Talknusaren og den store avsporinga

For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.

I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Publisert

Huset til Idar Mo ligg høgt og fritt til på Norneshaugane ei dryg mil sørvest for Sogndal. Han fortalde meg om utsikta i eit e-brev før eg tok bussen vestover i desember: «Eg bur på beste staden for utsynet over staden der slaget ved Fimreite stod i 1184. Utsynet får du frå kjøkkenbordet mitt når det er lyst tysdag morgon. Over 2000 soldatar ligg gravlagt nokre hundre meter frå mitt hus», skreiv Mo.

Vi kunne snakka om mangt og mykje, for interessefeltet hans er vidt og breitt i tid og rom. Men eg er komen for å snakke om transport. I tolv år arbeidde Idar Mo med samferdslestatistikk i Statistisk sentralbyrå, deretter var han konsulent i samferdsleavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune fram til 2007. Men Mo var ingen vanleg statistikar eller byråkrat. Til det var meiningane for sterke og ytringstrongen for stor.

– Når eg hadde den kunnskapen eg hadde, og såg at statistikkane ikkje vart brukte, tykte eg at eg måtte skrive nokre artiklar og fortelje folk korleis ting hang saman. Eg kjende at eg hadde eit stort ansvar, seier Mo ved kjøkenbordet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement