Lita skrift

Tapet

Publisert Sist oppdatert

– Eg har limband her, sa eg til ein kollega som etterlyste tape.

Etterpå slo det meg kor talande ordet limband er jamført med tape. Det engelske låneordet er for lengst kome inn i norsk, og det har fleire tydingar. Det er synonym til lydband eller kassett, og så har vi verbet å tape, miste eller gå glipp av noko.

Ungdommen no til dags går glipp av fleire gode, norske ord. Når eg påstår noko slikt, er det sjølvsagt fordi eg har nådd middagshøgda, men frå middagshøgda er det godt utsyn til engelske brør og systrer til norske ord. Kven er det som seier stemnemøte no til dags, når det korte ordet date sparer ein for fleire stavingar? På norsk har vi forresten det korte ordet vift, men det å vere på vift, altså vere ute og more seg eller til og med vere på galeien, som ordboka påstår, inneber ikkje nødvendigvis noko stemnemøte.

Nei, mange talande ord er nok nærare ei gravferd enn eit stemnemøte. Kven seier reknemaskin i våre dagar? Summa summarum reknar eg med at kalkulatoren på mobil og datamaskin er komen for å bli. Orda PC og laptop, som til og med står i ordboka, har meir eller mindre erstatta den trauste berbare datamaskina.

Langbukse, kortbukse og stuttbrok er vel knapt i bruk, men gjett kva som står i ordboka no: kosebukse. Underbukse blir kalla boksarshorts eller truse og strømpebukse tights. Nynorskordboka har forresten ein artig definisjon av ordet strømpebukse: klesplagg med strømper og truse i eitt.

Dersom du balar med noko, får du tak i ein sakførar lenger? Kvar har det blitt av handduken og lommeduken? Er det berre Kleenex som skal tørke tårer og snott heretter? Kvar tok bladfyken, bladstova og bladstyraren vegen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement