svensk-kurdiske Lawen Redar skildrar heilskapen slik:

– Dette er mindre woke og meir materielt. No må vi få alle korta på bordet, vi må rette søkjelyset på bustader, skular, levekår og materielle føresetnader i dei utsette områda, meir enn på retorikk.

Det vil bli kostbart å rive bustader og byggje nye, og tanken er at det skal finansierast med å få fleire i arbeid, høgare skattar og mindre skattefrådrag for dei rikaste.

Reformpakka legg ikkje vekt på strukturell rasisme, som har stått sentralt i det noverande partiprogrammet til Socialdemokraterna. Difor har reformene møtt kritikk frå venstresida. Då Redar også sa at «alle må bli svenske i hjartet», sende det eit sterkt signal frå eit parti som lenge har hevda at det ikkje finst nokon svensk kultur. Dette vil føre til harde kampar på landsmøtet i slutten av mai.

Uansett – det er slutt på å vende det blinde auget mot ubehagelege sanningar, sjølv om forskarane førebels lèt vente på seg.

Ivar Hippe er forfattar og journalist.