JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tek dissens mot eiga regjering

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) har vore med på å leggje fram forslag til ny abortlov, men vil på nokre punkt heller behalde den gamle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Barne- og familieminister Kjersti Toppe og resten av statsrådane til Senterpartiet har teke dissens mot to større endringar i forslaget til ny abortlov.

Foto: Javad Parsa / NTB

9141
20240830

Samtalen

Kjersti Toppe (Sp)

Barne- og familieminister

Aktuell

Regjeringas forslag til ny abortlov

9141
20240830

Samtalen

Kjersti Toppe (Sp)

Barne- og familieminister

Aktuell

Regjeringas forslag til ny abortlov

eva@dagogtid.no

Regjeringa har lagt fram forslag til ny abortlov, der retten til sjølvbestemt abort vert utvida frå veke 12 til veke 18 i svangerskapet. Lovforslaget inneber også at fostertalsreduksjon – som vil seie abort av eitt eller fleire, men ikkje alle, foster i eit fleirlingsvangerskap – vert opp til kvinna sjølv å ta stilling til fram til veke 18. Det siste vil innebere ei parkering av innskrenkinga KrF fekk gjennomslag for med retningsvalet i 2018.

Senterpartiet sine statsrådar har teke dissens mot begge dei konkrete endringspunkta over, men dei står elles bak resten av lovforslaget som er lagt fram. Det seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

– Kvifor er de imot sjølvbestemt abort til veke 18 og sjølvbestemt fostertalsreduksjon?

– Vi har både eit landsmøtevedtak og ei tydeleg formulering i stortingsprogrammet vårt om at vi vil vidareføre dagens abortlovgjeving. Både ei utviding til veke 18 og det å ta vekk nemndbehandling ved fostertalsreduksjon er å gå vekk frå det. Vi meiner dagens abortlov alt er eit godt forankra kompromiss, som balanserer mellom dei ulike verdiane og vanskelege etiske avvegingane som står mot kvarandre i dette spørsmålet. Kompromisset har også stått seg godt over tid. SSB si undersøking i 2021 synte at eit fleirtal av kvinner er for dagens grense på 12 veker. Sjølvbestemt abort fram til veke 18 vil nedtone fosterets verdi i regelverket. Det ønskjer eg ikkje.

– Og for fostertalsreduksjon?

– Her støttar vi abortutvalet sine vurderingar om at fostertalsreduksjon er noko anna enn abort: Det er ein annan type og eit meir spesialisert inngrep, der svangerskapet held fram for eitt eller fleire foster, og der det er ein risiko for attverande foster. Altså eit inngrep det også må gjerast ei medisinskfagleg vurdering rundt. Det går imot retten til at gravide fritt skal vurdere det sjølv.

– Meiner du det er uansvarleg å gå for sjølvbestemt fostertalsreduksjon fram til veke 18, slik Ap gjer?

– Eg vil ikkje karakterisere det slik. Gjennom høyringa kom det fram at det er ulike syn på kor stor risiko ein fostertalsreduksjon medfører, og Ap tek i sitt framlegg atterhald om at det skal vere medisinsk forsvarleg. Men det syner også kvifor sjølvbestemt fostertalsreduksjon er problematisk. Eg meiner abortutvalet argumenterte bra og grundig då dei føreslo ein annan type regulering av dette, og det følgjer eg. Eg synest ikkje det er grunn til å ta vekk regelen i dag om at forstertalsreduksjon skal opp i nemnd. Vi i Sp meiner, som utvalet, at det bør vere obligatorisk rettleiing i desse sakene.

– Vi kjem tilbake til det siste, men fyrst: Abortutvalet trur ikkje ei utviding til veke 18 kjem til å ha noko å seie for aborttala. Trur du det?

– Eg trur ikkje det går å konkludere verken med det eine eller det andre. Erfaringar frå andre land kan tyde på at ei utviding ikkje medfører auke, men vi veit ikkje nok om dette. Svenskane har grense på 18 veker i dag, og dei har ei markert høgare abortrate enn oss, sjølv om dei ikkje har mange fleire seinabortar. Mindretalet i abortutvalet skriv godt om at lovverket også bidreg til å forme haldningar, korleis ein vurderer ting og tek val, og at vi ikkje kan ta for gjeve at ei utviding ikkje verkar inn på aborttalet totalt. Så eg er uroa for konsekvensane over tid, men det er ikkje det viktigaste argumentet mitt. Eg er for 12-vekersgrensa fordi eg meiner den er viktig og rett.

– Eg er for 12-vekersgrensa fordi eg meiner ho er viktig og rett.

Kjersti Toppe, barne- og familieminister

– Abortutvalet synte at dei fleste som har søkt om abort fram til veke 18, har fått søknadene innvilga. Kva er verdien av ei grense på 12 veker, om ho ikkje har følgjer i praksis?

– Også dagens lov legg opp til at det kan skje seinabortar. 12-vekersgrensa er berre for sjølvbestemt abort. Etter det skal det gradvis takast omsyn til fosterets rett til vern, og nemndene representerer dette. Nemndene skal leggje avgjerande vekt på kvinnas eigne vurderingar, så at dei fleste får søknadene innvilga, kan også vere eit bevis på at nemndordninga fungerer. Å ta nemndene vekk er uansett feil, for dei har også ein funksjon knytt til den viktige balanseringa i loven – og det at fosteret også skal ha ei form for vern. Eg vil leggje til at kvinner har delte erfaringar med nemndene. Somme har opplevd dei som belastande, andre som ei støtte i eit vanskeleg val. Det finst også historier om gravide som opplever press om å ta abort, der nemndene kan ha ein viktig funksjon. Forsvinn nemndene, er eg uroa for at ein del kvinner kan oppleve å stå heilt åleine i det vanskelege valet framover.

– Det har vore misnøye med abortnemndene blant kvinner lenge, og abortutvalet påpeika at praksisen deira har vore lite systematisk og føreseieleg. Kva er grunnen til at nemndsystemet har fått utvikle seg slik?

– Abortutvalet fekk nettopp til oppgåve å gå gjennom dette. Vi såg at det trongst ei utgreiing fordi det var mykje debatt, samstundes som vi ikkje hadde noko skikkeleg kunnskapsgrunnlag. Kvifor det ikkje er gjort før, veit eg ikkje, men det er ikkje bra. At det heller ikkje før no har vore systematisk kunnskap om korleis nemndene opererte, er også ganske gale. No veit vi at det er delte syn og erfaringar med nemndene, ikkje berre misnøye. Vi føreslår no å avvikle dagens nemndordning og opprette nye nemnder, samstundes som vi føreslår å lovfeste retten gravide har til objektiv informasjon, rettleiing og oppfølging, og flytte ansvaret for det over til helsetenesta. Vi får ei nemndordning eg meiner varetek omsynet til kvinna betre enn før.

– Kan det ha vorte slik fordi det har vore politisk betent å rokke ved kompromisset om 12-vekersgrensa?

– Eg trur ikkje det, men sjølvsagt har debatten om nemndsystemet vore polarisert, og det kan ha ført til at ein har vore redd for å gå inn i saka. Difor har abortutvalet, som har henta inn kunnskap om nemndsystemet og kvinners erfaringar, vore viktig.

– Kva har vore dei største svakleikane med dagens lovverk, slik du ser det?

– Det er at nemndordninga har variert og ikkje har vore god nok i praksis. Og at det har vore lite ope korleis nemndene opererer. I tillegg: At kvinner ikkje har fått god noko informasjon, hjelp og oppfølging ved ein abort eller ved vurdering av abort. Men dette vert det no altså endringar på. Dessutan er det viktig at vi no også slår fast retten til å fullføre svangerskapet. Retten til sjølvsbestemt abort er viktig, men det er også kvinna sitt val om ein ønskjer å bere fram barnet sjølv om det vert påvist sjukdom.

– Gravide som vurderer abort, skal no få lovfesta rett til informasjon frå helsetenesta, men inga plikt til å ta imot informasjon. Ville det skada om det var obligatorisk?

– Det er sjeldan det er plikt til å ta imot informasjon frå helsetenesta, då skal det særlege grunnar til. Her er vi ved framlegget vårt om obligatorisk rettleiing ved fostertalsreduksjon igjen. Det har å gjere med at det inngrepet er spesialisert, og at ein må vere sikker på at kvinna og partnaren veit kva det går ut på, og risikoen ved det. Ein vanleg abort er ein annan type inngrep, der det viktigaste er at den som ønskjer og har behov for informasjon, får lovfesta rett til det, og at informasjonen er lett tilgjengeleg og objektiv og nøytral.

– De føreslår også lovfesta rett til oppfølgingssamtale for personar som har gått gjennom ein abort, men samstundes vert det slege fast at det ikkje gjeld ved spontane abortar. Kva er det for eit skilje?

– Loven i seg sjølv handlar om sjølvbestemt abort, ikkje om spontanabort. Så er det mange som opplever spontanabort som også treng oppfølging, og eg skal ikkje avvise at ein i framtida kan få ein slik lovfesta rett også der. Samstundes skal jo helsetenesta kunne yte hjelp og oppfølging ved behov, sjølv om det ikkje er ein lovfesta rett.

– Oppfølginga ved sjølvbestemt abort er føreslege til inntil to samtalar gratis, og det «kan ofte være behov for mer tid enn ved vanlige konsultasjoner på 20 minutter». Det kan bety to gonger 30 minutt. Er det nok?

– Det er svært sjeldan at ein frå helsestyresmaktene si side går inn og regulerer og antydar at det må brukast meir tid, så dette er både bra og ei tydeleg føring. I tillegg er det eit stort steg å lovfeste retten til oppfølging i seg sjølv.

– Ifølgje NRK ligg det an til fleirtal i Stortinget for 18-vekersgrensa. Har du håp om at det går å snu?

– Saka er ikkje avgjord. Det har vore stor støtte til 12-vekersgrensa i befolkninga, og no endrar vi også nemndene slik at loven vert betre. Eg har sagt at eg håpar stortingsfleirtalet støttar Sp sine dissensar, men eg er usikker på korleis det endar. Og eg har respekt for at det er ei vanskeleg etisk sak med ulike haldningar i fleire parti. Dette er uansett ei viktig verdisak som betyr mykje for meg.

Dette er ein litt utvida versjon av intervjuet med Kjersti Toppe som står på trykk i Dag og Tid nr. 35.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis