Politisk idéhistorie
Tese 9
Sverdrup sala – Gerhardsen reid.
Statsminister Einar Gerhardsen i 1956 bak rattet til bilen av merket Pobeda GAZ-12 ZIM, med drygt 90 hestekrefter, som han fekk i gåve under ei vitjing i Sovjet året før.
Foto: NTB
Den sentrale verdien for sosialdemokratiet har vore likskap. Grev Wedel hadde alt i 1809 mint om at Noreg var eit land nesten utan adel, og det vesle vi hadde, «maa enten finde sig i at blive Mennesker ligesom deres Medborgere eller flytte til andre Steder som mere passe for deres ophøiede Natur». Wedel ville skape eit «Frihedens Tempel i Norden» – ei fri forfatning, basert på «Repræsentation efter Lighedens Grundsætninger», og framskunde «det lykkelige Øieblik da man kan tale som Mand i Stedet for at hviske i Krogene».
Det var verdien likskap som bar 1814-grunnlova: éin person, éi røyst. Denne grunnlova inngjekk i det historikaren Reinhart Koselleck har kalla demokratiets «salingstid» i Europa omkring 1800. Omgrep som likskap, fridom og revolusjon fekk eit nytt, «historisert» innhald, knytt til framtid og framsteg. Historie var ikkje berre historier – historie vart historie.
Så snart Venstre-leiaren Johan Sverdrup kom til makta i 1884, tok han tre tunge, demokratiserande initiativ. Det eine var å sikre det demokratiske grunnlaget for folkestyret ved folkeskulelova i 1889. Det andre var strafferettsreformene: ein demokratisert strafferett med juryordninga i 1887 og straffelova av 1902. Det tredje var å setje ned ein arbeidarkommisjon: «de ubemidlede klasser» skulle gjevast rettsleg vern i den nye marknadsøkonomien (fabrikktilsynslovene i 1892 og 1909 og «normalarbeidsdagen» i 1915).
Det var ein samanheng mellom desse initiativa i dei fyrste tiåra av venstrestaten (1884–1940). Samfunnsborgarane hadde lik status, ettersom ein føresette at kvar einskild hadde lik rett til å ta del i politikk og rettsliv. Ei felles utdanning skulle oppsede innbyggjarane til å verte veljarar i folkestyret, og juryordninga skulle sikre at borgarane vart dømde av likemenn. Det tredje reforminitiativet skulle kompensere ulikskap i ein ekspanderande marknadsøkonomi. Alle tre gjaldt likskap, men i ein utvida versjon som peikte fram mot sosialdemokratiet og institusjonaliseringa av den sosiale likskapstanken.
I arbeidarpartistaten (1945–1981) vart det etablert ei eigenarta sosialdemokratisk samfunnsform: ein rettsleg og institusjonelt tamd kapitalisme i kombinasjon med ein ekspansiv velferdsstat som skjerma helse og utdanning mot marknaden. Venstrestaten var salingstida til arbeidarpartistaten: Sverdrup sala, og Gerhardsen reid – eit lokalt døme på det Hegel kalla «verdsånda til hest».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.