Tapt truverd
Trygve Slagsvold Vedum lover å kompensera for at Finansdepartementet bomma på inflasjonen. Det får han neppe heilt til.
FYLGJEFEIL: Tusenvis gjekk i fakkeltog mot nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter i Volda.
Foto: Svein Aam / Møre-Nytt
Om kvelden den 27. januar kom dei franske gule vestane til Volda. No skal det seiast at folk hadde teke på seg gule refleksvestar for å verta sette i mørket, så nett desse vestane låg det kan henda ikkje nokon djupare symbolikk bak. Men same kva gjekk 1700 menneske i fakkeltog langsetter gamlevegen mellom Ørsta og Volda. Dei var på veg til det statlege Mork rehabiliteringssenter rett utanfor Volda sentrum.
Senteret har i over 40 år tilbode folk som av ulike grunnar har vorte påførte funksjonshemmingar, opptrening for å kunne makta kvardagen og kanskje arbeidslivet betre. No har styret i Helse Møre og Romsdal vedteke at dei vil leggja ned Mork. Nedlegginga er mykje ein fylgjefeil.
Bom på bom
Dette skreiv Finansdepartementet i oktober 2021 i framlegget til nasjonalbudsjett for 2022, altså det komande året: «Inflasjonen anslås samlet sett å komme betydelig ned (samanlikna med 2021, red. merk.). Det anslås å gi en reallønnsvekst på 1 3/4 pst. neste år, etter nullvekst i inneværende år.» Dei hamna på 1,3 prosent som den mest trulege veksten i konsumprisane.
I det reviderte nasjonalbudsjett som vart lagt fram den 12. mai 2022, innsåg Finansdepartementet at dei hadde bomma skikkeleg, og reviderte opp overslaget sitt til 3,4 prosent. Dei fleste sektorane fekk delvis dekt den auka konsumprisveksten, men ikkje heilt, sidan Ukraina-flyktningane måtte få ein del pengar og Forsvaret òg.
Kva vart inflasjonen på i 2022? Han vart på 5,8 prosent. I røynda fekk offentleg sektor samla ei kraftig innstramming i 2022. Dei som ikkje makta å dekkja inn dei reduserte realløyvingane fortløpande i 2022, må dekkja inn dei for høge utgiftene i 2022 i dette budsjettåret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.