Sideblikk
Talsmenn for Amerikas krigsmakt
Ein forsvarsminister har plikt til å tala mot betre vitande om dei klandestine «tjænestan».
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (t.h.), etterretningssjef Morten Haga Lunde og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen før dei la fram Etterretningstenestas vurdering av aktuelle tryggingssutfordringer, «Fokus 2020», i fjor haust.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Dersom Dag og Tid, ein emeritert sivilombodsmann og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité ikkje klarer å snu utnemninga, blir Frank Bakke-Jensen fiskeridirektør til hausten.
Det skjer etter ein klandestin prosess der han, med sine kapasitetar, blei oppmoda om å legga inn ein hemmeleg søknad etter fristen, for Høgre stod ikkje for tur til eit ledig embete som statsforvaltar i nord.
I ROLLA SOM ØVSTE ansvarlege for krigsmakta er Bakke-Jensen ein temmeleg ordinær megafon med høgstemte frasar, innøvde formuleringar og bortforklaringar. Når han går seg vill i skogen med bastante og forvirrande utsegner som han ikkje grunngir, dekker han seg bak naudsynte løyndomar av omsyn til nasjonens tryggleik. Om han kjem inn i eit hjørne, trekker han 9. april-kortet.
I saka om sal av Bergen Engines frå vestallierte Rolls Roys til russiske oligarkar og Putin-venner har han fått så mange reprimandar at han må stramma seg opp. Det tar seg dårleg ut å overlata vedlikehaldet av norske krigsfartøy og spionskipet FS «Marjata», med Erna Solberg som gudmor, til fienden.
Først var det ein ordinær transaksjon mellom to utanlandske og kommersielle aktørar som Nærings- og fiskeridepartementet verken skulle eller burde blanda seg inn i, for korleis skulle det då gå med ein liten, open økonomi som er global storinvestor? Nå er spørsmål blitt så brennbart at regjeringa bakkar og ser nærare på materien etter tryggleikslova.
I FRODE BERG-SAKA skal ikkje Bakke-Jensen skuldast for løgn. Som ein «komiske Ali» gjer han berre det ein forsvarsminister må gjera når det handlar om kva «tjænestan» har gjort eller ikkje gjort: Han snakkar mot betre vitande og veit at han gjer det, og han veit at alle andre veit at han gjer det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.