Samfunn
Tese 2
Med kontrarevolusjonen sin søkjer Trump II å sameine nasjonalistiske høgrepopulistar og eit konglomerat av meir eller mindre globale kapitalistar.
Rune Slagstad skriv på eit idépolitisk portrett av Noreg. Kvar veke prøver han ut ein tese frå arbeidet med boka.
Foto: Vidar Sandnes
Eit par veker før Donald Trump vart innsett som amerikansk president, rykte Steve Bannon ut med eit kraftig åtak på Elon Musk, som hadde støtta Trumps valmaskin med 3 milliardar kroner og no etablerte seg som ein nær rådgjevar med vide fullmakter med ansvar for «Department of Government Efficiency». Musk er, til liks med tek-oligarkane Peter Thiel og David Sacks, frå Sør-Afrika og tilhengar av «H-1B-visum», ei ordning som opnar for innvandring av kvalifisert arbeidskraft. Ifølgje Bannon burde Musk reise heim att til Sør-Afrika: «Kvifor lèt vi sørafrikanarar, kvite sørafrikanarar, som er dei mest rasistiske i heile verda, i det heile teke kommentere det som går føre seg i USA?»
Bannon var sjefstrateg for Trump under valkampen i 2016 og vart ein av dei næraste rådgjevarane i Det kvite huset, før dei to rauk uklar. Etter at Bannon i fjor hadde sona fengselsstraff for å nekte å samarbeide med dei som etterforska storminga av Kongressen 6. januar 2021, vart han teken inn att i varmen. Noko av det fyrste Trump gjorde som president, var å gje nåde til over 1500 kongresstormarar. Bannon er sentral i den høgreradikale Maga-rørsla, som visepresidenten, J.D. Vance, lenge har vore nær knytt til ideologisk. For dei er ein streng innvandringspolitikk eit hovudpunkt.
«Eg er leninist», har Bannon erklært: «Lenin ville knuse staten, og det er også mitt mål.» Bannon er ein høgreradikal leninist som trekkjer lina tilbake til Carl Schmitt, ein av dei viktigaste og mest urovekkjande høgreradikale rettsteoretikarane i mellomkrigstida. Som Schmitt vil Bannon ha ein sterk, høgreradikal stat.
Trump er omkransa av ein mangfelt ideologisk krins, ikkje berre høgreradikale nasjonalistar, men også nyliberale globalkapitalistar, som Amazon-grunnleggjaren Jeff Bezos, «libertarianaren» Dryden Brown – som vil kjøpe Grønland for å realisere sin utopi: høgteknologisk kapitalisme på ei øy – og ideologisk forvirra konvertittar som Elon Musk. Musk ynskjer seg ein omdanna stat som kan innfri den planetære draumen hans om å erobre verdsrommet, «å plante det amerikanske flagget på Mars» (Trump).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.