Politikk

Bergenspopulisten frå Nordfjord

– Vi lever i populismens tidsalder. Med perspektivet «folket mot eliten» vil populistane ta tilbake kontrollen over det nasjonale demokratiet, seier Rune Slagstad, som skal skriva ein serie med aktuelle tesar for Dag og Tid.

Teikning: May Linn Clement
Publisert Sist oppdatert

Rune Slagstad

Rune Slagstad er idéhistorikar, sosiolog og rettsteoretikar.

Slagstad skal skriva ein serie med idépolitiske tesar for Dag og Tid.

Ein tese er ein påstad eller ei læresetning som dannar grunnlaget for ein vitskapeleg studie.    

«Adelen som var formelt avskaffa i Noreg i 1821, har gjenoppstått som ein 'føretaksadel' og trivst godt under Støre», sa Rune Slagstad til dåverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum rett før jol. Han var invitert til å drøfta 13 tesar om norsk politikk med leiinga i Finansdepartementet.

No skriv han på eit idépolitisk portrett av Noreg. Disposisjonen er klar, men ikkje den endelege teksten.

– Det er når ein skriv, ein tenkjer. Skriving formidlar ikkje berre tankar, men formar og utviklar dei, seier Slagstad.

Populismens tidsalder

Dag og Tid-lesarane skal no få innsikt i skrivearbeidet hans. Kvar veke framover vil han presentera ein ny tese som skal utdjupast i boka.

– Kva er det du skriv om?

– Lenge trudde eg at eg skulle skriva om «sosialdemokratiets vekst og fall», som ei slags oppfølging av boka De nasjonale strateger. Det har eg forkasta. Temaet er det skrive nok om, også frå mi hand. Den nye boka vert ramma inn av det aktuelle, det eg kallar «populismens tidsalder», som gjer seg gjeldande i den vestlege verda i dag, i Noreg òg.

– De nasjonale strateger var ein analyse av norske elitestrategar som forma den moderne norske staten. Korleis vil den nye boka skilja seg frå denne tilnærminga?

– Eg vil fyrst prøva å skissera den aktuelle internasjonale populistiske verda, med høgrepopulistisk dominans. Til slutt vil eg diskutera om «venstrepopulismen», eventuelt i ein liberalt lutra versjon, er eit aktuelt alternativ. I Noreg har vi jo ein demokratisk-populistisk tradisjon tilbake til slutten av 1800-talet. Imellom der skal eg drøfta dei verdiane som har forma det moderne Noreg. Det gjeld sjølvsagt òg dei verdiane som har prega det lenge statsberande Arbeidarpartiet. Men også autoritetsberande institusjonar som kyrkja og kongehuset. Konfliktlina mellom arbeid og kapital som dominerte den sosialdemokratiske ordenen, er der framleis, men i tillegg kjem konfliktar av «identitetspolitisk» karakter, som kjønn, religion og etnisitet. Og, ikkje minst i norsk samanheng, sentrum–periferi-dimensjonen.

Hadde eg vore fødd i embetsmannsstaten, ville eg vore medlem av Vestmannalaget, det fyrste mållaget i Noreg.

Rune Slagstad

– På 1970-talet var det mange som kalla seg populistar, som Ottar Brox på venstresida og Anders Lange på høgresida. Begge meinte dei representerte vanlege folk. Men i dag vert populisme sett på som ein nedlatande merkelapp?

– I dei nyliberale tiåra frå slutten av 1980-talet høyrde vi at det var dei økonomiske lovene som styrte. Med den populistiske revolten har politikken vendt tilbake. Det er ei påminning om at samfunnet framleis har eit sentrum i det politiske, i det minste kan det ha det.

– Kva sentrale verdiar meiner du populismen står for?

– Ein kortformel kan vera denne: Populismen er ein reaksjon på eit demokrati som ikkje innfrir lovnadene sine. «Tilhøyrsle» er ein viktig verdi i populismen. Difor vert nasjonen på nytt viktig. Med perspektivet «folket mot eliten» vil populistane ta tilbake kontrollen over det nasjonale demokratiet. Dette var grunnleggjande for den norske EU-striden, med opposisjonen mot fjerndemokratiet. Det er Oslo som ligger avsides er tittelen på SV-aren Torild Skards venstrepopulistiske pamflett frå 1974. Brussel er endå fjernare. I den populistiske retorikken vert «folket» mobilisert mot «eliten». Det gjeld òg i den litt paradoksale varianten når den liberalt sosialdemokratiserte statsministeren Jonas Gahr Støre melder at «nå er det vanlige folks tur».

– Du ser i populismen ei reaktualisering av det politiske. Kvar står du politisk? Er du framleis SV-ar?

– Ikkje sidan det førre hundreåret. Eg er venstreradikal, men konservativ. Eg sympatiserer med det kulturradikale oppbrotet på 1960-talet, ikkje minst drive fram av den nye kvinnerørsla, mot knugande institusjonelle ordningar. Det har gjeve ei verdfull forståing, ei anerkjenning av det som er annleis, det avvikande og det mangfaldige. Samstundes har det mellom venstreradikale vore ei sviktande forståing for tradisjon og symbol, og i det heile den eksistensielle rolla som rituala har.

– Tek du imot innspel frå lesarane på tesane dine?

– Eg vert glad for motstand og tek gjerne imot kritikk. Eg vil lesa alle tilbakemeldingane, men kan ikkje lova anna enn å takka for innspela.

Nynorsk opphav

At riksmålsmannen Slagstad no skal skriva fast i Dag og Tid, er ikkje heilt uventa. Slagstad har vore positiv til Dag og Tid. Då han og Francis Sejersted i 2002 tok initiativet til at Fritt Ord vart hovudaksjonær i Morgenbladet og investerte pengar i drifta, ville Slagstad at Dag og Tid skulle slå seg saman med avisa – «Morgenbladet – hvori opptatt Dag og Tid». Motytinga var at nynorsken skulle vera likestilt som redaksjonsspråk. Styret i Dag og Tid takka høfleg nei.

Og hadde ting gått litt annleis, kunne han ha enda som nynorsking. For det har vore mykje nynorsk i slekta. Faren skreiv nynorsk i skulen og song Blix-salmar i Vereide kyrkje som konfirmant. Han skreiv nynorsk livet ut.

Faren var frå Mattisbruket på garden Slagstad i Gloppen kommune, som ligg lageleg til på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. Gloppen vart tidleg med i målrørsla og skipa mållag i 1905. Same år vart Blix-salmane innførte i Gloppen-kyrkjene, og etter kvart fekk kommunen to mållag og ti ungdomslag.

Så i utgangspunktet låg alt til rette. Men faren, og mora frå Tromsø, flytta til Bergen. Så der rauk nynorsken for den unge Slagstad. No kunne han sjølvsagt ha skrive nynorsk likevel. For at han er bergensar, er eigenleg feil. Ja, han er fødd i Bergen, men voks opp i gamle Fana kommune, der 32 prosent av elevane skreiv nynorsk i 1945. 

Men det glapp med nokre kilometer. Der Rune budde på Grønnestølen, nytta skulekrinsen bokmål. Det næraste han kom nynorsken som skulegut, var som avisbod frå 8 til 14 års alder, for Dagen, med Arthur Berg som redaktør. Men nokre år seinare opna ein ny sjanse seg.

Eg vert glad for motstand og tek gjerne imot kritikk.

Rune Slagstad

– Som gymnasiast ville eg gå på Hordaland fylkeskommunale gymnas i Fosswinckels gate i Bergen sentrum. Det var eit toårig gymnas, opphavleg skipa av Vestlandske Mållag som ein privat mellomskule, og med nynorsk som undervisingsspråk.

Men han fekk nei frå foreldra. Undervisinga var på kvelden, så i staden vart det Katedralskulen, Katten, og ikkje nynorsk, men latin og gresk.

– Hadde eg vore fødd i embetsmannsstaten i 1845 og ikkje like før framveksten av arbeidarpartistaten, ville eg som den radikale ungdomen med konservative grunndrag eg var, vore medlem av Vestmannalaget i Bergen, det fyrste mållaget i Noreg, skipa i 1868.

Då ville han ha funne likesinna i byborgarskapet i Bergen. Som bokhandlar Beyer og konsul Krohn, kjøpmann Herman Friele, lektor og tinderanglar Emanuel Mohn – og Edvard Grieg. Vestmannalaget var ikkje kva som helst. Bjørnstjerne Bjørnson, som var teatersjef for Det Norske Theater frå 1857 til 1859, meinte at "Dannelsen udgaar fra Vestmannalaget". Dette var før han vart riksmålsmann og aktivt motarbeidde landsmålet.

No vart Slagstad i staden medlem av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, ein bastion for riksmålet. Men det er nye tider og skiftande frontar. To av Akademiets presesar har vore fast skribent i Dag og Tid, Asbjørn Aarnes og Lars Roar Langslet.

– Korleis står det til med nynorsken din? Sender du tesane på nynorsk?

– Det står ikkje på viljen, men det er jo ikkje mitt språk, same om eg slektar frå Gloppen. Og eg skriv jo boka og tesane på riksmål. Men son min, Richard, skal hjelpa til med omsetjinga. Han er russ og skal ta eksamen til våren. Så no får han god trening.

– Du er ikkje lett å omsetja. Riksmålet ditt har tydelege innslag av tysk syntaks med innskotne leddsetningar, passive konstruksjonar og mykje bruk av modale hjelpeverb, substantiv og genitivar.

– De har jo gode korrekturlesarar. Ein av dei er til og med frå Nordfjord.

– Ja, han har lova å syta for at nynorsken din får ein Gloppen-dåm.

I Gloppen seier dei bruna for brua og jønå for gjennom, medan sjuande vert sjønde. Så Gloppen-dialekten tilseier ei tradisjonell vestnorsk nynorsknorm – altså «fyrst», ikkje «først»; «gje» og ikkje «gi»; «hine» for «dei andre»; éin konsonant i ord som vener og velkomen. Dessutan e-infinitiv og ein j i verb som leggje og tenkje.

Publisisten

– Forresten, eg må få gratulera deg med dagen i morgon.

– Takk!

Dagen før han rundar 80, må ein kunna gje han litt nøktern ros. Ein ting er bøkene, men innsatsen hans som publisist er òg verd å nemna. Særleg arbeidet med Pax Leksikon i seks band som kom ut i 1978–1981; bokserien Det Blå Bibliotek på 1980- og 1990-talet med til saman 42 bøker – og som redaktør saman med Sejersted, Skjervheim og Østerud av Nytt Norsk Tidsskrift frå 1984 til 2009.

Alle som har vore borti ordbok- og leksikonarbeid, veit kor krevjande det er å få fullført slike verk. Når ein ferdig med bokstaven s, som har flest oppslag, er det lett å gje opp av utmatting. 

Det var sju redaktørar av verket. Slagstad var den som arbeidde fulltid med leksikonet, avløyst av Irene Iversen. Dei over 550 skribentane skreiv utan honorar.

– At dei ikkje fekk honorar, gjorde at m-l-arane boikotta verket. Dei meinte det var utbytting av akademisk arbeidskraft. Eg angrar på éin ting, nemleg at eg refuserte artikkelen til Johan Galtung om Arne Næss, «Det norske overmennesket», som Galtung kalla han. Næss kunne alt: Han var filosof, spela Bach på klaver, klatra til topps i Himalaya – og på fasaden i 9. etasje på HF-bygget på Blindern. I staden skreiv eg eit keisamt, positivismekritisk portrett av Næss.

– Når vi no er i gang, skal du òg ha ros for at du har skrive så mykje på norsk. Du tilhøyrer såleis ein stadig mindre, verneverdig flokk av humaniora- og samfunnsvitarar. Dei fleste av dei skriv no på engelsk i internasjonale tidsskrift lesne av ei snever faggruppe.

– Eg er driven av fedrelandskjærleik. Kanskje er eg, når alt kjem til alt, ein populist.